– Eg er overvelda og synest det er veldig kult at songen vår blir spelt av Joe Biden i ein slik historisk augneblink, skriv Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjent som artisten «Kygo» til NRK.
«Higher love» fekk æra av å avslutte nattas feiring av den 46. amerikanske presidenten.
Songen blei ein stor hit då Steve Winwood gav den ut i 1986. Men det er Whitney Houston-versjonen frå 1990 Kygo har remixa.
– Når eg lagar musikk ønsker eg at den skal glede og gjerne skape håp for ei betre framtid. For meg er det ei ære viss «Higher Love» kan vere med å bidra til dette, seier artisten.
OVERVELDA: Kyrre Gørvell-Dahll seier han er overvelda over at låten hans blei spelt under presidentfeiringa.
Foto: ReutersVekker merksemd
Låtvalet har vekt engasjement i sosiale medium. Fleire har lagt merke til at musikken til bergensartisten blei spelt under presidentfeiringa, mellom dei artistkollega Sondre Lerche:
Kygo skal ha vore førstevalet til å remikse Whitney Hustons versjon av «Higher Love». Det har falle i smak hos fleire.
– Slo meg ikkje før i natt kor stor Kygo faktisk er. Joe Biden går av scena mens ein av songane hans blir spelt for fullt, skriv ein twitterbrukar.
– Biden diggar openbert Kygo, meiner ein annan.
Lurte på om det var ein spøk
– Dei såg etter den rette produksjonen for låten, då lurte eg på om dette var ein spøk, sa Kygo då.
– Eg trur jo absolutt å få laga remiksar av låtane er ein bra måte å blåse litt nytt liv i låten og kanskje no ut til eit yngre publikum. Så det kan jo vere fleire andre artistar kjem til å gjere det same.