Ny undersøking: Klimaengasjementet fell under MDG-byråd i Bergen

Etter to år med klimabyråd frå Miljøpartiet Dei Grøne har ein av fem bergensarar mista trua på å kutte fossile utslepp. – Eg synest dei går alt for langt, seier Per Olav Rasmussen.

Per Olav Rasmussen.

MEINER MDG GÅR FOR LANGT: Per Olav Rasmussen trur MDG sin politikk er noko av årsaka til det fallande engasjementet kring klimaspørsmål.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Eg er ikkje så veldig engasjert i det eigentleg, seier Per Olav Rasmussen (72) om klimatiltaka i Noregs nest største by.

For to år sidan sa heile 76 prosent av bergensarane at det var viktig å nå klimamåla for byen.

Så kom bompengeopprøret og kommunevalet der Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) fekk byrådsmakt.

No er det berre 53 prosent av innbyggarane som seier det er viktig å gjere byen fossilfri innan 2030.

Det viser årets klimaundersøking frå klimaetaten i Bergen.

Rasmussen trur noko av årsaka kan ligge i MDG sin politikk.

– Eg syns dei går altfor langt, og det kan jo vere mange som reagerer på det, seier han.

Sjølv er han samd i at sentrum bør bli bilfritt.

– Men eg trur det er vanskeleg.

– Krigen mot bilen har dårleg oppslutning

To år med det grønaste byrådet nokosinne har altså ikkje skapt meir klimaentusiasme blant innbyggarane.

Ifølgje undersøkinga er det meir polariserte haldningar til bilbruk og bompengar enn tidlegare.

Fleire er positive til å gjere dei minst inngripande tiltaka. Men folk fryktar at dei «positive tiltaka for mjuke trafikantar skal gå utover fridomen til å kunne bruke bil».

Analysebyrået Opinion peikar på at ei årsak kan vere medieoppslag om «negative konsekvensar av å ikkje kunne bruke bil eller endring i trafikkbelastninga i byen».

Bystyrerepresentant for Høgre, Charlotte Spurkeland, meiner rapporten viser at politikken til MDG ikkje fungerer.

Charlotte Spurkeland (H)

MEINER MDG POLARISERER: Charlotte Spurkeland meiner at tonen til MDG gjer at dei ikkje klarer å få med seg bergensarar på klimamål.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Vi ser jo i denne undersøkinga at krigen mot bilen som MDG kanskje prøvar å skape, har ganske dårleg oppslutning, seier Spurkeland.

Ho meiner MDG driv ein polariserande klimadebatt, og vil heller ha auka fokus på klimatiltak som folk vil vera med på.

Spurkeland meiner at nøkkelen til meir populære klimatiltak er å legge til rette betre, gi meir påverknad på kollektivtrafikken og faktisk bygge fleire ladestasjonar for elbil.

Meiner andre tema har kome høgare opp på dagsorden

Byråd for klima, miljø og utvikling, Thor Haakon Bakke (MDG), avviser at dei har bidrege til polarisering i klimadebatten.

– Eg vil heller seie at det er komme meir kunnskap og kanskje vore ein fragmentering og at klimapolitikken er blitt mindre abstrakt og meir konkret, seier Bakke.

Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen kommune, Thor Haakon Bakke.

GRØN BYRÅD: Thor Haakon Bakke (MDG) er byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen.

Foto: Suzanne Sagebø

Han trur det store spriket i støtta til klimamåla frå 2019 til i dag skuldast fleire ting.

– Undersøkinga frå 2019 vart tatt opp før bompengeopprøret, korona, og arbeidsløyse og annan tematikk enn klima har kome høgare opp på dagsorden, seier Bakke.

Han trur at motstanden mot inngripande tiltak kjem til å auke med åra.

– Jo nærare ein kjem 2030, jo meir ekte blir tiltaka og debatten om tiltaka, og det kan gjere at fleire aukar motstand mot tiltak, seier Bakke.

Endring av spørsmål

Åsta Dyrnes Nordø er politikkforskar ved Norce i Bergen. Ho understrekar at hovudspørsmålet om støtte til klimamåla har endra seg litt sidan førre undersøking.

Åsta Nordø

POLITIKKFORSKAR: Åsta Dyrnes Nordø forskar på politikkdeltaking ved forskingsinstituttet Norce i Bergen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

I 2019 var det todelt, mens i 2021 er berre eitt av elementa i spørsmålet med. Det kan spele inn på kva folk svarar, understrekar Nordø.

Også forskaren peikar på at folk har blitt meir bevisste på at klimatiltak kan ramme dei sjølve.

– Heile politikkfeltet har fått mykje meir merksemd dei siste to åra, og det kan ha bidrege til at folk har blitt meir bevisst på kva dei sjølv meiner i desse sakene, men det kan òg ha ført til sterkare synspunkt, seier Nordø.

Vidare kan koronapandemien ha tatt fokuset vekk frå klima og miljø.

– Men det er vanskeleg å seie om det har hatt ein direkte påverknad på denne undersøkinga, forklarer Nordø.

Stor støtte blant unge

Framleis er det stor oppslutning om klimamål og tiltak blant dei unge. Nesten sju av ti vil gjere byen fossilfri før 2030, mot ni av ti i 2019.

– Vi skal leve lenge på denne jorda, så det er viktig at klimaet blir teke på alvor, seier Caroline Tranberg (21).

Saman med Ainsley Retzius (26) stiller ho seg uforståande til at oppslutninga om klimatiltaka er fallande.

– Det er skummelt, ettersom det berre blir viktigare å ta vare på klimaet, seier dei

Karoline Tranberg og Ainsley Retzius.

ENGASJERTE: Både (f.v.) Caroline Tranberg og Ainsley Retzius meiner det er viktig å redusere klimautslepp før 2030, og er overraska over resultata frå spørjeundersøkinga.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

.