Dokumentarfilmen om Joralf Gjerstad frå Snåsa i Nord-Trøndelag fekk mykje merksemd før premieren. «Mannen frå Snåsa» var opningsfilmen under Tromsø internasjonale filmfestival i førre veke.
Beste opningshelg
Det har vore skrive mykje om dei påståtte lækjande evnene til Gjerstad. Og over 50.000 skal ha oppsøkt «Snåsamannen» på heimebane dei siste 65 åra for å få hjelp. I filmen til Margreth Olin får vi møte 22 av dei som har teke turen.
All merksemda Gjerstad har fått, har tydelegvis pirra folk. I går var det fulle hus då filmen hadde premiere i Snåsa. Og folk elles i landet har følgt opp. Til saman har over 20.000 nordmenn løyst billett til dokumentaren i opningshelga. Ifølgje distributøren er dette den beste opningshelga for ein dokumentar, både norsk og utanlandsk, i Noreg nokon gong.
Kritikk
Filmen har fått kritikk for ikkje å stille kritiske spørsmål ved evnene til «Snåsamannen». Men enkelte av skeptikarane meiner også at skulemedisinen har noko å lære av Gjerstad. Medan andre framleis er kritiske til evnene.
Opptaka til filmen blei gjort frå hausten 2014 til sommaren i fjor. Regissør Margreth Olin har sagt at ho har ønska å lage eit nøkternt og ærleg bilde av «Snåsamannen». Og ho meiner vi har noko å lære av Gjerstad og dei som oppsøker han.