Politi og sivilforsvar er igjen på plass på Horgheim i Rauma etter at farenivået for ras frå fjellet Mannen i går vart heva til raudt, som er det høgste farenivået for ras. Folk og dyr er evakuerte frå området.
Regnar kraftig
Det har vore kraftige regnbyger i området i natt, og det er nedbør som gjer at rørslene i fjellet har auka siste tida. Innsatsleiar Vebjørn Bale i Nordmøre og Romsdal politidistrikt stadfestar at det har vore fleire steinsprang frå fjellet i natt.
– Det har vore ei forholdsvis roleg natt, men vi har høyrt det har rulla stein i fjellet, seier han.
Beredskapsmøte i dag
Både Rauma kommune og Møre og Romsdal fylke skal ha beredskapsmøte i dag.
– Evakueringa i går gikk veldig bra, takka vere ein kjempeinnsats frå dei som måtte evakuere fekk vi både folk og dyr ut av området raskt. No er det berre veret og utviklinga i fjellet som avgjer kva som skal skje vidare i området, seier ordførar Lars Olav Hustad til NRK.