Hopp til innhold

Norsk studie: Fotballspelarar toler mindre smerte enn langrennsløparar

Endeleg er det bevist. Fotballspelarar er meir «pinglete» enn andre idrettsutøvarar.

Neymar

VONDT: Den brasilianske superstjerna Neymar er ein av dei som ofte får vondt på fotballbanen.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Det kan av og til nesten verke litt flautt. Fotballspelarar som skrik og rullar rundt på graset etter ein ørliten kakk på leggvernaren. Toler dei ikkje noko?

Reis dæ, din amøbe! Du har smerteterskel som en undulat.

RBK-TRENAR NILS ARNE EGGEN TIL EIN AV SPELARANE SINE PÅ 80-TALET

– Eg trur ikkje Neymar toler så mykje, men det er sikkert individuelt. Nokon toler mykje, andre ikkje, seier Rosenborgspelar Marit Clausen og ler litt.

Kontrasten er stor til syklistar som dundrar i asfalten, karar seg blodig og forslått på sykkelen, og fullfører Tour de France.

Toler smerte dårlegare

No viser ein studie på smertetoleranse frå UiT Noregs arktiske universitet at fotballspelarane faktisk ser ut til å tole smerte dårlegare enn utøvarar som driv med uthaldsidrettar.

Målet med studien var å sjå på forskjellane i korleis eliteutøvarar i uthaldsidrettar, eliteutøvarar i fotball og normalbefolkninga oppfattar smerte.

CYCLING-FRANCE/IMAGE

Syklistar må tole både mjølkesyre og anna smerte.

Zr5LktPHiOQ

Stor kraft, lite vernutstyr. Òg fotball kan gjere vondt.

O7NS6tE5l5k

Overraskande ofte klarar syklistar å halde sjølv fram etter stygge fall.

Impossible Games 2020

Friidrettsutøvar Karsten Warholm må i kjellaren fysisk. Det gjer vondt.

Hadde ein mistanke

Susann Dahl Pettersen er klinisk psykolog og forsker ved Regionalt senter ved UiT.

Ho har sjølv både drive med fotball, riding og springing på mosjonsnivå og er ikkje overraska over det studien viste.

– Eg hadde ei aning om at langrennsløparar og langdistanseløparar, som pressar seg til det maksimale i kvart løp, skulle ha ein høgare smertetoleranse. Og det var jo akkurat det vi fann, seier Pettersen til NRK.

Susann Dahl Pettersen

ISKALDT VATN: Forskar Susann Dahl Pettersen testar sin eigen smerteterskel.

Foto: Privat

Testar smerte i kulde og varme

Dei 71 deltakarane i studien måtte gjennom personlegdomstestar der mellom anna frykt for smerte vart kartlagd.

Så vart oppleving av smerteintensitet, smerteterskel og smertetoleranse målt. Først gjennom ein test der det var festa eit varmeelement til underarmen. Deretter ved ein test der deltakarane skulle halde handa lengst mogleg i to grader kaldt vatn.

– Ein treng ikkje ha ein ulik smerteterskel. Ein kan seie «Au, det der gjer vondt!» på akkurat same tidspunkt i normalbefolkning og hos toppidrettsutøvarar. Hypotesen er at idrettsutøvarane er vant til smerte og tolererer meir av det over lengre tid, seier Pettersen.

Smertetoleranse målt hos idrettsutøvere og normalbefolkning.

SMERTETOLERANSE: Uthaldsutøvarar skårar mykje betre enn både fotballspelarar og normalbefolkning på kor mykje smerte dei toler.

Foto: Susann Dahl Pettersen / UiT

Toler meir enn deg og meg

Studien viste tydelege forskjellar i smertetoleranse.

– Det var av ein slik art at det truleg har ei praktisk betydning. I tillegg var det statistiske signifikante forskjellar. Det vil seie at det er lite sannsynleg at dei kjem av ei tilfeldigheit, forklarar Pettersen.

Men sjølv om fotballspelarane er meir «pinglete» enn langrennsløparane i studien, viser han òg at elitefotballspelarar toler meir smerte enn den vanlege mannen eller kvinna i gata.

Det kan kanskje tyde på at nokon av smerteskrika vi høyrer på ein fotballbane ikkje nødvendigvis er uttrykk for at det er veldig vondt.

– Det har eg tenkt ein del på. Det å slengje seg ned og overdrive kan gi ein taktisk fordel, så akkurat det kan ikkje seie noko om den faktiske terskelen deira eller toleranse for smerte, seier forskar Pettersen.

o2zcgRjlARw

PROGRAMMERT HJERNE: Didrik Tønseth får legehjelp etter målgang i Tour de Ski etter å ha presset seg til det ytste.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Brutale opplevingar

Didrik Tønseth har mange erfaringar med smerte, både med joggesko og langrennsski på beina.

– I uthaldsidrett påfører du smertene sjølv, men det handlar om å flytte grenser. Hjernen blir programmert til å halde ut.

– Kor vondt kan det vere på slutten av ei femmil?

– Kjemper du om sigeren gløymer du det litt, men ligg du på bakenden av feltet på ein middels dag kan det vere brutalt og eit vanvettig slit. Ei femmil med individuell start er òg alvor.

Aller vondast trur langrennsesset det er for utøvarar som brørne Ingebrigtsen.

– Du må tole mykje smerte og mjølkesyre på 800–1500 meter. Maratonløparar må òg det. Dei skal liggje lenge på grensa, og det er inga kvile.

Toppserien fotball 2020: Rosenborg - Vålerenga.

GAMAL LANGRENNSLØPAR: RBK-spelar Marit Clausen.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Høna eller egget

Studien gir ikkje svar på om det er fordi du toler meir smerte du byrjar med uthaldsidrettar, eller om du toler meir smerte nettopp fordi du driv med uthaldsidrett.

Marit Clausen har ei fortid som langrennsløpar. Valet om å satse på fotballen vart teke fordi ho syntest det var morosamare.

– Som uthaldsutøvar må du like å påføre deg sjølv smerte, men det er nok litt sånn i fotball òg. Du har ikkje noko på eit topplag å gjere om du ikkje toler å ha det vondt, seier Clausen.

Forskinga frå Tromsø kan uansett bli nyttig i andre og større perspektiv enn val av idrett.

– Viss du seier at det er uthaldstrening, oksygenopptak og talet på timar trening i veka som har ein effekt på smertetoleranse, så vil du kunne gjere det overførbart til kronisk smerte i eit folkehelseperspektiv, seier forskar Susann Dahl Pettersen.

Og for all del: Det finst dei som toler smerte på fotballbanen òg.

PXYGHgjWB1Y

TOLER EIN TRYKK: Kanskje er Frode Kippe i Lillestrøm eit døme på at kanarifuglar kanskje har høgare smerteterskel enn undulatar.

Foto: Terje Pedersen
Birgit Skarstein

Derfor kan Birgit Skarsteins hemmelige prosjekt endre paraidretten

Birgit Skarstein, pararoing

Les saken

Sagosen med briller

Det sies at Sagosen spiller som han er synsk. Her får forskerne svaret på hvorfor

Sander Sagosen, håndball

Les saken

Jenny Stene

Hva er det med hodet til Jenny?

Jenny Stene, rifleskyting 

Les saken

Karsten Warholm og Skagestad

Det har pågått en leteaksjon i norsk friidrett. Hva var galt med et av tidenes talenter?

Sven Martin Skagestad, diskos

Les saken

Studie av Didrik Tønseth

Tønseth visste ikke hva han gjorde feil – her får han svaret

Didrik Tønseth, langrenn

Les saken

VBM – RM – Plakat

En telelinse på andre siden av dalen sikret medaljen

Ragnhild Mowinckel, alpint

Les saken

Johann André Forfang

Én økt her kan tilsvare flere hundre hopp

Johann André Forfang, skihopp

Les saken

Riiber tar gentest

Slik ble han verdens beste kombinertløper

Jarl Magnus Riiber, kombinert

Les saken