Hopp til innhold

– Vi håper at Mannen rasar så vi kan bu her

Gunn og Anita Valstad Sogge var letta då dei i dag fekk flytte tilbake til garden, som ligg under det rasfarlege fjellet Mannen. Dei reknar med at dei må dra på kort varsel igjen.

Dei evakuerte fekk i dag flytte tilbake til husa sine, etter at det ikkje lenger er stor fare for eit skred frå Mannen. Natt til laurdag blei det målt rekordstore rørsler i fjellet, men no er altså faren truleg over for denne gong

VIDEO: Gunn Valstad Sogge og Anita Valstad Sogge er glade for at dei fekk flytte heim i dag.

Fredag kveld vart ni bebuarar evakuerte etter at måleinstrumenta til NVE viste faretrugande store bevegelsar ved eit fjellparti på Mannen i Rauma.

Gjennom heile helga har regnet hølja ned og bevegelsane i fjellet har auka. Søndag kveld såg ein teikna til at det skulle roe seg. I dag justerte NVE ned farenivået i den rasutsette delen av fjellpartiet Mannen og dei evakuerte fekk flytte heim.

LES OGSÅ:

– Travelt å leve slik

På garden til Gunn Valstad Sogge rår det reine idyllen i solskinet.

– Vi er letta over å kome tilbake til garden i dag, men vi reknar med at vi må evakuere igjen når veret endrar seg, seier Sogge.

Ho håper at fjellpartiet skal rase, slik at den usikre tilværet kan ta slutt.

– Vi håper fjellet kjem, så vi kan bli ferdige med dette. I lengda er det travelt å leve slik. Det er ein stressituasjon for alle, seier Gunn Valstad Sogge.

Vil ikkje flytte

Mannen måndag 21. september

Måndag justerte NVE ned farenivået i den rasutsette delen av fjellpartiet Mannen og dei evakuerte fekk flytte heim.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Ho har budd på garden i snart 30 år og familien har lagt ned mykje arbeid her. Tanken på å flytte frå garden, har streifa dei.

– Vi har byrja å tenke på at vi kanskje må flytte ein gong, men det er ikkje det vi ynskjer. Vi har omtrent bygt opp garden frå grunnen, seier Sogge.

Dei har ca 400 sauer på garden. På andre sida av vegen har sauene beredskapsfjøs og fredag brukte familien heile kvelden for å få sauene i tryggleik.

– Vi er vant til steinsprang og ras, men dette er eit stress i kvardagen, seier Sogge.

Faren er mindre

Slik sjefgeolog Lars Harald Blikra ser det er det ikkje fare for at farenivået blir oppjustert med det første.

– Det er ikkje akutt fare for at det skulle skje noko no. Bevegelsane går ned og det er ingen teikn på at det skal auke før vi før ny påverknad frå nedbør, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL