Hopp til innhold

USAs ambassadør: Trump må ta sin del av ansvaret for polariseringa

Amerikanarane har vore gjennom ein svært tilspissa valkamp. USAs ambassadør til Noreg håpar at president Trump spør seg sjølv, «kva betyr måten eg kommuniserer på?».

USAs ambassadøren til Noreg, Kenneth Braithwaite,

AMBASSADØR: Kenneth Braithwaite starta i jobben som USAs ambassadør til Noreg i februar i år.

Foto: NRK

Det er ikkje berre verbalt at valkampen har vore tilspissa. Politikarar har fått brevbomber i posten, og 11 menneske vart skotne og drepne i ei synagoge i Pittsburgh i Pennsylvania.

Mange meiner president Trump har gjort lite for å stanse hatkriminalitet, som har auka kraftig i tida han har vore president. Han er også blitt kritisert for at retorikken han brukar er med på å splitte amerikanarane.

– Trump har eit ansvar

USAs ambassadøren til Noreg, Kenneth Braithwaite, seier at USA lenge har vore splitta. Han peikar opp at dette går langt tilbake i tid, lenge før Trump tok over som president. Samtidig er han tydeleg på at Trump må ta sin del av ansvaret.

– Sjølvsagt. Presidenten er leiaren for den frie verda, og for landet vårt, og han har eit ansvar for måten han kommuniserer på, seier Braithwaite.

Donald Trump

Donald Trump har kome med fleire utspel som har sett sinna i kok i USA. Ambassadøren til Noreg meiner Trump må tenkjer gjennom korleis han kommuniserer.

Foto: Jeff Roberson / AP

Samtidig forsvarar ambassadøren presidenten, med å seie at Trump er frå New York, der folk er veldig direkte.

– Ein er rask til å ta av seg boksehanskane, for ein er så engasjert. Det er stilen hans, seier Braithwaite, og peikar på at det er denne stilen det amerikanske folk ville ha då dei stemde fram Trump som president i 2016.

– Sjølv om ein er usamd i kommunikasjonsform og ordbruk, som eg kan vere, så får han ting gjort. På måtar ingen annan president i nyare tid har klart.

Splittande ordbruk

Fleire av utsegna frå Trump har skapt kraftige reaksjonar hos veljarane. Han har kalla dei politiske motstandarane sine for «kjeltringar», og har omtalt migrantane som er på veg mot USA for både «farlege» og «kriminelle».

Braithwaite seier at Trump prøver å formidle med korte overskrifter.

– Merkelappar han set på folk er baserte på det han føler vil engasjere veljarane. Og det er nok det ein ser, når alt kjem til alt, oppfattar ikkje folk alt. Dei hugsar berre det eine vesle sitatet.

Laster Twitter-innhold

Braithwaite håpar likevel at Trump også spør seg sjølv, «kva betyr måten eg kommuniserer på?».

– Men målet hans er å vinne. Han har handtert dette sånn som han har handtert alle forretningane sine, for å vinne.

Måndag, kvelden før mellomvalet, kom Trump med ei sjeldan vedkjenning. På spørsmål om det er noko han angrar på, eller ville gjort annleis, i løpet av sine to første år som president, beklaga han at han ikkje har brukt ein «mildare» tone.

Skuldar på media

Dagen etter at fleire demokratar fekk brevbomber i posten, skreiv Trump på Twitter at media hadde skulda for mykje av sinne som har oppstått.

Dette fekk tidlegare direktør for CIA, John Brennan, til å reagerer. Han er blant dei som hadde fått ei bombe i posten, og svarte Trump ved å skrive «slutt å skuld på andre», og «sjå i spegelen».

Laster Twitter-innhold

I løpet av valkampen har også tidlegare president i USA, Barack Obama kome på bana igjen. Han har kritisert Trump, og sagt at amerikansk politikk har utvikla seg i ei retning som utfordrar dei demokratiske verdiane i landet.

Fleire kompromiss

Braithwaite vil ikkje spå utfallet av valet, men seier at dersom demokratane får fleirtal i Representanthuset, kjem ein til å få sjå fleire kompromiss.

– Som til dømes innvandringslova, som absolutt bør endrast. Det blir truleg ikkje gjort.

Dermed trur han at dette blir utsett til presidentvalet i 2020, og at det bli eit av dei store temaa i den neste valkampen.

SISTE NYTT

Siste nytt