Hopp til innhold

Nobel-aktuelle Kygo: Torte ikkje spele på skuleavslutning

Artisten Kygo vil bli sett av sjåarar i 100 land under Nobelkonserten fredag. Men han har ikkje alltid likt eit stort publikum. Sjå intervjuet der verdsartisten fortel korfor han aldri torte å spele på skuleavslutninga.

EIN MILLIARD SPELINGAR: Sjå videointervjuet med Kygo her der han fortel om suksessen og det å spele på Nobels fredspriskonsert. Reporter: Christian Ingebrethsen. Foto/redigering: Jorunn Hatling.

Fredag skal artistar frå heile verda hylle fredsprisvinnarane frå Tunisia. Kygo, som eigentleg heiter Kyrre Gørvell-Dahll, får med seg sambygding Kurt Nilsen og skal blant anna framføre den globale hiten «Firestone»:

Prisvinnarane

VINNARANE: Vinnarane av fredsprisen i 2015 er kjent som Den tunisiske dialogkvartetten. Ein arbeidsgjevar-organisasjon, ein arbeidstakarorganisasjon, ein menneskerettsorganisasjon og ei advokatforeining vann prisen for ein fredeleg overgang frå revolusjon til demokrati.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Når det er så mykje uro i verda, er det viktig å ha ei ekstra markering for organisasjonar og menneske som gjer ein ekstra innsats for fred, seier EDM-artisten til NRK. Nobels fredspriskonsert vil bli sendt i over hundre land og sett av fleire hundre millionar.

Store tal og massevis av publikum er noko Kygo har blitt vant til i det siste. Songane til musikaren har blitt spela over ein milliard gonger på Spotify:

– Ein milliard høyrest heilt sinnssjukt og er vanskeleg å ta inn over seg. Det er heilt utruleg å tenkje på at så mange har høyrt på musikken.

(Saka fortset under videoen)

Nobels fredsprisvinnerne møter fakkeltoget

HYLLA VINNARANE: Kygo spela torsdag kveld utanfor Grand Hotell i Oslo då vinnarane blei hylla av fakkeltoget.

– Verdsstjerne som blir kopiert av Justin Bieber

Musikksjef i P3, Mats Borch Bugge, slår fast at Kygo no har blitt ei global stjerne:

– No er han verdsstjerne. Han har på ein måte blitt ambassadør for ein sound som har etablert seg veldig sterkt i Norge og internasjonalt. Han lagar musikk som appellerer til mange og som er lett å høyre på. Musikken blir kalla tropisk house, fortel musikksjefen og legg til:

– Stjerner som Justin Bieber kopierer Kygo og det han gjer no. Det er interessant. Samtidig vil han måtte fornye seg og musikken skal han framleis vere viktig, seier P3-musikksjef Mats Borch Bugge.

Fredag står Kygo på scena i Telenor arena saman med Kurt Nilsen.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters