Hopp til innhold

– For stort håp om kulturhus-gevinst

Kulturhuset Bølgen i Larvik gjekk med seks millionar i underskot i fjor og har ikkje pengar til eigne arrangement.

– Norske kommunar har for store økonomiske forvetningar til kulturhus, meiner riksteatersjef Ellen Horn.

Ellen Horn

Riksteatersjef Ellen Horn har sett mange kulturhusleiarar kaste inn handkleet, og seier kulturhuset Bølgen ikkje er noko enkeltståande tilfelle.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

– Norske kommunar veit ikkje kva det inneber å drive eit kulturhus, seier riksteatersjef og styreleiar i Den Norske Opera & Ballett, Ellen Horn.

Ho bruker norske kulturhus over heile landet jamleg med Riksteatret. Hennar inntrykk er at norske kommunar har for store forvetningar til kulturhusa.

Kulturhuset Bølgen

Kulturhuset Bølgen i Larvik vart opna i 2009. Det gjekk med seks millionar i underskot det første året.

Foto: kulturhusetbolgen.no

– Det kan verke som om politikarane trur at dette skal vere ei inntektskjelde for kommunene. Det er det som regel ikkje, seier Horn.

Underskot på seks millionar kroner

– Politikarane har heilt urealistiske forventningar til økonomisk avkastning. Det som er målet når ein skaper desse kulturhusa er å lage ein møteplass i lokalsamfunnet, seier riksteatersjefen.

Det har vore økonomisk bråk mellom fleire store norske kulturhus og deira respektive kommunar.

Hausten 2009 stod det nye kulturhuset i Larvik, Bølgen, klart.

Larvik kommune forventa at kulturhuset skulle gå i null første driftsåret. Det endte med eit underskot på seks millionar kroner.

HØYR: Norske kulturhus slit økonomisk.

– Eit helvete

Sidan då har to kulturhussjefar, ein marknadssjef og ein styreleiar gått av.

Andreas Gilhuus er den tredje kulturhusleiaren i Larvik sidan opninga av Bølgen. Utskiftinga av medarbeidarar har vore tøff.

– Det har vore eit helvete til tider og svært vanskeleg for alle dei tilsette her, fortel kulturhusleiaren.

– Desverre er ikkje dette noko enkeltståande tilfelle, seier Horn.

Andreas Gilhuus

Leiar i kulturhuset Bølgen i Larvik, Andreas Gilhuus, seier utskiftinga av medarbeidarar har vore eit helvete.

Foto: kulturhusetbolgen.no

– For store bygg

I år har Bølgen fått eit totalbudsjett på tre millionar, noko som tyder at kulturhuset må leige ut lokala framfor å ha eigne arrangerment.

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, trur bygging av for store kulturhus kan vere ein av grunnane til at kulturhusa slit.

– Det verkar som det ikkje er samsvar mellom folket sitt behov og bygga som vert sett opp. Det har vore stor tru på kulturhus som signalbygg, ikkje minst etter at operaen i Oslo vart bygd. Derfor ser vi ein tendens til at bygga er blitt for store og at det skaper tomme salar, forklarar Moxnes.

Agnes Moxnes, programleder P2

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, trur for store bygg kan vere ein av grunnane til at fleire kulturhus slit.

Foto: Ekroll, Anne Liv / NRK

Kampsak i 40 år

For Høgre i Larvik var det ein kampsak å få kulturhuset Bølgen på plass.

– Vi trudde det skulle gå i balanse. I ettertid må vi ta innover oss at det var utopi, seier gruppeleiar i Larvik Høgre, Birgitte Gulla Løken.

I 40 år har kampen for kulturhus i Larvik gått.

– I dag er huset der, men vi har ingen planar for å sikre ein høg og kontinuerleg aktivitet. No som bygget er der står det framleis att ein stor jobb, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Korleis er kulturhuset der du bur? Har kommunene for store forventningar til kulturhusa? Diskuter her!

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters