Hopp til innhold

Motedronninga Wenche Foss

Wenche Foss var ikkje berre kjent for sine rolletolkingar og sitt engasjement, men også for sin stilsans. Norske moteredaktørar hyllar moteikonet.

Wenche Foss sovna stille inn måndag denne veka. Teaterdivaen vert hylla for sine mange rolletolkingar, sin personlegdom og sitt samfunnsengasjement.

Les: Kultur-Norge sørger over Wenche Foss - slik husker de henne

Ho var også kjent for sine plettfrie antrekk og sin glamorøse stil. Pels, eksklusive smykker, golvlange kjolar og dei lyse Hollywood-krøllane vekte oppsikt i eit elles motefattig land.

Wenche Foss

Som ein ekte teaterdiva kledde Foss seg ofte i hatt. Her med stor stråhatt, polkadott-skjorte, brosje og smykke. Oslo, 1950.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Norske moteredaktørar er samstemde i at Foss var ei motedronning.

– Wenche Foss var ein ekte diva og alltid velkledd. Ho hadde mange skattar i skapet, var feminin og glamorøs, seier Elle-redaktør Signy Fardal.

Tok mote på alvor

Fardal trur Foss inspirerte norske kvinner også i klesvegen.

– Ho var ei foregangskvinne når det gjaldt å ta mote på alvor. Ho var ikkje redd for å pynte seg, ho var lekker og elegant, alltid, seier Fardal.

På spørsmål om kva spesielle designarar ho brukte, trur Fardal at dei franske klassiske motehusa var ein favoritt: Chanel, Valentino og Yves Saint Laurent.

– Når eg ser henne for meg no så er ho kledd i pels - det er slik eg hugsar henne, seier Elle-redaktøren.

– Alltid elegant

Mote- og trendredaktør i Henne, Lisbeth Guldbrandsen, hugsar Wenche Foss i minkpelsjakke, kasjmirkardigan, kvite, plettfrie bukser, eit silkeskjerf av merket Hermes knytt rundt halsen, ein elegant hatt på skrå og med glitrande øyredobbar.

– Wenche Foss hadde ein klesstil verdig den divaen ho var! Karriera hennar strakk seg over 70 år, og ho var innom alle moteepokene frå 30-talet og oppover. Bilete av henne som ung viser ofte ein diva i strutsfjær og lange perlekjeder. Som meir moden kvinne, som dei fleste hugsar henne som, var ho alltid elegant. Festkjolane var glamorøse, men alltid innanfor det smakfulle, seier Guldbrandsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Wenche Foss

Pelskåper var eit fast inventar i garderoba til Wenche Foss.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Sjeldan i Noreg

Redaktør i gratismagasinet Vixen, Marianne Jemtegård, meiner Foss nesten var rojal i stilen sin.

– Wenche Foss såg alltid ut som ei Hollywood-stjerne, og det ser ein nesten aldri elles i Norge. I tillegg til dei ekstravagante antrekka hadde ho det folkelege, gode vesenet som gjorde at ho ikkje vart oppfatta som isdronning, seier ho.

Vixen-redaktøren meiner Foss ikkje var trendsettar, men ekstremt klesbevisst og brukte kleda til å kommunisere personlegdomen sin.

Wenche Foss

Sjølv på løpebana var Foss ulasteleg kledd, i dressbukse og -jakke, som minner om Chanel. Her på Vivillekene for psykisk utviklingshemma.

Foto: Fjeldstad, Knut / SCANPIX

– Ho var alltid bevisst på kva ho gjekk i, og det kjenneteikner dei største stjernene.

– Motedronning

Jemtegård vil spesielt hugse Foss i godt vaksen alder, då ho kunne dukke opp med golvlange kjolar med fjærdekorasjonar.

– Dei var mykje meir overdådige og glamorøse enn det ein vanlegvis ser eldre kvinner i. I tillegg var det Marilyn Monroe-liknande håret hennar eit «statement» i seg sjølv, meiner redaktøren.

– Wenche Foss blei eigentleg berre stiligare og sikrare i stilen sin etter som åra gjekk. Ho vart stjerne allereie som tenåring og klesstilen utvikla seg i takt med at ho vart ei kultivert, verdsvant skodespelarinne. Ho var ei motedronning, konstaterer Marianne Jemtegård.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters