Ifølge Mattilsynet har lusesituasjonen aldri vore meir dramatisk enn no.
I fleire anlegg på Nordmøre og i Romsdal er situasjonen så alvorleg at dei har fått pålegg om nedslakting av fisken, noko som fører til store økonomiske ulemper for oppdrettarane.
Espen Farstad i Norges Jeger og Fiskeforbund ser positivt på pålegga frå Mattilsynet.
– Vi er glade for at Mattilsynet no er litt harde i klypa i forhold til å ta fatt i situasjonen. Det er dei som skal gripe inn. Men på sikt treng vi hardare politisk styring – eit hardare grep rundt heile verksemda, seier Farstad.
– Dramatisk
Farstad meiner det er avgjerande med ei sterkare politisk styring.
– Når Mattilsynet dokumenterer opp til tjue gonger så mykje lus som det skal vere på enkeltfisk i oppdrettsanlegga betyr det at situasjonen er svært dramatisk, seier Farstad.
Norges Jeger- og Fiskeforbund hadde i helga landsmøte. Der vart ulike løysingar på problemet diskutert.
Farstad understrekar at tette anlegg vil vere effektivt.
– Vi konkluderer med verksemda må inn i lukka løysingar som eliminerer lakselusa som eit problem for naturen rundt. Slik det er no er merdane opne i sjøen og det lek lakselus frå oppdrettsfisken og ut til den ville fisken.
Farstad seier at når lakselusa påverkar den ville fisken må ein fysisk lage barrierar mellom industriproduksjonen på innsida og naturen på utsida.
Konsekvensane
Pål Mugaas i Norske Lakseelver er redd lusa vil drepe store mengder frisk villfisk viss det ikkje blir sett i gang sikrare løysingar. Ifølge Farstad er mengda villaks og sjøørret betydeleg redusert på grunn av lusa.
- Les også:
- Les også:
– Den type avlusing som oppdrettarane no brukar er ikkje nok. Det er blant anna fordi lusa har begynt å bli resistent. Vi ser ingen anna utveg enn å få næringa inn i lukka anlegg, seier Mugaas.
– Den oppdrettsverksemda vi driv med i dag er ikkje miljømessig berekraftig, og der er ein føresetnad, seier Farstad.
NRK har ikkje lukkast med å få tak i oppdrettarane i fylket som har blitt pålagt å slakte store mengder laks.