NRK Meny
Normal

Bergens blå førstedame

Ho diggar rap, gler seg til Rihanna-konsert med familien og påstår ho har slutta å kjefte i debattar. No er ho klar til å bli Bergens første statsminister på 80 år, dersom veljarane berre vil.

Erna Solberg portrett

FORSIKTIG OPTIMIST: Ho tar ikkje sigeren på forskot, men vågar å håpe på statsministerposten. – Vi skal uansett kjempe til siste vallokale stengjer, seier Erna Solberg til NRK.no.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg har slutta å kjefte på folk i debattar, det har eg lært. No snakkar eg heller om det eg vil få til politisk.

Det er fredag morgon i juli og klokka har så vidt passert sju, men ein opplagt Høgre-leiar er tydelegvis aldri for trøytt til å snakke politikk. Iallfall ikkje så snart ho har fått ein kaffikopp innanbords.

– Eg har fått kaffi, ja. Det treng eg om morgonen, seier ein uforskamma morgonfrisk Høgre-leiar på pent bergensk, utan å nøla ein augneblink.

Nøling verkar generelt som noko Erna Solberg sjeldan driv med. Kanskje ikkje så rart, ettersom ho i ein alder av 52 år har levd av å ytra meiningane sine sidan ho var 28 og for første gong blei vald inn på Stortinget som representant for Hordaland Høgre.

Nesten 25 år på tinget

Utanfor NRK sine lokale i Bergen har ein stor, svart SUV med svartsota bakruter innteke parkeringsplassen. Hovudpersonen sjølv lar seg tilsynelatande ikkje sjenera av dei to sivilkledde politikvinnene som fotfølgjer henne frå ho kjem til ho går. Å ha politifolk i hælane har vorte daglegdags.

Vi fant berre ut at det blei heilt feil, for meg som person, men òg for oss som parti.

Erna Solberg om å prøva å vera som Frp

Kledd i blå, sommarleg kjole og ein mobiltelefon som ser ut til å vera ein del av antrekket, seier Erna Solberg at ho "nesten" har tatt ferie – noko som visstnok betyr at ho berre jobbar vanlege arbeidsdagar.

Dessutan, som ho seier, jobbar ho frå Vestlandet – noko som visstnok nesten er som ferie å rekna i seg sjølv for Bergens første statsministerhåp på 80 år.

Dagen før gjekk turen heim til Vestlandet med mann og barn i bilen. No er det duka for tre veker med opplading til hausten og stortingsvalet som ventar. Men sjølv ein statsministerkandidat har visst tid til å fundera over livets store mysterium, slik som vestlandsk sommarvêr, i mellomtida.

– Kjem i det heile tatt den dagen i sommar då vi kan ta ut putene i sofaen på verandaen, eller ikkje? Det lurar eg på.

Sirkusdebattar?

Den muntre tonen endrar snart karakter idet samtalen blir pensa inn på politikk og det kommande valet til hausten. For det er å snakka politikk ho helst vil.

– Mange meiner jo at det er berre sirkus og lite sakleg snakk i den politiske debatten i media. Kva synest du?

Eg synest eigentleg det har blitt betre no. Det var eit par år der det liksom var sånn at midt inne i ein viktig diskusjon på TV, så kunne ein brått bli avbroten av ein programleiar med beskjed om at no blir det litt musikk!

– Eller, ein standup komikar, eller kva som helst. Det var valdebattane for ti år sidan, der alt skulle brytast opp og bli så veldig ledig og artig. Det er meir seriøst no, faktisk.

Ho tenkjer seg om litt, og bryt inn i sitt eige svar.

– Men det er klart, vi politikarar får jo eit press på oss om at vi skal vere veldig morosame og underhaldande. Det er vel ein grunn til at dei kommersielle kanalane ikkje har så veldig mykje politisk stoff utanom no når det nærmar seg val.

Det å få vere med ungane mine også i kvardagen, det er viktig.

Solberg om å bu i Oslo med familien

Erna Solberg i "Nytt på nytt"

MÅ VERE MOROSAM: Erna Solberg synest generelt den politiske debatten på TV har blitt betre, men føretrekkjer likevel radio når det gjeld å få med seg politiske nyheiter i kvardagen. Her frå ein framsyning i NRKs 'Nytt på nytt'.

Foto: NRK

Har lært å vere seg sjølv

Det var ei tid då Erna Solberg, ifølgje seg sjølv, strevde med å finne seg ei rolle å trivast i som rikspolitikar. For sjølv om meiningsmålingane i dag generelt ser gode ut for Høgre, har dei i fleire tiår konkurrert hardt med Frp om dei blå veljarane.

Er det slik at du føler at du må oppføra deg på ein annan måte enn elles som statsministerkandidat?

–Nei. Eg har lært at eg berre må oppføra meg som Erna, ingen andre. For at du skal vere truverdig i det du kommuniserer, så må du faktisk vera deg sjølv.

– Tok det lang tid før du fant fram til den Erna Solberg som du er i dag?

Ho smiler, og verkar med eitt nesten tankefull, trass i at svaret heller ikkje no sit langt inne.

– Det har faktisk tatt litt tid. I byrjinga er ein jo nervøs, det er alle. Så skal ein prestera bra, vera flink og snakka politikk. Og så hadde vi jo eit par år der Frp blei sett på som kjappare og meir i farta enn oss.

Det var på den tida Solberg kom til konklusjonen at her nytta det ikkje å hive seg med i racet dersom ein ikkje fekk vera nettopp seg sjølv.

– Vi fant berre ut at det blei heilt feil, for meg som person, men òg for oss som parti. Kanskje er vi litt "keisame" på den måten at vi er opptekne av langsiktig politikk, truverd og tradisjon framfor underhaldning. Samtidig er det ein verdi for meg, for oss. Høgre skal ikkje vera underhaldning, men langsiktig politikk.

Mamma vs. fotball på TV

Med eit dottar på 16 og ein son på 14 år, er det uaktuelt for Høgre-leiaren å pendla.

– Vi bur i Oslo, det må vi. Elles hadde eg knapt sett dei. Folk tenker kanskje ikkje på det, men å vere partileiar er jo like mykje ein helgejobb, så pendling er uaktuelt. Det å få vere med ungane mine også i kvardagen, det er viktig.

Eg er gira på å bli statsminister, men det er ein tøff valkamp vi har framfor oss. Vi har ikkje lagt så godt an på målingane sidan åttitalet, men samtidig veit vi at mange ikkje bestemmer seg før valdagen. Det betyr at vi skal jobbe knallhardt.

Høgre-leiar Erna Solberg

Som kvinne, mor og rikspolitikar har ho garantert fått spørsmålet før, men svarar likevel gladeleg på spørsmål om «korleis ho får tid til alt saman» – både morsrolla, politikken, kvardagskabalen.

– Eg er jo veldig glad for at dei har ein far, då! Mine ungar har vokse opp med at eg har vore rikspolitikar. Det betyr òg at dei er vant til at verda er organisert på den måten at mamma ikkje alltid deltek på alt. Og at pappa tar eit litt større ansvar enn det som kanskje skjer i andre familiar.

Etter ein kort tenkepause legg ho til at det går an å halde kontakten i løpet av ein dag utan at ein er der reint fysisk, til ei kvar tid.

Vi held faktisk ganske tett og god kontakt via sms. Og så er det jo viktig å vere der om morgonen, å kunne komme heim om kvelden.

Men korleis er det med oppbakking og støtte frå barna etter TV-innslag og den slags? Nyleg sat regjeringsmedlem og stortingskollega Liv Signe Navarsete med sine to døtrer om bord på NRK sin «Sommaråpent»-båt, og fortalde om korleis dei synest det var viktig å gi ros og oppmuntring til mora etter at ho for eksempel hadde vore på TV.

– Er det sånn heime hos familien Solberg òg?

– Det er litt blanda. Dei skal få lov til ikkje å bry seg om at eg er politikar. Ei eventuell politisk interesse får dei heller komme på sjølv, eg er veldig opptekne av at det er noko foreldre ikkje skal pressa på barna. Så hender det jo at eg får ein sms, og det hender eg ikkje får. Kanskje når dei blir litt større?

– Eg ser at sonen min har begynt å fatte ei viss interesse – det vil sei, dersom det ikkje er ein fotballkamp akkurat då, som sjølvsagt er viktigare enn mamma på TV!

Alltid budd

Erna Solberg

ERNA SOLBERG SLIK VI KJENNER HENNE: Det tok litt tid å finne si rolle i politikken, men dei siste åra har meiningsmålingane vore på Høgre og Erna Solberg si side.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Solberg karakteriserer seg sjølv som ein trufast radiolyttar. Det er mest P2 det går i, og det er ikkje uventa timen mellom sju og åtte med mellom anna Politisk kvarter som er mest populær.

For sjølv om mange intervju særleg no om sommaren er hyggelege og relativt «ufarlege», så lærer ein politikar seg alltid å vere budd.

– Det kan jo alltid dukke opp ein reporter med det same ein går inn i eit mediehus, uansett om det er her i NRK eller hos andre, og då må ein kunne svare, uavhengig av om saka gjeld det ein var invitert dit for å snakke om eller noko heilt anna.

Og når det ikkje er nyheiter i fokus, går det i musikk.

