Hopp til innhold

Stress medan babyen er i magen kan sende barn tidlegare i puberteten

Tidspunktet for når du kjem i puberteten kan seie noko om helsa di som vaksen.

Gravid kvinne iført blå BH og svart bukse. Hun holder ei hånd på magen.

STRESSA? Graviditet og stress er ingen god kombo, det veit vi. No sett danske forskarar stress i svangerskap i samanheng med tidleg pubertet hos barn.

Foto: Jenny Westrum-Rein / NRK

Frå 1840-talet til andre verdskrigen blei alderen for starten av puberteten senka med over to år i Noreg. Frå rundt femten og eit halvt år, til tretten og eit halvt år.

Forskarane trur årsaka til endringa er betre næring, færre sjukdommar og generelt betre forhold å leve under.

Etter det låg puberteten stabilt i fleire tiår.

Men det som har skjedd dei siste åra, kva forklarer det? spør professor og seniorforskar ved FHI, Pétur Benedikt Juliusson.

Det professoren snakkar om er resultata frå to studiar i Bergen. I løpet av ti år, fram til 2016, sokk pubertetsalderen med tre månader. Det same er sett også i andre land som USA.

No kan danske forskarar ha funne noko som kan vere ein ny del av forklaringa.

Kvardagsstress og emosjonelt stress

Danskane såg på data frå rundt 14.000 barn og mødrene deira. Under graviditeten blei mødrene spurde om to typar stress.

Kvardagsstress, som for eksempel er knytt til økonomi, jobb og sjukdom.

Og emosjonelt stress, altså om dei kjente seg for eksempel nervøse, utmatta eller deppa.

Seinare blei barna spurde blant anna om når brysta og testiklane deira begynte å vekse.

Resultatet var tydeleg: Dess meir stress mora opplevde under graviditeten, dess høgare var risikoen for at barna ville komme tidlegare i puberteten enn andre, skriv danske DR.

Barn av stressa mødrer gjekk i snitt ein til to månader tidlegare i puberteten enn andre barn.

– I begge svangerskapa mine har eg vore veldig merksam på at eg ikkje skal stresse, få høg puls, gruble og bekymre meg.

Karoline Espelid Ueland (30) er gravid med sitt andre barn. Ho har ofte kjent på mykje kvardagsstress, men svangerskapa har fått henne til å roe meir ned.

– Eg har lært meg å skunde meg sakte, seier ho.

Den nye forskinga gjer henne ekstra glad for det.

Karoline Espelid Ueland sammen med datteren Iben på snart to år. De er utenfor Slottet.

Rundt toårsdagen til dottera Iben, kjem ein veslebror til verda. Karoline Espelid Ueland er opptatt av å eliminere stress frå kvardagen nå som ho er gravid.

Foto: Sindre Eikenes

Ein til to månader kan ha mykje å seie

Eit par månader tidlegare pubertet enn snittet høyrest kanskje ut som ein bagatell. Men faktisk har forsking vist at tidleg start av puberteten kan få negative konsekvensar for helsa. Som diabetes, høgt blodtrykk og angst.

Pétur Benedikt Juliusson i FHI understrekar at det er store forskjellar frå barn til barn, og at det ikkje nødvendigvis er sånn at ein får dårleg helse om ein for eksempel får mensen ei god stund før snittet.

I tillegg til stress kan tidspunktet for puberteten bli påverka av mange andre ting. For eksempel hormonliknande stoff.

Vi veit jo at mor si helse, eller om mor røyker, kan påverke fosteret sin vekst og utvikling. Det kan også ha innverknad på helsa seinare i livet til individet. Til og med korleis besteforeldra oppførte seg, påverkar barnebarna litt. Det er eit «mind blowing» felt.

  • Fekk du med deg denne saka?

Les også Line og Siri har «superkrefter» ei uke hver måned – og det har kanskje du også

Siri Moseng er ute på en grusvei iført treningsklær. Hun tar en selfie og smiler bredt med lukkede øyne. Det er trær og blå himmel med skyer i bakgrunnen.

Finn stresstriggerane

Til liks med Karoline Espelid Ueland, er Eline Hjetland Engelsjord (33) gravid for andre gong no.

– Eg hadde svangerskapsdepresjon førre gong, men skjønte det ikkje før eg var langt på veg. Eg var nedfor heile tida og gret kvar dag. No veit eg meir, og har det mykje, mykje betre.

Eline Hjetland Englesjord står ute iført solhatt, solbriller og blomsterkjole. Hun holder begge hender på gravidmagen sin. Bildet er i svart/hvitt.

Eline Hjetland Engelsjord ventar gut nummer to seinare sommar. Ho har det betre no enn førre gong ho var gravid.

Foto: Sven Tore Svardal

Frå naturens side er ho ikkje ein stressa person. Men ho har nokre triggarar. Hennar beste tips for å stresse ned, er å finne og fjerne desse triggarane. Sjølv blir ho ganske uroleg av å ha ting hengande over seg.

– Eg utset ikkje gjeremål. Og så veit eg at eg har det betre med meg sjølv viss eg er aktiv og rører på meg.

  • Professor meiner mykje tyder på at trening bør bli ein større del av barselomsorga:

Les også Denne måten å trene på er mest effektiv mot fødselsdepresjon

Personlig trener Sigrid Bye Skille og Jennie Lavine Gudmundsen Eilertsen sitter på gulvet på et treningssenter og prater. Jennie smiler, og vi ser profilen til Sigrid. Bak dem er en rekke med kettlebells.

Ho seier denne graviditeten er travlare, fordi ho har eit barn å konsentrere seg om. Det kjenner Ueland seg igjen i.

– I det første svangerskapet kunne eg chille heile ettermiddagen og kvelden. No går det i eitt til dotter mi er lagd for natta. Sjølv om eg er obs på pulsen, er det ikkje alltid til å unngå at han blir litt for høg i kvardagsstresset, seier Ueland.

Samtidig har ho mindre tid til grubling.

Første svangerskapet var eg klar over at eg var gravid kvart einaste minutt. Det kan ein bli sliten av. No har eg så mykje å halde på med at eg gløymer meir at eg er gravid, ler ho.

Den sterkaste samanhengen mellom stress og tidleg pubertet, fann dei danske forskarane når mødrene var bekymra for økonomi og stad og bu.

Og slike bekymringar er det jo faktisk mogleg å førebygge, påpeikar Cecilia Ramlau-Hansen til DR. Ho er forskar ved universitetet i Aarhus og ein av forskarane bak studien.

– Ein kan jo ikkje fjerne bekymringane frå kvinna. Men det er likevel noko som ligg utanfor kvinna og som det kanskje kan vere mogleg å gjere noko med.