Hopp til innhold

Finansbyråden i Bergen går av

Byråd Eivind Nævdal-Bolstad (H) tek sjølvkritikk etter fleire utnemningar av styremedlemer, som skulle ha vore fremma i byrådet.

Finansbyråden i Bergen går av

Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad gjekk av måndag. Til venstre byrådsleiar Christine Meyer.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Det kom fram på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

– Eg er oppriktig lei meg for valet han har tatt, men har òg respekt for avgjersla, seier byrådsleiar Christine Meyer (H).

Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad (H) seier han går av fordi han som kommunens representant i valkomiteane har utnemnt kommunen sine kandidatar til styreverv i selskapa i Fløibanen og Bergen Havn, utan at det hadde vore tatt opp i byrådet.

Finansbyråd går av Bergen

Finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad gjekk av måndag. Til venstre byrådsleiar Christine Meyer.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Som finansbyråd må eg kjenne mine fullmakter og rammene av dei. Det har eg ikkje gjort i dei to tilfella, sa Nævdal-Bolstad på pressekonferansen.

– Når eg no har fått avdekka at dei to nemnde utnemningane skulle vore fremma i byråd, meiner eg det er rett å ta konsekvensen av det, og gå av som byråd.

Nyheita om avgangen kom ei veke etter at det vart kjend at Bergen kommune hadde jobba for å skifte ut styreleiaren i energiselskapet Eviny, utan å informere medeigarane.

– Årsaka til at han går av er først ein noko uheldig handtering av styreoppnevning til Eviny, seier byrådsleiar Christine Meyer til NRK etter pressekonferansen måndag.

– Oppå det kjem det to styre som burde vore inne til byråd, som ikkje har vore det, legg ho til.

Skal gjennomgå alle selskap

– Eg vil seie det er heilt avgjerande at kommunen utøver god eigarskapsstyring. Det er noko eg håpar at min avgang kan bidra til å gjenopprette, avslutta byråden sitt innlegg i pressekonferansen.

Byrådsleiar Christine Meyer sa at kommunen no går i dialog med Fløibanen AS og Bergen Havn.

– Me vil så raskt som mogleg fremme nye saker til byrådet for å sikre at utnemningane blir gjort i tråd med fullmaktene.

pk bergen kommune
Foto: John Inge Johansen / NRK

I tillegg blei byrådet i ettermiddag kjend med at det har vore ein utnemning i selskapet VilVite utan at det har vore fremma i byrådet, fortalde byrådsleiaren.

– Eg har no bede alle byrådane om å gjennomgå alle selskap som Bergen kommune utnemner styremedlem til, la ho til.

Fram til ein ny finansbyråd blir utnemnd vil Charlotte Spurkeland overta oppgåvene til finansbyråden. Det kjem i tillegg til at ho utøver si noverande stilling som byråd for barnevern, sosiale tenester og mangfald.

I kjølvatnet av Eviny-saka

Nævdal-Bolstad bad sin eigen administrasjon om å sjekke utnemningane etter stormen i kjølvatnet av byrådets ønske om å skifte ut styreleiaren i kraftselskapet Eviny.

Førre veke vart det kjent at Bergen kommune, som er ein av eigarkommunane i energiselskapet Eviny, hadde jobba i det skjulte i to-tre månader for å erstatta noverande styreleiar Jan Erik Kjerpeseth.

Byrådet ønskte i staden å få inn Øistein Andresen, som har erfaring med kraftbransjen i Innlandet. Men dei varsla verken Statkraft eller dei andre eigarkommunane i Eviny på førehand.

Dei måtte lese om saka i lokalpressa.

Handteringa har i seg sjølv skapt sterke reaksjonar. Det har også det faktum at Andresen ikkje har tilknyting til Vestlandet.

Øistein Andresen, konsernsjef i Eidsiva Energi

Timar før pressekonferansen vart det kjent at byrådet i Bergen sin kandidat til ny styreleiar i Eviny, Øistein Andresen, trekte kandidaturet sitt laurdag.

Trekte seg

Etter alt bråket trekte Andresen seg som styreleiar-kandidat i helga. Det vart kjent måndag føremiddag.

– Med den negative merksemda denne saka har fått og eit tilsynelatande breitt ønske om regional forankring, vil det ikkje vere riktig, verken for meg eller selskapet, at eg trer inn i rolla som styreleiar, skriv Andresen i ein SMS til NRK.

Måndag ettermiddag møtte Statkraft byrådet om prosessen vidare. Tysdag skal dei møte dei andre eigarkommunane i Eviny.

– Byrådet vil fortsette arbeidet med å finne ein ny styreleiar, som skal veljast inn på ekstraordinær generalforsamling i juni, sa Meyer om Eviny-saka på pressekonferansen.

– Svært alvorleg

– Dette løyser ikkje dei problema som Høgre sin byrådsleiar har vore med å skape knytt til Eviny, skriv tidlegare byråd Rune Bakervik (AP) til NRK.

– Det er her alt fokus må vere no, og Meyer er uansett ansvarleg for å rydde opp i dette.

Fleire frå opposisjonen stiller spørsmål ved byrådsleiaren si rolle i saka.

– Eg har respekt for Nævdal-Bolstad, trass våre politiske motsetningar, og synest dette viser ein politikar som tek ansvar, skriv Mikkel Grüner (SV) til NRK.

– Det som framleis er uklart er om Nævdal-Bolstad faktisk hadde det overordna ansvaret, og det er heller ikkje avklart kva som er Meyer si rolle i saka, legg han til.

– Nævdal-Bolstad har vore eit sterkt kort for ein byrådsleiar som har rota mykje, og ho har sjølv vore involvert i Eviny-saka, skriv Thor Haakon Bakke (MDG) til NRK.

Han seier det viktigaste no er at byrådet ryddar opp i Eviny-saka.

– Selskapet skal satse stort på fornybar energi dei neste åra, og då trengst det betre eigarskapsstyring enn det Meyer-byrådet har stått for.