Hopp til innhold

– Flau over YouTube-videoane

Justin Bieber vil ikkje vere ei barnestjerne lenger. I intervjuet med Fredrik Skavlan fortel 18-åringen om korleis det er å vekse opp i rampelyset. Og om sitt møte med bjørn!

Skavlan og Bieber

Justin Bieber vart intervjua av Fredrik Skavlan.

Foto: Bjørn Opsahl

Justin Bieber

Justin Bieber for to år sidan.

Foto: Chris Pizzello / Ap

– Å vekse opp i rampelyset er veldig vanskeleg, seier Justin Bieber i intervjuet med Fredrik Skavlan.

Men han vil ikkje lenger bli rekna som ei barnestjerne.

– Eg blir eldre og musikken min modnast med meg. Eg planlegg å lage musikk som kan nå ut til alle, seier Bieber.

Hylande fans

Justin Bieber er ein av verdas største popstjerner. Han snudde Oslo på hovudet då han gjesta Norge i slutten av mai.

Konserten hans ved operataket var nær ved å bli avlyst på grunn av tusenar av elleville fans.

No får me eit innblikk i kva som skjedde bak scena, høyre songane hans til hylande fans, og høyre kva han sjølv meiner om sin stjernestatus.

«Kidrauhl»

Justin Bieber og Usher

Usher var ein av dei som hjelpte Justin med å starte karrieren.

Foto: ROBYN BECK / Afp

Etter kvart som han blir eldre synest han det er rart å sjå tilbake på videoar han lasta opp på nettsamfunnet Youtube før han vart kjent.

– Eg er flau over nokre av Youtube-videoane eg lasta opp når eg var yngre. Men når alt kjem til alt, så er det jo berre meg og personlegdommen min. Eg vil alltid vere Kidrauhl, seier Bieber.

Kidrauhl var namnet på kanalen til Justin på Youtube. Det var gjennom den han vart oppdaga.

Møte med bjørn

Justin Bieber

Justin Bieber promoterer sitt nye album.

Foto: HENRY ROMERO / Reuters

I programmet fortel Justin om utfordringane med paparazzi-fotografar og journalistar som vrir på det han seier.

Han fortel også om boksetimane han har hatt med Mike Tyson. Og om den gongen han møtte ein bjørn på campingtur med familien sin.

– Eg vakna fyrst av alle og gjekk ut og pirka i bålet som framleis gløda. Plutseleg såg eg ein stor bjørn cirka tre meter frå der eg stod. Eg var berre sju år og visste ikkje kor farleg det var, fortel Bieber.

Finn ut korleis det gjekk, og bli betre kjent med popfenomenet Justin Bieber i programmet «Justin Bieber live i Oslo» ovanfor.

Programmet blir også sendt på NRK1 onsdag 20. juni klokka 21.30.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.