Hopp til innhold

Jaquesson: – K-rådet sin kritikk ikkje nok

Kari Jaquesson er veldig glad for den sterke kritikken Kringkastingsrådet retta mot pornosketsjen i Trygdekontoret i dag. No ventar ho på respons frå NRK.

Kari Jaquesson

NØGD: Kari Jaquesson er veldig nøgd etter at alle medlemmane i Kringkastingsrådet har sagt seg einige i at Trygdekontoret sin pornosketsj ikkje er på sin plass.

Foto: NRK

I dag vart det kjent at nesten alle medlemmane i Kringkastingsrådet er einige om at NRK fortener kritikk for pornosketsjen i Trygdekontoret, med Kari Jaquesson i ein fiktiv hovudrolle.

Jaquesson seier ho er glad for kritikken frå Kringkastingsrådet (heile uttalen frå rådet ligg nederst i artikkelen), men at ho ikkje oppfattar det som ei orsaking frå NRK.

– Men ein kritisk uttale frå Kringkastingsrådet kan legge føringar på korleis NRK oppfører seg vidare, forklarar Jaquesson.

– Eg håpar at dette får NRK si avdeling for underhaldning til å skjerpe seg, og bli meir kreative, fortset ho.

Se det omdiskuterte klippet fra Trygdekontorets sending 7. april 2015. For å få med deg hele sammenhengen, anbefaler vi å se hele sendingen, som du finner på http://tv.nrk.no/serie/trygdekontoret

Ventar spent på respons

Ho legg vekt på at dei fleste som jobbar i NRK er solide og ordentlege folk som følger god presseetikk, men at ho ikkje er imponert over prosjektleiaren og underhaldningsdirektøren i programmet Trygdekontoret, Eirik Ingstad og Charlo Halvorsen. No forventar ho dei skal koma med ein respons på kritikken frå Kringkastingsrådet.

– Så langt har ikkje nokon av dei ansvarlege i leiinga gitt publikum nokon signal om korleis dei skal bruke kritikken til å legge føringar for å unngå seksuell sjikane i framtida, seier Jaquesson.

Moglegvis er det mange som vil følge spent med på korleis dei vil søke å gjenoppretta tilliten, spesielt for at kvinner skal få trua på at dei kan delta i debattar og bli møtt med sakleg, og ikkje seksuell motstand.

Til NRK seier underhaldningsdirektør Charlo Halvorsen, som sjølv var på Kringkastingsrådet sitt møte i dag, at dei ikkje har nokon kommentarar utover det som vart sagt på møte i dag.

– Definitivt eit kjønnsspørsmål

Det var oppløftande for ho å få støtte av Kringkastingsrådet, og det var spanande å høyre på deira grunngjevingar, men ho stussar derimot over ein uttalen om at sjikanering ikkje har noko med kjønn å gjere, fortel ho.

– Det er faktisk feil, fordi kvinner vert møtt med seksuell sjikane. Det er mogleg menn gjer det litt, men eg har ikkje sett noko til det, seier Jaquesson.

Ho understrekar dermed at dette absolutt er eit kjønnsspørsmål, og seier det er viktig at det ikkje vert oversett.

Heile uttalen

«I programmet «Trygdekontoret» 7.4.15 var temaet ytringsfrihet. Mot slutten av sendingen ble det vist et innslag presentert som en sketsj med pornoskuespillere. Sketsjen introduseres som et ikke vellykket forsøk på satire om tabuer i norsk offentlighet, samtidig som reaksjonene på en lignende sketsj i et tidligere program også vises til. Kari Jaquesson nevnes spesielt i introduksjonen. I sketsjen, som er en pornoparodi, opptrer karakterene «Thomas Seltzer» og «Kari Jack-hoff-son».

Kringkastingsrådet berømmer redaksjonen bak Trygdekontoret for å ha skapt en arena med rom for originale stemmer og synspunkter i skjæringspunktet mellom filosofering, samtale og satire. Slik har redaksjonen bidratt til mangfold både i form og innhold.

I denne aktuelle saken mener imidlertid svært mange klagere at Trygdekontoret misbrukte sin maktposisjon som kringkaster til å latterliggjøre en kritiker.

Kringkastingsrådet mener at det er NRKs oppgave å stimulere til debatt, også når den inkluderer kritikk av NRKs programvirksomhet. Kvinner som deltar i det offentlige ordskiftet risikerer i dag sjikane knyttet til kjønn, utseende og seksualitet. Derfor er det spesielt uheldig når en navngitt kvinnelig kritiker kobles til pornografi og underkastelse på en måte som mange kvinner intuitivt opplever som svært belastende. Det er en fare for at dette kan skremme publikum fra å ta til motmæle mot institusjonen, tilsiktet eller ikke.

God satire beveger seg på grensen for det akseptable og etiske, og av og til bommer den. Det siste skjedde i dette tilfellet».

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.