Hopp til innhold

Dette snakka me mest om på Facebook

Robin Williams, bøtter med isvatn i hovudet eller fotball-VM i Brasil: Sjå kva som har vore det heitaste temaet på Facebook i 2014.

Luiz Inacio Lula da Silva og Dilma Rousseff

TREDJEPLASS: Valet i Brasil var veldig mykje diskutert verda over. Den sittande presidenten frå det brasilianske arbeidarpartiet fekk kritikk for å ikkje slå ned på korrupsjon og å bruke pengar på dyre fotballstadion i staden for å kjempe mot fattigdom. Frå venstre: President Dilma Rousseff og tidlegare president Luiz Inacio Lula da Silva.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

2014 er snart forbi og Facebook er i mimrehjørnet. Dei har i dag kome med ei liste som viser kva folk i heile verda har diskutert og skrive om.

Og det viser seg at det er ein god miks av nyheiter, kjendisstoff og store sportshendingar som fenger folk på Facebook.

Facebook har baserer denne lista på kva folk har delt gjennom oppdateringar på egne veggar, og kva folk har skrive på andre sine veggar. Statistikken er henta frå 1,2 milliardar aktive brukarar i nesten 200 land.

Det heitaste temaet blei nemnt og diskutert heile 3 milliardar gonger.

Sjå heile lista her:

  • 1: VM i Brasil
  • 2: Ebolaviruset
  • 3: Valet i Brasil
  • 4: Robin Williams og hans død
  • 5: Isbøtte-utfordringa
  • 6: Invasjonen og bombinga av Gaza
  • 7: Nedskytinga av Malaysian Airlines flyet
  • 8: Super Bowl og amerikansk fotball
  • 9: Politidrapet av Michael Brown og Ferguson
  • 10: Vinter-OL i Sochi
Facebook Years Most Popular

ANDREPLASS: Spredninga av Ebolaviruset var det nest mest delte og snakka om temaet på Facebook i 2014.

Foto: Jerome Delay / Ap

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor