Hopp til innhold

Led Zeppelin på strøymetenester

Etter fleire år med nei til strøymetenester så kan du no høyre eit av verdas mest-selgande band, Led Zeppelin på Spotify og WiMP.

Led Zeppelin - Robert Plant (til venstre) og Jimmy Page under en konsert i Chicago i 1977.

NYE VERSJONAR: Vokalist Robert Plant og gitarist Jimmy Page frå glansdagane på 1970-talet. Jimmy Page som i si tid eksperimenterte med fele-boge på gitaren under konsert, har no jobba lenge med å re-mastre Zeppelin-katalogen. For dei spesielt interesserte så blir det også lagt ut tidlege og alternative versjonar av songane.

Foto: Jim Summaria / Wikimedia Commons

Å strøyme eller ikkje strøyme, det har vore det store spørsmålet for mange store band. No hamnar Led Zeppelin i selskap med blant andre Metallica og Pink Floyd som før sa nei i lang tid, men som ombestemte seg og no strøymer musikken sin.

Nye versjonar

Led Zeppelin er eit av tidenes største rockeband og har solgt over 135 millionar album. Alle dei seks studioalbuma blir lagt ut, i tillegg til fleire live-skiver, blant anna deira siste konsert saman frå London og O2 Arena i 2007.

Gitarist Jimmy Page har sjølv jobba med å digitalisere musikken for å få mest mogleg ut av lyden tilpassa strøyming. Det er i tillegg ein del alternative versjonar av songar for blodfansen.

(Saka fortset under bildet)

Led Zeppelin

LEGENDER: Led Zeppelin er kjent for deira banebrytande musikk og ville livsstil. Her med dei originale medlemmane, frå venstre: John Paul Jones, Robert Plant, John Bonham og Jimmy Page. Zeppelin blei oppløyst i 1980 då trommeslagar John Bonham døde grunna alkoholisme.

Foto: All over / Google

Framleis Beatles og AC/DC-nei

At Led Zeppelin seier kan påverke dei andre som seier nei, på sikt. Taylor Swift trakk all musikken hennar frå Spotify i fjor haust.

Swift sa offisielt at ho ikkje ville vere med på strøyme-eksperimentet og meiner ho vil tene meir pengar samla sett fordi mange i USA framleis kjøper CD. Albuma til The Beatles og AC/DC ligg heller ikkje ute til strøyming.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters