Hopp til innhold

Høgre og Senterpartiet er vinnarane i fersk meiningsmåling for Rogaland

Senterpartiet fossar fram på NRKs ferske meiningsmåling. Medan Høgre er største parti i Rogaland.

Høyres landsmøte 2020

NØGD MED TALA: Høgres Tina Bru meiner tala i den nye målinga viser at folk ser eit Høgre som har handtert pandemien godt. Biletet er frå Høgres landsmøte i 2020.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Stortingsvalet er først 13. september. Men NRKs første supermåling, der mellom anna 600 rogalendingar har svart, viser eit sterkt Høgre med ei oppslutning på 30,6 prosent.

– Det er skikkeleg fine tal og eg blir veldig glad. Det tyder på at folk i Rogaland meiner Høgre har handtert pandemien godt, men at vi også har gode svar for dei åra som ligg føre oss, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Meningsmåling april 2021 for Rogaland

Endring sammenlignet med stortingsvalget 2017
Graf med oppslutning per parti
R: 2.2% (endring: +1.0
SV: 4.9% (endring: +1.0
AP: 19.3% (endring: -3.1
SP: 13.6% (endring: +6.1
MDG: 2.9% (endring: +0.3
KRF: 5.7% (endring: -2.7
V: 1.1% (endring: -2.4
H: 30.6% (endring: +1.8
FRP: 15.9% (endring: -3.8
Andre partier: 3.9%
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar
Les mer om NRKs meningsmålinger

Meiningsmålinga viser derimot elendige tal for regjeringspartnarane Venstre og KrF. Utan at det uroar Bru så veldig.

– Ingenting er avgjort og vi skal snart ha valkamp. Eg har tru på at vi skal klare å løfta oss på borgarleg side og eit fleirtal er innanfor rekkevidd på ny.

Mandatfordeling april 2021 for Rogaland

Endring sammenlignet med nåværende storting
Mandatfordeling per parti
H: 4 mandater, endring 0
AP: 3 mandater, endring -1
SP: 2 mandater, endring +1
FRP: 2 mandater, endring -1
SV: 1 mandat, endring +1
KRF: 1 mandat, endring 0
R: 0 mandater, endring 0
MDG: 0 mandater, endring 0
V: 0 mandater, endring 0
Utført av Norstat 12.–15. april600 svar

Grafikken viser hvor mange mandater hvert parti ligger an til å få valgt inn på Stortinget fra Rogaland. I tillegg vil ett av partiene i Rogaland få tildelt et utjevningsmandat basert på nasjonale stemmetall.

Les mer om NRKs meningsmålinger

Senterpartiet fossar fram

I tillegg til Høgre, må Senterpartiet og kunne kallast ein vinnar i målinga. Stortingsvalet i 2017 gav dei ei oppslutning på 7,5 prosent. I NRKs supermåling er dei no oppe på 13,6.

– Det er fantastiske tal, det er nærmast ei dobling sidan 2017, seier stortingskandidat Lisa Marie Ness Klungland i Sp.

Ho trur veljarane ser eit Sp som står på for betre tenester i heile fylket.

– Motivasjonen kunne ikkje vore betre. Vi er klare for å vise kva vi ønsker for Rogaland og for Noreg, seier ho.

På landsbasis viser supermålinga at Jonas Gahr Støre styrer mot regjeringskontora.

Tidenes dårlegaste for Venstre

Sjølv om Iselin Nybø har vore synleg som næringsminister under pandemien, blir verken ho eller resten av Venstre løna for dette.

Målinga for heimfylket til Nybø viser ei oppslutning på 1,1 prosent. Det er tidenes dårlegaste for Venstre.

– Det er ei veldig dårleg måling. Vi klarer ikkje å vise fram alle sigrane våre i regjering på ein god nok måte, seier fylkesleiar Kjartan Lunde i Rogaland Venstre.

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Lunde i Venstre.

Foto: Ole Andreas Bø

Også landbruksminister og KrF-nestleiar Olaug Bollestad får servert dystre tal frå supermålinga. Oppslutninga til KrF har gått frå 8,4 i 2017 til 5,7 i målinga.

– Eg tenkjer at dette på ingen måte er godt nok for KrF. Verken nasjonalt eller lokalt i Rogaland, seier Bollestad.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad

Olaug Bollestad i KrF.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

På landsbasis er KrF under sperregrensa.

– Det er vanskeleg å grava seg ned og finne årsaka. Vi må fokusera framover, seier Bollestad.