Hopp til innhold

Sjå dei villaste Spelemann-klippa

Gråtkvalt Maria Mena, Plumbo-vokalisten som får ein drink å hovudet og takling av Bjørn Eidsvåg. Sjå dei villaste frå Spellemann her.

Spellemann høydepunkter

HØGDEPUNKT: Her får du fem minutt med alt frå ei takling og slenging av Bjørn Eidsvåg opp på scena til ei Maria Mena som gråtkvalt fortel ho ikkje har med seg ekstra sminke til takketalar som er så lange at scenelyset blir skrudd av. Nyt fem minutt med Spellemann. Videomontasje: Eyeworks Dinamo/Spellemann.

Spellemannprisen kan du sjå direkte på NRK1 kl. 19:55 og utover i kveld. Då kårar norsk platebransje dei beste artistane, songane og albuma frå i fjor.

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge har på mange av utdelingane av Spellemann og ikkje minst festane etterpå dei siste 15 åra.

Frå showet i år så forventar han ei lita fornying av Spellemann:

– Eg forventar at Spellemann satsar ungt og friskt, inspirert av P3 Gull som kom for to år sidan. Det vil bli mykje lausare snipp under showet med ståande publikum blant anna. Vi får sjå fleire nye artistar, som til dømes bandet No. 4, sier Bugge.

Musikksjefen understrekar at prisen ikkje har like høg standard som då den samla eit heilt folk, men at Spellemann likevel kan vere eit springbrett for unge artistar.

– Både medier og spesielt yngre er mindre interessert i prisen fordi det er så stort tilfang av andre prisar i en global verden. Spellemann kan ha stor effekt for unge uetablerte artistar, noe Monica Heldal fekk oppleve ifjor.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters