– Det er ikkje greitt at vi må flytte for å få hjelp. Vi har betalt skatt vi også, seier Arnhild Barmen (78).
Pensjonisten studerer hagen utanfor heimen ho elskar. Her på øya Barmen har ho budd så godt som heile livet. Ho har vore enke i fleire år, og har ingen barn.
For 50 år sidan budde det 162 menneske på øya ytst i Stad kommune i Nordfjord. No er det 33 att.
Det blir stadig fleire eldre som treng pleie og omsorg, og allereie i dag manglar det tusenvis av sjukepleiarar, legar og hjelpepleiarar.
Likevel lovar politikarane at eldreomsorga skal ha endå høgare kvalitet, og endå meir personleg valfridom i framtida.
Men alt har ein kostnad.
Kommunane sin interesseorganisasjon, KS, seier at det ikkje er realistisk å innfri alle løfta.
HEIME: 78-år gamle Arnhild Barmen er usikker på framtida.
Foto: Sondre Dalaker / NRKVil vere heime på øya si
Arnhild merkar alderen, aller mest er det synet som skapar trøbbel.
Når heimetenesta kjem for å vaske huset hennar ein gong i månaden, reiser to tilsette med den vesle batteriferja. Då skundar dei seg i ein time, for å rekke ferja tilbake i tide. Slik blir eldreomsorga effektiv nok.
Arnhild veit at det ville vore lettare om ho flytta til fastlandet, men hjartet hennar er på øya.
– Eg har vore her alltid, eg kjenner folk. Eg har det godt her, og alle er hjelpsame med meg.
Skatterekning på 95.000 kroner
NRK har gått gjennom programløfta til alle partia på Stortinget.
Her vert det lova at folk skal få bu heime så lenge dei ynskjer det, og at dei skal få byte heimetenester om dei ikkje er nøgde. Også sjukeheimane skal eldre ha byterett på.
I tillegg lovar politikarane faste team av helsearbeidarar, for best personleg oppfølging.
– Det er veldig viktig å vere klar over konsekvensane av desse løfta. Politikarane må vere ærlege om kva dei blir, seier SSB-forskar Erling Holmøy.
SSB har rekna på kva auken i velferdstenester vil koste framover.
Gjennom åra er det slik at Noreg med små steg har auka kvaliteten på helse og omsorgstenestene.
Samstundes vil talet eldre over 70 år vekse frå 634.000 i dag, til 1,3 millionar i 2060.
Om også auken i kvaliteten på tenestene held fram, vil vi i ytste fall mangle 95 000 kroner per innbyggar, konkluderer SSB.
SSB varslar at folk må kutte i privat forbruk, jobbe meir, og ha mindre fritid for å klare å betale. Elles må staten nedprioritere andre offentlege ytingar.
Men det handlar ikkje berre om pengar.
HJELP: Medan Arnhild Barmen følgjer med er nabo Hanne Marie Utvær i gang med å fikse plenen.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKStadig fleire må jobbe innan helse og omsorg
Omsorga er også eit spørsmål om talet på hender.
I dag arbeider 14 prosent av alle årsverk i samfunnet innan helse og omsorg. I 2060 kan andelen bli nær 40 prosent, om veksten i ytingane held fram, varslar SSB.
Det vil vere nærmare ein million årsverk.
Kanskje blir eldre friskare i dag, og kanskje vil familiane hjelpe meir til med dei eldste. Politikarane kan bremse veksten i ytingar.
Men uansett bør ein førebu seg på at andelen innan helse og omsorg vil vekse mot 25 prosent av alle årsverk.
Om det offentlege ikkje klarar oppgåva, kan veksten i eldreomsorga kome uansett. Mange med god økonomi kan heller skaffe seg tenestene privat, meiner SSB-forskaren.
(Tabellen viser utviklinga i talet personar over 65 år i Noreg, kjelde: SSB)
Kommunane: – Vi manglar tusenvis
Ein fersk rapport frå KS viser at nesten ni av ti kommunar alt i dag ser det som svært eller ganske utfordrande å skaffe nok sjukepleiarar. I tillegg manglar landet hjelpepleiarar, fastlegar og bioingeniørar.
Problemet er størst i Utkant-Noreg, men også byområda strevar meir og meir.
Ei undersøking NRK har gjort viser at ein av tre kommunedirektørar ikkje er sikre på om dei kan gi omsorg i heimen til alle som ynskjer det om tjue år.
Dei mest sentrale kommunane svarar at dei skal klare det. Distriktskommunane er i tvil.
Helge Eide er direktør for interessepolitikk i KS.
– Vi er bekymra for at regjering og Storting lovar meir omfattande velferdstenester frå kommunane, men utan realistiske moglegheiter til å innfri løfta, seier han.
Innan eldreomsorg er ni av ti tilsette kvinner, mange jobbar deltid.
Om ingenting skjer med kjønnsbalansen, vil vi trenge ein svært stor andel av kvinner i arbeidsfør alder her til lands i desse tenestene, trur KS.
– Men vi trur rett og slett ikkje at så mange kvinner vil dette, seier Eide.
Så kvifor lovar politikarane endå betre tenester til eldre likevel?
ØYSAMFUNN: Mange kommunar, særleg utanfor byane, fryktar det blir krevjande å kunne gi hjelp til alle som vil bu heime. Ei løysing er å oppmode folk om å flytte.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKSolberg: – Stikkordet er teknologi
Betre eldreomsorg er eit sentralt valløfte for statsminister Erna Solberg (H).
Høgre lovar mellom anna at eldre skal få byterett på sjukeheimar eller heimehjelpstenester, om ein ikkje er nøgde. Fleire eldre skal få bu heime lenger.
Statsministeren meiner ny teknologi vil forandre eldreomsorga.
– Vi kan auke tilbodet av tenester utan at vi nødvendigvis aukar personellbruken, seier ho.
Statsministeren viser til døme som plaster som målar feberen digitalt, som helsepersonell langt unna kan lese av.
– Vi må bruke arbeidskrafta på å ha fleire varme hender nær folk, i staden for dei andre tiltaka som vi til dømes kan bruke teknologi på.
– Kan dagens unge frykte ei stor ubetalt skatterekning?
– Om vi no ikkje skjønar at på kort sikt er det viktigaste å skape arbeidsplassar i privat sektor som kan finansiere, då vil vi få ei stor ubetalt skatterekning. Vi må ha nok verksemder som har overskot og tilsetjingar til at vi har skatteinntekter.
GRUNNSTEIN: Erna Solberg legg ned grunnsteinen til nytt sjukehusbygg i Førde.
Foto: Oddgeir Sæle / NRKStøre: – Vi må få fleire i jobb
AP-leiar Jonas Gahr Støre meiner det er realistisk å auke kvaliteten på eldreomsorga.
Partiet lovar at dei eldre skal få påverke tilbodet sitt meir, mindre faste team skal ha ansvar for kvar enkelt.
– Stikkordet er arbeid. Når vi skal dele på rekninga for trygg eldreomsorg og helse, er det viktig at fleire delar på rekninga enn i dag. Det er heilt rett at vi kan mangle viktige fagarbeidarar, men svaret på det er at vi innrettar utdanningane våre betre, slik at vi kan rekruttere fleire unge og få fleire inn i jobb.
– Er det rett av oss å halde fram med å auke velferda?
– Det er ein suksess at folk i Noreg lever lenger, folk skal vere trygge på ei god heimeteneste, og det vil gjelde dei fleste. Vi vil satse meir fordi folk ynskjer å bu heime, men også tryggleik for heildøgns omsorg. Å gå på tvers av det er i strid med det vi står for som eit solidarisk samfunn.
– Urealistisk, seier KS?
– Det seier dei ut frå dei føresetnadane som er i dag, derfor må vi endre politikken. Eg er sikker på at med ny teknologi så kan vi greie det.
HJELPAR: Graset må slåast, ved må i hus om vinteren, oppkøyrsla ryddast for snø. På Barmen bidreg naboane til at livet går rundt.
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRKStolar ikkje på politikarane
– No lovar dei, men det er ikkje sikkert dei held løfta. Eg har eigentleg ikkje noko håp om at eg får bu her, seier Arnhild Barmen.
På Barmen er det naboane som støttar ho med oppgåver i heimen. Arnhild insisterer på å betale, sjølv om dei seier det ikkje er naudsynt.
Hanne Marie Utvær er i gang med å slå plenen. Ho plar å ringe Arnhild for å høyre om alt står bra til.
Ho spør seg:
– Kanskje blir samfunnet slik at stadig fleire må jobbe dugnad for å få eldreomsorga til?
Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) og NRK.
Tanja er den einaste jenta på biletet som har flytta heim
Nær ein av tre norske kommunar hadde 20 eller færre fødslar i fjor.
Forskning viser at koronalivet er bedre i distriktet: – Det ble kvelende å være i Oslo
De drømte om mer luft og natur, og mindre nedstengt by. En ny studie slår fast at folk i storbyen har slitt mest.
Dei fleste bygdeungdom er som Truls. Dei vil bu, leve og døy på bygda.
Det er ikkje slik at alle bygdeungdommar vil flytte til byen. Fleirtalet vil helst bli buande på bygda, viser ei fersk undersøking. Men dei stiller nokre krav.
Legestudenten Marja er like viktig for helsen som for et truet språk
Marja-Elina Varsi har gjort som tusenvis av andre samer: Flyttet fra bygda til byen. Nå håper ordføreren i hjemkommunen at hun kommer tilbake.
Sunniva jobber med finans for San Francisco-selskap fra øy med 400 innbyggere
Hun begynte med hjemmekontor hos foreldrene da pandemien brøt ut. Nå har Sunniva Antonsen Remmen (26) kjøpt seg hus på Træna.
SSB mener Mathildes (20) hjemkommune skal vokse – forsker mener det er en grov bom
SSB spår vekst i folketallet i Hamarøy og mange andre kommuner i distriktene de neste 20 årene. Forsker mener SSB tar systematisk feil og mener de vil få en mye større nedgang.
Anna og Piotr har vore med på å berge folketalet på bygda, men no snur det
No stansar innvandringa opp, og det kan få alvorlege følgjer for distriktskommunar.
Sara og Joachim måtte gi opp å bygge nytt: – Har pusset opp for 5 millioner
I en av kommunene der det bygges færrest boliger, fikk Sara og Joachim knapt lån til å kjøpe et gammelt, forfallent hus.
Berre ti søkte på departementsjobbar som var meint for folk frå distrikta
Det kom færre søkarar enn normalt då Næringsdepartementet gjorde det mogleg å søka på departementsjobb,