Hopp til innhold

Får ros etter New York-debuten

NEW YORK (NRK): Kunstnaren dronning Sonja får ros etter debuten i New York i går kveld. – Ein ekte kunstnar. Ho burde bruke meir tid på å skape, seier kritikar i The Guardian, Jason Farango.

Hennes Majestet Dronning Sonja

FÅR ROS: Kritikar i The Guardian er imponert over kunstnaren dronning Sonja. Her frå opninga i går.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

I galleriet i Scandinavian House myldrar det av noregsvenner, kunstkjennarar og journalistar. Dei er spesielt inviterte som dei fyrste som skal få sjå utstillinga «Prize Prints – Queen Sonja Print Award».

Blant dei få, men utvalde representantane frå amerikansk presse er kunstkritikar Jason Farango, skribent for blant anna New Yorker og The Guardian.

Han går runden i galleriet og studerer bilda til dronning Sonja og dei to andre etablerarane av stiftelsen Dronning Sonja kunststipend, Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl. Så arbeida prisvinnarane Svend-Allan Sørensen og Tiri Kivinen har teke med.

– Eg er imponert. Denne utstillinga viser at nordisk samtidskunst er i verdsklasse, seier han.

Saka fortset under videoen.

Dronning Sonja i New York

SE VIDEO: Dronning Sonja fekk draghjelp av ei popstjerne då ho torsdag debuterer som kunstnar på Manhattan. Saman med Magne Furuholmen skal ho gjere kunstprosjektet sitt til verdas største i sitt slag.

Ekte kunstnar

– Kva synest du om arbeida til dronning Sonja?

– Eg skal vere heilt ærleg, eg hadde ikkje venta å like arbeidet hennar så godt. Men eg gjer det. Hennar Majestet greier å skape eit tredimensjonalt inntrykk av eit todimensjonalt bilde, seier kunstkritikaren.

Han roser dronning Sonja sin bruk av fargar.

– Ho evner å skape inntrykk av djupt hav og høg himmel og skaper ei eiga verd i det som i utgangspunktet er eit flatt bilde.

– Er dette arbeidet til ein ekte kunstnar?

Hennes Majestet Dronning Sonja

OPNA UTSTILLING: Hennar Majestet dronning Sonja.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

– Eg meiner dette er ein ekte kunstnars arbeid. Eg må vedgå at eg undervurderte henne. Hennar Majestet burde bruke mykje meir tid på å skape. Ho har eit ekte talent, seier Jason Farango.

Minnepris etter Nupen

Det er ikkje eigne ambisjonar om å slå gjennom som bildekunstnar som har ført dronning Sonja til New York.

Hennar mål er å fremje grafisk kunst gjennom å premiere dei største talenta både i Norden og resten av verda.

Stiftinga ho leier deler no ut to prisar: Queen Sonja Print Award, som frå neste år skal delast ut til kandidatar frå heile verda, og Kjell Nupen minnepris, som skal premiere eit stort nordisk talent innan den grafiske kunsten.

– Vi saknar han djupt, men han lever vidare gjennom dette, seier dronning Sonja om mentoren og vennen som døydde i mars i fjor.

Nupens siste verk

Utstillinga «Prize prints» er også ein hyllest til Kjell Nupen.

KJELL NUPEN nupen-blått

EIN HYLLEST: Utstillinga «Prize prints» skal hylle dronning Sonjas venn og mentor Kjell Nupen, som døydde i 2014.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Dette er dei siste trykka Kjell laga, seier Ole Larsen frå Ateliser Larsen i Helsingborg og viser seks trykk med tittel «Sentimental Journey».

Minneprisen skal delast ut for fyrste gang til hausten. Premien er eit studieopphald ved Universal Limited Art Edition på Long Island utanfor New York.

At stiftinga til dronning Sonja samarbeider med den velrenommerte trykkaren der, Bob Goldstone, imponerer kunstkritikaren Jason Farango.

– Bob Goldstone har arbeidd med dei viktigaste amerikanske og europeiske grafikarane på andre halvdel av 2000-talet. Å samarbeide med han viser at prosjektet er seriøst og at dei tek både historia og framtida for grafisk kunst på alvor. Dette betyr meir enn eg kan forklare, seier Jason Farango.

LES OGSÅ:

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor