Hopp til innhold

Ber om toppmøte om Mannen

Ordføraren i Rauma ynskjer eit møte med NVE og Olje- og energidepartementet om det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen. Flytting av bebuarane kan bli eitt av tema.

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, ved Mannen på Horgheim

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, seier at nokre av bebuarane seier dei ynskjer å bli buande.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I helga vart det igjen dramatikk rundt det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen i Rauma. På grunn av mykje nedbør auka bevegelsane i fjellet og faren for skred var så stor at dei ni bebuarane måtte evakuere.

Måndag stoppa nedbøren og NVE meinte det var trygt at dei evakuerte fekk flytte heim. I fjor vart bebuarane evakuerte i fleire veker.

LES OGSÅ:

Vil bli buande

No har Rauma kommune bede NVE og Olje og Energidepartementet om eit møte.

– Vi vil diskutere korleis vi skal behandle situasjonen for dei som bur ved Mannen. Møtet handlar ikkje konkret om fråflytting, for vi held alle moglegheiter opne, seier Hustad.

Ordføraren vil ikkje uttale seg om kor aktuelt det er å flytte dei som bur under det rasfarlege fjellet.

– Det vil eg ikkje ta stilling til. Vi veit ikkje om det er mogleg i det heile tatt og nokre av dei som bur der uttrykker at dei vil bli buande. Vi må ta ei skikkeleg runde med dei råka før vi diskuterer det i media, seier Hustad.

Direktør Anne Britt Leifseth i NVE.

Anne Britt Leifseth i NVE seier at det er bebuarane og Rauma kommune som må diskutere kva dei kan leve med.

Foto: NRK

Kan få tilskot

NVE har nyleg bestemt at eit område i Manndalen i Nord-Troms må fråflyttast på grunn av at skredvernet ikkje held mål og rasfaren er stor. Avdelingsdirektør for skred og vassdrag i NVE, Anne Britt Leifseth, seier at i Rauma er det opp til bebuarane sjølve og kommunen å finne ut kva dei kan leve med.

– Eg har stor sympati for dei som stadig må flytte fram og tilbake og forstår at det er ein belastande situasjon. Vi får diskutere det når ordføraren kjem til Oslo, seier Leifseth.

NVE har ei ordning der kommunen søkjer tilskot til riving av hus og flytting av bebuarane.

– I Rauma kan det jo hende at situasjonen blir avklart. Vi får sjå korleis dette utviklar seg, seier Leifseth.

Det er enno ikkje fastsett ein dato for møtet.

"Dagkamera"