Hopp til innhold

NRKs meiningsmålingar i valkampen

Fram til stortingsvalet 13. september 2021 følgjer NRK situasjonen tett med dei mest omfattande målingane vi nokon sinne har gjennomført. Du får detaljert oversikt over den politiske stillinga i ditt valdistrikt.

Valgkamp på Alta videregående skole

VALKAMP: Stortingsvalet blir avgjort i norske lokalsamfunn. Her kjempar partia om unge stemmer i Alta i 2017.

Foto: Kai Erik Bull

Kampen om kven som skal styre landet, blir avgjort i norske lokalsamfunn fordi vi stemmer på politikarar som stiller i det valdistriktet der vi bur.

I valkampen 2021 tek NRK dette endå meir på alvor enn tidlegare.

11.400 spurde

Normalt gjennomfører Norstat nasjonale partimålingar kvar månad for NRK og Aftenposten med 1.000 spurde. I år tek meiningsmålingsbyrået langt fleire telefonar for NRK.

Fire gongar fram mot valet vil Norstat ringe 600 veljarar i kvart av dei 19 valdistrikta og spørje kva for eit parti dei har tenkt å stemme ved stortingsvalet. Det er dei tidlegare fylka som utgjer dei 19 valdistrikta. Ein stemmer altså fortsatt i Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag sjølv om fylket er slått saman til Trøndelag.

Til saman gir dette svar frå 11.400 veljarar ved kvar av dei fire supermålingane. Det gjer at vi med stor grad av tryggleik kan seie mykje om korleis den politiske stillinga er i kvart distrikt.

Målingane blir publiserte i slutten av april, første halvdel av juni, midten av august og like før valet.

Meir presist bilde

Dette er hovudgrunnane til at NRK gjennomfører supermålingane:

  • All politikk er lokal. Supermålingane gir meir detaljert informasjon om den politiske situasjonen i kvart distrikt og grunnlag for betre dekning av valkampen i kvart område.
  • Presisjon. Dei seinare åra har det vore diskusjonar om kvaliteten og presisjonen på politiske meiningsmålingar. For eksempel i samband med val i USA og ved Brexit-folkerøystinga i Storbritannia. Målingar med fleire spurde gir mindre feilmarginar og dermed meir treffsikkert resultat.
  • Direktemandat. Når vi til vanleg spør eit utval veljarar frå heile landet har vi svar frå ganske i kvart valdistrikt. Dermed har vi usikker informasjon om kven som blir valt inn frå kvart enkelt distrikt. Denne oversikta blir betre med supermålingane. Nokre parti kan kome under den nasjonale sperregrensa, men bli representert gjennom direktemandat frå sin valkrets (Raudt og MDG er for eksempel valt inn frå Oslo i dagens storting).
  • Kampen om sperregrensa. Det norske valsystemet er slik at parti som får over fire prosent oppslutnad får fleire representantar gjennom utjamningsmandat. I år ligg både Raudt, MDG, Venstre og KrF svært nær denne grensa. Meir presise opplysningar om korleis partia ligg an i kampen rundt fireprosenten er viktig for valkampen.
Trygve Slagsvold Vedum, Jonas Gahr Støre og Erna Solberg

DI STEMME: Du avgjer om ho skal fortsette eller dei skal ta over. NRK følgjer kampen tett.

Foto: Vidar Ruud

Vekting - vegen frå distriktet til tinget

Kvar gong Norstat og andre meiningsmålingsinstitutt gjennomfører ei måling, gjer dei ei «vekting» av resultata.

Tenkt eksempel: Meiningsmålarane har ringt 100 personar som har fortalt kva dei vil stemme. Fem av dei har svart at dei stemmer «Fellespartiet». Altså fem prosent. Men byrået veit at dei har fått tak i færre unge og færre kvinner enn dei som brukte stemmeretten sin på «Fellespartiet» ved sist stortingsval. Dermed er det sannsynleg at partiet sitt resultat ligg over dei 5 prosenta - og Norstat gir «Fellespartiet» eit vekta resultat som NRK viser fram - for eksempel 6,2 prosent.

I NRKs supermålingar gjer Norstat dette med ulik vekting i kvart valdistrikt ut frå den kunnskapen dei har om distriktet. Utrekninga av oppslutninga i kvart distrikt blir så brukt til å finne ut kor mange direktemandat kvart parti får valt inn frå kvart valdistrikt. På denne måten blir dermed fire direktemandat frå Finnmark «delt ut» og 19 frå Oslo. Folketalet gjer at det er ulikt mandat-tal frå kvart område.

Til saman blir 150 direktemandat til Stortinget fordelt på denne måten i supermålinga. I tillegg skal kvart fylke få eit utjamningsmandat som er til for å gjere mandatfordelinga meir matematisk rettferdig ut frå landsresultatet, men som berre går til parti som har fått over 4 % oppslutnad på landsbasis.

LES OGSÅ: NRKs første supermåling: No peikar det hans veg

Med 600 spurde i kvart distrikt er det relativt sett fleire spurde i eit valdistrikt som Buskerud enn i Oslo. Ein konsekvens av at utvalet i målinga då er mindre i Oslo enn i Buskerud målt mot folketalet, er at oppslutningstala blir justert meir i Oslo.

Utjamning

Til slutt slår Norstat saman distriktsmålingane til ei nasjonal måling. Dei justerer tala ut frå den skeive geografiske fordelinga (kunnskapen om at dei har «for mange» svar frå Buskerud og «for få» frå Oslo).

Ut frå dette reknestykket sit då NRK og Norstat med ei oppslutning på nasjonalt nivå for kvart parti. Dette talet blir så brukt til å rekne ut kor mange av dei 19 utjamningsmandata parti med over 4 prosent nasjonal oppslutnad skal få.

Deler med andre mediehus

NRK har eit særleg ansvar for mediemangfaldet i Noreg. Difor tilbyr vi innhaldet i valdistriktsmålingane til norske regionale mediehus slik at dei saman med NRKs distriktskontor kan dukke ned i dei regionale tala.

I tillegg til supermålingane held NRK fram med å presentere sine vanlege nasjonale stortingsmålingar kvar månad i samarbeid med Aftenposten.

AKTUELT NÅ