Hopp til innhold

«Eg har sommarfuglar i magen»

Lindy-Marlene Åsen (11) er ei av mange jenter som venter i spenning på popprinsen Justin Bieber.

– Me har berre ein sjanse til å gjere eit godt førsteinntrykk. I dag må me visa Noreg frå si beste side, så Justin Bieber likar seg her, seier Ida Urke.

Sekstenåringen står på operataket med eit flagg i handa, det skal ho gje til popprinsen om han kjem forbi.

– Eg skal ikkje grina om eg ser han, det har eg lova meg sjølv. Det er viktig å smila, seier venninna Ingrid Høydal Nestvold.

Dei to er ikkje åleine om å ha teke seg fri frå skulen for å venta på konserten til Justin Bieber. Operataket er fylt av tenåringsjenter som skrik i fistel, syng Bieber-songar og viser hjarteteikn.

– Me har fått litt lov av lærarane, og litt sympati av foreldra våre. Me har uansett hatt eksamen og fått alle karakterane våre, seier Ingrid Høydal Nestvold (16).

Køyrde heile natta for Bieber

– Eg har sommarfuglar i magen, og har ikkje ete i dag, kniser Lindy-Marlene Åsen på elleve. Då ho fekk vite at Bieber var i Oslo, spurde ho fint mamma om lov til å reisa.

Dei sette seg i bilen i Arendal klokka halv to på natta. Tidleg på morgonkvisten kom dei til Oslo.

– Me har vore på operataket sidan klokka åtte. Dette er draumen hennar, eg vil at den skal gå i oppfylling, seier mamma Lill-Unn Johnsen.

– Dette er heilt fantastisk, alt er så bra no, smiler Lindy Marlene Åsen i sola.

Justin Bieber konsert Operataket

Jentene ventar i spenning før konserten.

Foto: Elin Martinsen

Konsert utsett

Jentene må nok rekna med å bli ståande ei stund. Oslopolitiet melder no på Twitter at konserten kjem til å bli halden rundt klokka ni i kveld.

«Justin Bieber vil trolig avholde konsert på en lekter i vannet utenfor Operaen, i kveld rundt kl 2100/2130», skriv politiet.

Dei første meldingane gjekk ut på at Justin Bieber skulle på scena mellom 16.00 og 18.00 i ettermiddag.

Han held pressekonferanse klokka 15.00, den følgjer NRK.no

– Ein stor dag for jentene

Det blir rapportert om unge jenter som spring mellom bilar og trikkar i Oslo sentrum.

Kåre Stølen, stasjonssjef ved Grønland politistasjon, har ansvaret for konsertområdet og seier at dette er eit ungt publikum som gjer alt for å få sjå idolet sitt.

- Det er ein stor dag for dei. Alle generasjonar har sine heltar. No er det me som har fått førarkort som visa omsyn, seir Stølen.

Høyr jentene synga «Baby» her:

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober