Hopp til innhold

Rodarte forvandla Natalie Portman

Design-søstrene Laura og Kate Mulleavy skapte Natalie Portman om til ei svane.

– I mote og design finst det millionar av historier. Vi er forteljarar, seier Laura Mulleavy til NRK.

Film, forteljingar og draumar går igjen i designen til Laura og Kate Mulleavy, søstrene bak det suksessfulle amerikanske motemerket Rodarte .

No har designsøstrene sjølv gått til filmen. Dei står bak kostyma til Natalie Portman i «Black Swan».

Fikk Oscar-takk

Black Swan

Kate Mulleavy, Natalie Portman og Laura Mulleavy på den raude løparen til 'Black Swan'.

Foto: Matt Sayles / Ap

– Vi snakka med Natalie og så høyrde vi rykter om eit hemmeleg manus om to duellerande ballerinaer. Haustkolleksjonen vår frå 2008 handla om japanske animasjonsfilmar og ballerinaer, så dette var eit tema som vi var skikkeleg inne i, seier Laura Mulleavy til NRK Nasjonalgalleriet .

I filmen spelar Portman ein ballerina med psykiske problem, som må meistre både den kvite og den svarte svana.

Då Portman vann ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle i februar takka ho Rodarte-søstrene i talen sin. For anledninga var ho kledd i ein spesialsydd Rodarte-kjole, tilpassa hennar gravide mage.

Les: Storfavoritt Portman vant

– Eg er så stolt over at vi kunne hjelpe henne med å leve seg inn i karakteren, fortel Mulleavy.

Plagg som tar hundrevis av timar
Rodarte

Rodarte er kjent for sin saumkunst og gjennomarbeida antrekk. Her frå ei visning i 2010.

Foto: Bebeto Matthews / AP

– Vi vart spurt om å fortelje ei historie gjennom kostyma. Alt vi gjorde måtte kunne grunngjevast i forhold til karakteren, seier Mulleavy.

Dèt er ikkje noko nytt for Rodarte-søstrene, som ikkje har motedesign-utdanning, men har studert kunst og litteratur ved Berkeley-universitetet i USA.

Dei er kjent for å fortelje historier gjennom kolleksjonane sine. Plagga er nøye uttenkt, og kan ta hundrevis av timar å lage.

Haust- og vinterkolleksjonen som dei presenterte under moteveka i New York i februar fortalde historia til dagslyset gjennom ein dag.

– Vi ville få folk til å føle det som om dei var i den verda, seier Mulleavy.

Sjå visninga av haust- og vinterkolleksjonen i New York:

SJÅ VIDEO: Rodarte haust- og vinterkolleksjon 2011/12, vist under moteveka i New York i februar.

– Millionar av val

Fascinasjonen for klesdesign og kostyme fekk søstrene frå å sjå masse film då dei var yngre.

– Vi er historieforteljarar, vi finn på ei forteljing og brukar den når vi tek val i designprosessen. I mote finst det millionar av val og millionar av forteljingar. Dersom vi ikkje minska valmoglegheitene hadde vi ikkje klart å gjere dette, forklarar designaren.

Ho meiner forteljingane kan få folk til å hugse Rodarte-plagga.

Rodarte

Skodespelaren Elijah Wood er fan av Rodarte. Her på første rad under vårvisninga i 2010.

Foto: David Goldman / Ap

– På motevekene spring folk frå moteshow til moteshow. Om dei ikkje klarer å putte plagga inn i ein kontekst og ei historie, korleis skal dei då hugse kva dei har sett, spør Mulleavy.

Michelle Obama er fan

Strategien med å få folk til å hugse plagga deira har tydelegvis slått an. Sidan oppstarten i 2005 har Rodarte gått frå å dele rom heime hjå foreldra i småbyen Pasadena til å halde visningar for Hollywood-kjendisar.

Dei blir sett på som nokon av dei dyktigaste og mest nyskapande unge designarane akkurat no.

På første rad på motevisningane deira finn ein Kirsten Dunst, Elijah Wood, Cate Blanchett, Keira Knightley, Michelle Obama og Tilda Swinton, mellom anna.

Saumkunst på museum

Kunstverda har også fått augene opp for saumkunsten til Rodarte. Antrekka deira er del av samlingane til The Metropolitan Museum of Art og The Fashion Institute of Technology i New York.

No er dei aktuelle med ny utstilling på The Museum of Contemporary Art i Los Angeles, og der blir mellom anna tutuane frå «Black Swan» vist fram.

Sjå heile intervjuet i Nasjonalgalleriet:

Video Rodarte

SJÅ: Nasjonalgalleriet møtte Laura Mulleavy. Reporter er Sofia Hedstrøm.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.