Hopp til innhold

Sperreskål for Norges nest dyreste kulturhus

Nå har det nye konserthuset i Stavanger blitt reist. Dermed var det torsdag duka for sperreskål i det nye milliardbygget.

Konserthuset i Stavanger blir det nest dyraste kulturhuset i Noreg etter operaen i Oslo. Nå byrjar bygget å ta form, og i dag var det sperreskål for arbeidarane, som stort sett er dei same som bygde operaen.

– Nå får me endeleg eit inntrykk av dimensjonane på bygget, seier informasjonssjef Kurt Kristensen.

Han seier at dette er ein stor dag, og at det er viktig å hylla 255 arbeidarar som har slite med bygget i den særdeles kalde vinteren.

Kurt Kristensen

Informasjonssjef for konserthuset er nøgd så langt med arbeidet som er gjort.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

I rute

Bygget blei i vinter forseinka, men nå skal det vera i rute. Likevel er det brukt meir pengar enn det som var tenkt, totalt er kostnadsrama på 1,2 milliardar kroner.

Sjølv om arbeidarane i dag vart feira fordi bygget er reist, er det framleis ei stund til bygget skal stå klart. Opninga skal vera 15. september 2012.

Flag eller filledukke

– Dette har vore eit spanande og utfordrande bygg å jobba med, seier formann i Kruse Smith, Stig Johnsen.

Kruse Smith har hatt betongarbeidet, og formannen seier at det har vore svært mange detaljar i konserthuset.

Sperreskålet er tradisjonelt sett ein hyllest til handtverkarane når sperre på eit bygg er oppe, og dersom byggherren ikkje ordnar sperreskål blir det heisa ei filledukke på arbeidsplassen.

På konserthuset fekk dei servert både bollar og brus, dermed var det flaget som blei heisa.