Hopp til innhold

Er motenamnas tid forbi?

I 2003 blei jentenamnet Emma ein monsterhit. I 1981 var det Silje som regjerte. Men ingen av dei når Anne til knea. For dagens motenamn er på langt nær like populære som gårsdagens motenamn.

Namnetrend for jentar 1960-2014.

Her ser du dei mest populære jentenamna i 1960 og 2014. Nedover i saka ser du kva namn som var populære i kvart enkelt år.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Nysgjerrig på eit spesielt årstal? Klikk her for å sjå allle toppnamna år for år!

Vinteren 2003 blei Rachel og Ross foreldre til vesle Emma i TV-serien Friends. Populariteten til namnet gjekk i taket her heime, og det året låg Emma på namnettoppen i 15 av landets 19 fylke.

20 år tidlegare herja Silje like vilt. Frå ho fyrst dukka opp som toppnamn i Troms og Hordaland i 1981 låg Silje på namnetoppen dei neste 17 åra.

Både Emma og Silje var ekte motenamn. Men Anne knuser dei begge.

Sjå i animasjonen vår korleis toppnamna sprer seg frå fylke til fylke over 55 år!

Anne og Jan, to monsterhitar

I bileta våre nedover i saka ser du korleis Anne dekkjer noregskartet det fyrste tiåret. Deretter blir ho liggjande som toppnamn i somme fylker til langt utpå 80-talet.

På gutesida var Jan nesten like dominerande. Jan låg i toppsjiktet frå 1934 til 1983. Anne låg på topp ti-lista frå 1930 til 1987. Det er over eit halvt århundre!

Lat oss samanlikne Annes popularitet med Emma og Silje. I toppåret 1958 blei 5,8 prosent av alle nyfødde jenter kalla Anne. Det er dobbelt så høg oppslutnad som Emma og Silje. I deira toppår fekk 2,7 prosent av alle nyfødde jenter desse namna.
På gutesida nådde Martin ein oppslutnad på over 3 prosent i 1993, men det slår ikkje Jan sine 4 prosent i 1957.

Me brukar fleire fornamn

Jørgen Ouren

Statistikar Jørgen Ouren seier svenskane ligg føre oss, så vil du vite kva borna heiter om eit par år, ta ein titt på namna til svenske idrettsutøvarar.

Foto: Studio Vest/SSB

– Me brukar fleire fornamn enn før, seier statistikar Jørgen Ouren ved Statistisk Sentralbyrå.

– Me får stadig fleire namn å velje mellom, og me er blitt flinkare til å variere. Namna ligg ikkje like lenge på namnetoppen som før, namna når toppen raskare, og nedturen er krappare enn før.

Ouren fortel at namnetrendane oppfører seg som andre trendar i tida vår. Dei skiftar raskare enn tidlegare, og når noko fyrst blir utrendy skjer det veldig fort.

Og som med andre motar blir òg namn trendy att. Det går mellom 100 og 120 år frå eit namn er på topp til det blir trendy på nytt.

– Agnes, Signe, Ludvig og Sigurd er døme på namn som no er på full fart framover. Dei var sist populære for rundt 100 år sidan, og har klatra jamt og trutt dei siste tiåra.

Sjå meir om namnemotar i Nomino på NRK1 i kveld.

Klikk på eit årstall for å sjå namna som var populære då:

1960, 1961, 1962, 1963, 1964, 1965, 1966, 1967, 1968, 1969, 1970, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982, 1983, 1984, 1985, 1986, 1987, 1988, 1989, 1990, 1991, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2005, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010, 2011, 2012, 2013, 2014.

1960
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1960. Grafikk.

1960: Anne er tidenes mest populære jentenamn i Noreg. For 250 år sidan heitte heile 12 prosent av alle norske kvinner Anne eller Anna. Anne låg inne på topp ti-lista frå 1930 til 1987. I dag heiter 61 847 Anne, og det er landets mest brukte fornamn.

Foto: Mari Grafsrønningen
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1960. Grafikk.

Jan er landets mest brukte gutenamn. I dag heiter 49 364 norske menn Jan, men berre 9 214 av dei har Jan som einaste fornamn. Meir enn 40 000 av dei har eit fornamn til, etter Jan. Jan er ei tysk og nederlandsk kortform av Johannes, og namnet var vanleg i Noreg på 1700-talet. Så blei det mindre brukt, fram til det tok seg sterkt opp att i 1920 og -30-åra. Jan låg i toppsjiktet frå 1934 til 1983. Jahn Teigen er fødd i 1949, då namnet var på sitt mest populære. Snittalderen til Jan er 52 år. (Kjelde: Norsk Personnamnleksikon, SSB)

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1961
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1961. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1961. Grafikk.

1962
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1962. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1962. Grafikk.

1963
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1963. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1963. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønninngen / NRK

1964
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1964. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1964. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1965
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1965. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1965. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1966
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1966. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1966. Grafikk

1967
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1967. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1967. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen

1968
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1968. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1968. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1969
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1969. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1969. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1970
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1970. Grafikk

1970: Hege blir ein hit! Fram til 50-talet var Hege eit lokalt namn som nesten berre var brukt i Telemark. Frå slutten av 50-talet klatrar namnet bratt på popularitetskurva, og kring 1970 fekk over 2 prosent av alle nyfødde jenter namnet Hege. Populariteten kan henge saman med romanen «Fuglane» av Tarjei Vesaas som kom ut i 1957. Same året blei vesle Hege Schøyen fødd i Oslo. I dag heiter 12 974 norske kvinner Hege.

Foto: Mari Grafsrønningen
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1970. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1971
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1971. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1971. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1972
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1972. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1972. Grafikk

1972: Thomas-trenden starta på Oslos vestkant, og me ser tydeleg av animasjonen korleis bruken sprer seg frå Oslo til resten av landet. Fyrst i 2004 forsvinn Thomas heilt frå fylkesoversikten. 24 035 norske menn heiter Thomas, og dei har ein snittalder på 28 år.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1973
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1973. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1973. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1974
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1974. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1974. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / nrk

1975
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1975. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1975. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1976
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1976. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1976. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1977
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1977. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
 De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1977. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1978
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1978. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1978. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1979
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1979. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1979. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1980
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1980. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1980. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1981
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1981. Grafikk

1981: Silje er eit mysterium for namneforskarane. Ingen veit heilt kvifor det med eitt blei så populært. Silje er ei kortform av Cecilie, og fyrste norske kvinne med namnet var Silje Antonie Oloffine Johansen, fødd 1864 i Kristiania. Namnet var knapt brukt fram til 1960, men i 70-åra auka det voldsomt i popularitet. P3-morgens Silje Nordnes frå Hamarøy i Nordland er fødd i 1984, to år etter Silje blei toppnamn i heimfylket. I 1992 var Silje det mest brukte namnet på nyfødde jenter i Noreg. I dag heiter 15 496 norske kvinner Silje.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1981. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1982
 De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1982. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1982. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1983
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1983. Grafikk

1983: Linn måtte i retten for å få vere eit fornamn! Det var nemleg fyrst i bruk som eit etternamn, og i namnelova står det at etternamn ikkje kan bli til fornamn. Fyrst i 1982 fastslo Eidsivating Lagmannsrett at Linn kunne brukast som jentenamn. Då vandra det alt mange småjenter rundt i Noreg med namnet Linn, som Linn Skåber, f. 1970. Den aukande bruken og populariteten kan henge saman med at Liv Ullmann og Ingmar Bergman i 1966 fekk ei jente som dei kalla Linn. Men fordi dei budde i Sverige, der Linn var eit etternamn, fekk dei ikkje kalle henne Linn offisielt. Difor heiter ho Karin Beate Ullmann på papiret. (Kjelde: «Hva er et navn», Ivar Utne)

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1983. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1984
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1984. Grafikk

1984: Ida blir toppnamnet i fleire fylker. Populariteten aukar raskt frå tidleg på 70-talet, etter at filmen «Emil i Lønneberget» blei vist på norske kinoar. I dag heiter 18 395 norske kvinner Ida.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1984. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1985
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1985. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
 De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1985. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1986
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1986. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1986. Grafikk

1986: «Lille Martin», Tande-Ps makker i NRK tidleg på 90-talet, var fødd i 1982, rett før namnet når toppen i Oslo. I 1993 ligg namnet på topp i 17 av landets 19 fylke. Martin var blant dei ti mest brukte namna på slutten av 1800-talet, men utover på 1900-talet sank det i popularitet. På 60-talet starta namnet å klatre igjen, og namnet har ei normal popularitetskurve med kring 100 år mellom kvar topp. Martin fekk kan hende eit lite puff oppover i 1977, då filmen «Mormor og de åtte ungene i byen» gjekk på kino. Alle dei åtte borna hadde namn som starta på M: Maren, Mads, Martin, Marte, Mona, Milly, Mina og Morten minstemann. Programleiar Marte Stokstad, f. 1978, hadde kanskje heitt noko anna om det ikkje var for filmen? I dag heiter 21 109 norske menn Martin, og dei har ein snittalder på 25 år.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1987
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1987. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
 De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1987. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1988
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1988. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1988. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1989
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1989. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1982. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1990
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1990. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1990. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1991
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1991. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1991. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1992
NY: De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1992. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1992. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1993
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1993. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1993. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1994
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1994. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1994. Grafikk
Foto: NRK

1995
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1995. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1995. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1996
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1996. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
 De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1996. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1997
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1997. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1997. Grafikk

1997: Populariteten til namnet Markus skyt i vêret på slutten av 80-talet, og når toppen på slutten av 90-talet. Markus er eitt av fleire bibelske gutenamn som blir trendy i denne perioden. Andre døme er Lucas, Mathias, Jonas og Filip. Denne trenden har me adoptert frå Sverige og frå det europeiske kontinentet. Den skal ha oppstått i bibelbeltet i USA. 7 137 norske gutar og menn heiter Markus, og snittalderen deira er på 14 år.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1998
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1998. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1998. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

1999
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 1999. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1999. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2000
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2000. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2000. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2001
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2001. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2001. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2002
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2002. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2002. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2003
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2003. Grafikk

2003: Rachel og Ross i TV-serien Friends blir foreldre til vesle Emma. På tre månader doblar namnet populariteten sin i Noreg, og 2,7 av alle nyfødde jenter får dette namnet i 2003. I dag heiter 10 014 norske jenter og kvinner Emma.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2003. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2004
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2004. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2004. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2005
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2005. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2005. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2006
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2006. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2006. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2007
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2007. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2007. Grafikk

2007: Noah blir toppnamnet i Møre og Romsdal, og forklaringa er enkel. Nordmøringen og fotballstjerna Ole Gunnar Solskjær blir pappa i 2000, og sonen får namnet Noah. Kan hende hadde namnet namnet uansett blitt populært her heime etterkvart, for på denne tida fløymde bibelnamna inn over Europa. Men Solskjærs namneval førte til at Noah blei populært i Noreg samstundes med at det slo an i Sverige, i staden for ti år etterpå. Snittalderen til Noah er 6 år.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2008
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2008. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2008. Grafikk

2008: Mohammad blir toppnamn i hovudstaden. Slikt skaper overskrifter. Men skal ein forstå kva som ligg bak tala må ein ta med i reknestykket kor populært namnet Mohammad er blant muslimar. I den muslimske namnekulturen er Mohammad, og variantar av det, langt meir brukt enn til og med Jan, Noregs vanlegaste gutenamn. For å setje det i perspektiv: her til lands finst det ca. 10 000 med namnet Mohammad, og ca. 50 000 med namnet Jan. At Mohammad i dag er hovudstadens vanlegaste fornamn er kanskje ikkje så rart når ein tek med i reknestykket at det truleg òg er verdas vanlegaste fornamn.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2009
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2009. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2009. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2010
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2010. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2010. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2011
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2011. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2011. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2012
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2012. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2012. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2013
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2013. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2013. Grafikk
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

2014
De mest populære jentenavnene i Norges fylker i 2014. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK
De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 2014. Grafikk.
Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Meir om namn i Nomino - sjå det i nett-tv!

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor