Hopp til innhold

Sjå motenamna fylke for fylke, år for år

Slik har du aldri sett namnestatistikkane før! NRK har samla fylkestala med dei mest populære babynamna heilt attende til 1960. Ser du kven som er trendsetjarar?

Her finn du biletet for det året DU vart fødd.
Animasjonen for gutenamna ligg nedst i artikkelen.

Oslo vest viser veg

Animasjonen viser tydeleg korleis motenamna spreier seg frå fylke til fylke og frå landsdel til landsdel.
Dei med skarpe auge vil kjapt legge merke til at namna som regel fyrst blir populære i Oslo og i Bærum. Dette området har alltid vore det fyrste til å plukke opp trendar frå utlandet, før resten av landet tek etter.

De mest populære guttenavnene i Norges fylker i 1993. Grafikk

Martin dominerte totalt i 1993.

Foto: Mari Grafsrønningen / NRK

Ta ein titt på guteoversikta på 80-talet. I 1986 dukkar Martin opp på topp i Oslo. Nokre år seinare, i 1993, ligg namnet på topp i nesten alle fylka våre. Kanskje «Lille Martin» i NRK-programmet Tande-P bidrog til populariteten?

Kvifor blei Emma ein hit? Sjekk jente- biletet for 2003.
Kvifor er Jan det vanlegaste gutenamnet i landet? Sjekk gute- biletet for 1960.

Det finst foreldre som kallar opp borna etter fotballstadion eller Disney-figurar , men dei fleste plukkar ut namn dei har høyrt før. Og fordi me deler dei same preferansane som andre på vår alder, så likar me dei same namna. Me går i flokk anten me vil eller ei.

Her er dei mest populære gutenamna frå 1960 til i dag:

Kulturstrøm

  • Operaen vann pris for operaalbum

    Innspelinga Den Norske Opera & ballett gjorde av Richard Wagners «Den flyvende hollender» er kåra til årets operaalbum av Gramophone, som er det leiande tidsskiftet for klassiske innspelingar.

    – Gramophone-prisen er ei stor anerkjenning for heile Nasjonaloperaen – for Operakoret, Operaorkesteret og solistane på scena, seier operasjef Randi Stene i ei pressemelding.

    Prisane blei etablert i 1977, og blir sett på som ein av dei mest prestisjefylte utmerkingane innan klassisk musikk.

  • Bergen Filharmoniske Orkester vann prestisjetung pris

    Bergen Filharmoniske Orkester vann prisen Orchestra of the Year 2025 i London onsdag kveld. Det er tidsskriftet Gramophones som deler ut prisen. Deira årlege Classical Music Awards er nokre av dei mest prestisjetunge prisane innanfor den klassiske plateindustrien, og kan samanliknast med Grammy Awards, skriv Bergen Filharmoniske Orkester i ei pressemelding.

    Det viktigaste med denne prisen er kanskje ikkje at me får han for det me allereie har oppnådd, men at den viser kva som er mogleg. Bergen er kanskje ikkje nokon stor by i europeisk målestokk, men framleis ein musikk- og kulturby av internasjonalt format. Heile byen kan vera stolte av Bergen Filharmoniske Orkester, seier Sigurd Sverdrup Sandmo, som er direktør i Musikkselskapet Harmonien.

    Torsdag kveld skal orkesteret feira sigeren saman med publikum på konsert i Grieghallen, skriv BT.

    en mann og en kvinne som sitter på en benk
    Foto: Henning Målsnes
  • Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» av medisinske årsaker

    Halvor Bakke trekker seg fra «Skal vi danse» før lørdagens konkurranse.

    Det er vonde tær som gjør utslaget, melder TV 2. Nærmere bestemt en stor betennelse i to tær som har vart i to år.

    – Jeg trosset legen i to uker, gikk på parketten med sterke smertestillende, bedøvelsessprøyter og kortison. Det har vært en lege som har sagt at jeg ikke skal danse, men jeg trosset ham i to uker. Nå sa han: «Nok er nok, nå går det ikke lenger. Det er uforsvarlig at du fortsetter», sier Bakke.

    Han er «skikkelig lei seg» over å måtte trekke seg fra «Skal vi danse», som han drømte om å være med på i ti år.