Hopp til innhold

To år etter klimabrølet: Krise for Venstre, MDG slit utanfor Oslo-området

Venstre mister 6 av 8 stortingsmandat i NRKs supermåling. Saman med MDG greier dei ikkje mobilisere veljarar utanfor Oslo og Akershus.

Klimabrølet utenfor Stortinget

KLIMABRØLET: Tusenvis av ungdommar brølte i 2019 landet rundt for klimaet. I NRKs måling viser lite av brølet igjen før 2021-valet.

Foto: Soc Bnc / NTB

– Eg trur alle i grunn har lyst til å vere klimavennlege, men det er ein del løysingar som blir tredd ned over hovudet på folk, seier Dag Terje Røen.

NRK møter han og Rune Erdal på toppen av det store parkeringsanlegget Bygarasjen midt i Bergen sentrum.

Erdal har elbil og stemmer på Venstre.

Røen gjer ingen av delane. Han er ein av dei mange som ikkje vil gi si stemme til parti med miljøprofil i NRKs første supermåling før stortingsvalet.

Der ligg Venstre langt under sperregrensa. Og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) greier ikkje å få fotfeste utanfor Oslo og Akershus.

– Det er for dårleg. Der må vi hjelpe til med å få dei opp over sperregrensa, seier Venstre-veljar Erdal.

Meningsmåling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med mars 2021
Graf med oppslutning per parti
R: 3.7% (endring: -0.1
SV: 7.0% (endring: +0.1
AP: 23.3% (endring: 0.0
SP: 17.1% (endring: +0.5
MDG: 3.9% (endring: -1.0
KRF: 3.4% (endring: +0.2
V: 2.9% (endring: -1.1
H: 24.7% (endring: -0.5
FRP: 11.1% (endring: +0.9
Andre partier: 3.0%
Utført av Norstat 7.–20. april11,413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Turkamerat Røen meiner klimapartia både går for langt og bommar i miljøpolitikken sin.

– Dei treff ikkje publikummet sitt. Dei gir ikkje klimastøtte til dei som ikkje har råd til å kjøpe Tesla. Det er feil fokus, seier Røen.

Dei peikar begge på at mange kjøper elbil, men at det for det meste er økonomisk motivert.

– Eg trur det er meir økonomiske motiv enn miljøomsyn, seier Erdal.

Røen og Erdal

USAMDE OM MILJØPOLITIKK: F.h. Rune Erdal køyrer elbil og stemmer Venstre. Det gjer ikkje Dag Terje Røen. Men dei er samde om at miljøpolitikken er økonomisk motivert.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Blir ein kamp til døra

Det er under to år sidan unge landet rundt sette i det store klimabrølet for å vekke politikarar til å gjere noko med klimasaka.

I kommunevalet i 2019 blei også bompengar versus klimasaka ein viktig konflikt.

Men no kan det sjå ut som at klimaengasjementet hjå store delar av befolkninga har dabba noko av.

Nyleg fortalde NRK at bergensarane har vorte mindre villige til bruk av politisk klimapisk.

Sosialistisk Venstreparti har heller ikkje nokon stor framgang, sjølv om dei karar til seg eit prosentpoeng sett mot stortingsvalet i 2017. Dei landar på 7 prosent nasjonalt.

Venstre-nestleiar og statsråd Sveinung Rotevatn er ikkje nøgd med 2,9 prosent på landsbasis og enno mindre oppslutning i heimfylket Vestland.

– Det er ikkje der vi skal vere. Vi må løfte oss, men dette blir ein kamp til døra, og det kjem til å stå om få stemmer, seier klima- og miljøvernministeren.

Stortingsmeldingen "Klimaplan for 2021-2030"

MISTER STORTINGSPLASS: Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre og klima- og miljøvernminister, slit med å skaffe seg stortingsplass.

Foto: Berit Roald / NTB

Når ikkje folk utanfor Oslo

Venstre mister seks av åtte stortingsmandat i supermålinga, mens MDG får tre, ein tredobling av det partiet har i dag. Begge parti får mandata frå Oslo og Akershus.

– Det er veldig hyggeleg og den beste stortingsmålinga for MDG i Oslo nokosinne, seier byråd Lan Marie Berg (MDG).

Mandatfordeling april 2021 for Nasjonal

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
H: 47 mandater, endring +2
AP: 44 mandater, endring -5
SP: 33 mandater, endring +14
FRP: 21 mandater, endring -6
SV: 13 mandater, endring +2
R: 3 mandater, endring +2
MDG: 3 mandater, endring +2
KRF: 3 mandater, endring -5
V: 2 mandater, endring -6
Utført av Norstat 7.–20. april11,413 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Men partia greier ikkje å feste grepet om veljarar andre stadar i landet.

Målinga til NRK viser nemleg at heile 45 prosent av veljarane til Venstre bur i Oslo og Akershus.

For MDG er prosentdelen som bur i Oslo-området på 41. I tillegg bur 9 prosent av veljarane i Sør-Trøndelag, der partiet går noko fram i tal på veljarar.

I Hordaland går MDG tilbake.

Arild Hermstad

IKKJE NØGD: Arild Hermstad er konstituert partileiar i MDG. På supermålinga får han ikkje stortingsmandat frå Hordaland.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

– Vi ser jo at klimaengasjementet druknar litt i koronakrisa. Det har vi sett gjennom vinteren, seier Arild Hermstad, konstituert partileiar i MDG og toppkandidat i Hordaland.

Han får ingen stortingsplass i målinga, men avviser at klimaengasjementet er lågare i landet elles enn i Oslo-området.

– Det er i distrikta det grøne skiftet skal skje. Det er der klimaendringane kjem til å slå hardast inn, så vi er nøydde til å engasjere folk i miljøkampen både i by og i land, seier han.

Korona og urbanisering

Regjeringsslitasje er truleg ein av årsakene til at Venstre no slit, ifølge Yngve Flo, professor i politisk historie ved Universitetet i Bergen.

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

FORSKAR: Yngve Flo er professor i politisk historie ved UiB.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Vidare peikar han på to årsaker til at klimaengasjementet er på hell: Koronakrisa og at striden mellom sentrum og periferi har forsterka seg, altså by mot distrikt.

– Sentrum-periferi-striden har overskygga og til dels øydelagd for miljøsaka, seier Flo.

Han viser til at MDG er eit utprega urbant parti som er oppteken av kollektivtrafikk, kamp mot bil og vern av ulvar.

– Bygdene og rurale strøk opplever kanskje at klimasaka er noko som er med på å halde dei nede, seier professoren.

IMG_6060

VELJAR: Camilla Hopsdal stemmer til venstre i politikken.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Det er ikkje alle som får plass på bybanen i rushet, seier Camilla Hopsdal.

Ho viser til at det er lengre avstandar og meir bruk for bil på Vestlandet enn i Oslogryta.

Miljøsaka er viktig når ho skal velje parti.

– Men eg er litt meir på venstresida.

Åtvarar SV mot veljarjakt frå MDG

Sjølv om SV no har ein trygg posisjon over sperregrensa, åtvarar Flo dei mot å bli så komfortable at MDG tømmer dei for veljarar.

– Kampen mot sperregrensa kan verke mobiliserande for MDG sidan dei no ligg så tett på som dei gjer. Då kan det gå ut over SV, seier professoren.

Audun Lysbakken

PARTILEIAR: Audun Lysbakken er leiar for SV.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

SV-leiar Audun Lysbakken har likevel trua på at dei skal nå nye høgder, og viser til at dei ikkje berre står på klimasaka, men også har kampen mot sosiale skilnadar som fanesak.

– Eg trur pandemien og dei sosiale konsekvensane av den vil prege valkampen. Men eg trur også at mange har fått ei påminning av at vi er sårbare og at vi må førebu oss på den neste krisa. Det er klimakrisa, seier partileiaren.