Hopp til innhold

Conan-spelet går til filmen

Ein ny tilleggspakke vil ha figurar, monster og historier i seg frå Hollywood-filmen «Conan The Barbarian». Du kan halde fram å spele der filmen sluttar.

Age of Conan: Rise of the Godslayer

Slik ser spelet 'Age of Conan: Rise of the godslayer' ut. Ein ny tilleggspakke blir sleppt samtidig med ein Hollywood-film i august.

Foto: Funcom

US-CINEMA-PREMIERE-AN-AMERICAN-IN-PARIS

Rose McGowan spelar i den nye Conan-filmen. Du kan vere henne og dei andre hovudrollene i dataspelet, ved hjelp av ein ny tilleggspakke.

Foto: GABRIEL BOUYS / Afp

I august blir ein tilleggspakke til det kjende dataspelet «Age of Conan» sleppt, samtidig med premiera på Hollywood-filmen «Conan The Barbarian».

Det norske selskapet som står bak spelet, Funcom, har jobba tett saman med skaparane av filmen. Det tyder at du vil kunne slåst mot monstera du ser i filmen, med våpena som blir brukt. Også hovudrollene, stadane og historiene frå filmen vil ha ein sentral plass i spelet.

Filmen er i 3D og i hovudrollene finn ein Jason Momoa, Rose McGowan, Stephen Lang, Ron Perlman, Bob Sapp og Rachel Nichols i rollene. Regissør er Marcus Nispel.

Les også: Utsetter The Secret World

– Fekk lese filmmanus

Eventyrpakken, som har fått namnet «The Savage Coast of Turan», byrjar 20 år etter historia i filmen. Den gir spelarane moglegheit til å fortsette filmhistoria i Conan-riket.

Tilleggspakken vil bli tilgjengeleg for nedlasting for spelarar over heile verda, opplyser kommunikasjonsdirektør i Funcom, Erling Ellingsen, til NRK.no.

– Vi har hatt eit nært forhold til lisenshavarane av Conan heilt sidan 2003, då vi byrja å jobbe med det første spelet. Det er naturleg for oss å samarbeide med dei. Vi har fått lese manus og snakka med dei om innhaldet i filmen, seier Ellingsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Age of Conan: Rise of the Godslayer

'Age of Conan: Rise of the godslayer'.

Foto: Funcom

Brukte dataskisser i filmarbeidet

Han meiner filmselskapet Lionsgate også har interesse av å samarbeide med Funcom.

– Dei er interessert i å nå publikummet som følgjer spelet vårt, det er den same målgruppa. Filmskaparane har brukt teikningane vi brukte i arbeidet med spelet for å få filmen så korrekt som mogleg, seier Ellingsen.

Den originale Conan-bokserien har heile tida vore hovudinspirasjonen bak dataspelet, men Funcom har også sett på teikneseriar og Conan-filmar.

– Vi har jobba tett saman med Funcom sidan 2003 og laga noko som gir ei unik kjensle av Conan-verda, seier produsent for filmen og direktør i Paradox, Fredrik Malmberg, i ei pressemelding.

Les også:

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor