Hopp til innhold

Lagar dokumentar om«tyskartøs»-internering

Etter freden i1945 vart fleire tusen norske jenter som hadde hatt eit forhold til tyske soldatar plassert i ein interneringsleir på Hovedøya. No kjem dokumentaren om denne lite omtalte delen av krigshistoria.

Video Hovedøya

Sjå innslaget frå Filmavisen i 1945, om interneringsleiren på Hovedøya.

Etter å ha fått avslag i to år, har journalist Lena-Christin Kalle endeleg fått innsyn i dokument som fortel dystre historier fra etterkrigsåra.

Jeg kjenner til at hun er angiver, tysk tolk, tysk madrass med en tysk unge. Politiet har fått anmeldelse på henne, og enda går hun løs. Hvem skal ha politiets beskyttelse - nazister, angivere og landssvikere, eller vi jøssinger?

naboar av ei 20-årig kvinne på Vålerenga / i eit brev datert 1945

– Det er heilt openbert, at naboane vil ha denne kvinna sett bak lås og slå, seier journalist Lena-Christin Kalle.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

1200 internerte kvinner

Spor etter grunnmur fra interneringsleir

Leiren er riven for lenge sidan, men ein kan framleis sjå spor av grunnmuren.

Foto: Lena-Christin Kalle

Og naboane fekk det som dei ville, kvinna vart interert på Statens interneringsleir for kvinner på Hovedøya i Oslofjorden. Justisdepartementet gav samtykke til at kvinna kunne plasserast i leiren i opptil 90 dagar.

– Denne kvinna var tiltalt for tyskartrafikk, og ho vart internert 9. oktober 1945.

Vinteren 1945 sat det 1200 kvinner i leiren på Hovedøya. Men dette finn ein ingen informasjon om på Hovedøya i dag.

– Det er ein viktig del av vår historie, eg synest det er rart, seier Kalle.

Helsedirektoratet i samarbeid med Oslo helseråd og politiet, som har sett seg i spissen for dette utmerka tiltaket. Det er meininga å plassere godt og vel 2000 tyskerjenter av alle kategorier i denne leiren.

frå innslag om leiren i Filmavisen

Måtte kjempe for innsyn

Lena-Christin Kalle

Lena-Christin Kalle skal lage dokumentar om leiren på Hovedøya.

Foto: Privat

Etter å ha sett eit kunstprosjekt om leiren på Hovedøya for eit par år sidan, fatta journalist Lena-Christin Kalle interesse for historia.

– Eg kontakta Riksarkivet for å få innsyn i Hovedøya-arkivet. Då fekk eg beskjed om at desse arkiva var klausulerte i 60 år til.

Men etter førespurnader til mange ulike departement har ho endeleg fått innsyn i dokumenta. No sit ho med store mengder materiale som fortel korleis personar, som den unge kvinna frå Vålerenga, opplevde etterkrigstida.

Skulda på kjønnssjukdommar

Tiltaket må først og fremst sjåast som ledd i kampen mot kjønnssjukdommane, fordi ein reknar med at om lag 75 prosent er smittefarlege.

frå innslag om leiren i Filmavisen

I realiteten var det om lag 20 prosent av dei internerte kvinnene som hadde kjønnssjukdommar. Den eigentlege grunnen var om noko heilt anna.

– Det var eit veldig sterkt ynske og krav blant folk om å om å straffe desse kvinnene, og desse kjenslene vart langt på veg delt av styresmaktene, seier historikar Terje A. Pedersen.

– Desse kvinnene var dei einaste som ikkje fekk ei rettssak, eg synest ikkje det er ein rettsstat som Noreg verdig, seier Lena-Christin Kalle.

– Bra med meir merksemd

Helle Aarnes

Helle Aarnes har skrive bok om tyskerjentene.

Foto: Lillebø, Jan M. / Lillebø, Jan M.

Historikar og journalist, Helle Aarnes har skrive ein serie artiklar om tyskarjentene i Bergens Tidende, og også boka Tyskerjentene, historiene vi aldri ble fortalt .

Ho synest det er bra at den no kjem ein dokumentar om interneringa av kvinnene på Hovedøya.

– Dette er sensitive historier, men det er av det gode at dei no opnar arkivet. Kunnskap er alltid av det gode.

Kvinnene som fekk barn med tyske soldatar har sett pris på å få snakke om denne perioden, fortel Helle Aarnes, som har intervjua mange av dei.

– Vi veit så lite om dei, dei vert ofte framstilt som prostituerte og angivarar. Det fanst nok også, men dei aller fleste var heilt vanlege jenter.

Justisdepartementet ynskte ikkje å uttale seg om denne saka til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.