– Då leitar eg etter den beste musikken, enkelt og greitt! Kva det er kjem an på både dagsform og tid på døgnet. Men det blir jo ein heil masse rart, både listepop, rap og klassikarar.

Ikkje for pyser

– Erna Solberg, kven er den typiske Høgre-veljaren?

– Altså, når vi scorar 32 prosent i snitt på meiningsmålingane, så er det vanskeleg å sei, for då er det mange som røystar Høgre!

Litt har ho likevel å sei om det massive talmaterialet som skjuler kven dei eigentleg er, desse som i meiningsmålingar oppgir at dei kunne tenkt seg å gi røysta si til Høgre.

– Det vi veit, er at det er litt fleire menn enn kvinner, at dei har middels til litt høgare inntekt, og har middels til litt høgare utdanning. Men det varierer veldig. Eg pleiar å sei at når vi ser på meir langvarige målingar, så seier eg at Høgre-veljarane er litt meir optimistiske, og litt meir omstillingsvillige!

– Men skal du bli statsminister, må du ha endå fleire røyster. Kven er det du vil ha tak i?

– Alle veljarar er like verdifulle. Av og til høyrest det ut som at kvinnelege veljarar er viktigare enn mannlege, men slik er det jo ikkje. Alle lever i sin kvardag som er det viktigaste for dei. Men når det er sagt, så skulle vi jo ønskje at litt fleire av kvinnene i offentleg sektor stemte Høgre, fordi vi har ein veldig god politikk for dei.

Høyr Erna Solberg gjeste morgonsendinga i NRK Hordaland:

Hjarta for skule og Vestlandet

– Om du må velje ei hjartesak, kva blir det?

Det er jo gøy! Det må ein hugse på.

Erna Solberg om Twitter

– Norsk skule må bli betre! Eg har ei lang historie der, heilt frå ungdommen, då eg sat i råd for vidaregåande opplæring som elevrepresentant.

Erna Solberg hopper

SATS MOT VALET: Erna Solberg si hjartesak nummer ein er skule. Her hoppar ho paradis med barn på sommarskulen på Ila skule.

Foto: Olsen, Linn Cathrin / NTB scanpix

Solberg har sjølv vore open om at ho har slite med dysleksi opp gjennom skuleåra. Nettopp skule er det tydeleg at ho brenn for.

– Tar du frå barn sjølvtilliten gjennom skulegongen, så kan ein sannsynlegvis øydeleggje eit menneske sitt liv. Da får vi for mange unge uføre, vi treng alle!

Men kva med heimfylket? Kva meiner partileiaren som sit i Oslo er dei viktigaste sakene for Hordaland?

Igjen kjem ho inn på skulepolitikk, med spesiallinja Teknisk Allmennfag (TAF) som døme på det ho ønskjer å få til meir av.

– Vi har ei fantastisk økonomisk utvikling, men vi treng fleire som tar realfag, vi må utvikle kompetansen på teknologi, ha betre fagarbeidarar, seier Solberg, og held ivrig fram:

– Ein ting eg er stolt av i Hordaland, er nettopp kreativiteten hos mange vidaregåande skular. Eit døme er TAF som starta i Nordhordland, det har jo blitt ein suksess.

Ivrig kvitrar

For mange politikarar har sosiale medium blitt ein særs viktig kanal for å nå direkte ut til folk. Men Solberg hevdar at det først og fremst skal vere lystprega og artig å vere til stades på desse «nye» plattformene.

– Det er jo gøy! Det må ein hugse på. Spesielt på Twitter så får eg ein del interessante tilbakemeldingar, kunnskap og informasjon.

«Hun virker litt amatør men prøver iherdig". Slik lydde domen frå BT sitt ungdomspanel tidlegare på sommaren. Det er ikkje ein kritikk ho lar seg vippa av pinnen av.

– Når eg skriv på Twitter er det berre meg! På Facebook er det litt annleis, der legg rådgivarane mine ut ein del bilete og meiningar for meg.

Høgdepunkta i år blir Preikestolen, i tillegg til Vestlandssommar og Rhianna-konsert.

Erna Solberg

– Så om ungdomspanelet kanskje synest det er litt gamalmodig av meg å legge ut bilete av den vakre naturen på vegen frå Oslo til Bergen over fjellet, så bryr eg meg ikkje om det. Etter kvart er det jo like mange godt vaksne folk på Facebook som ungdom uansett.

Vestlandet, regn og Rihanna

Etter å ha høyrt Solberg snakke om sin hektiske kvardag, midt i sommaren, er det ein ting vi lurar på:

– Har du nokon gong heilt fri?

– Ja. Eg har det. Eg må ha ferie.

Det viser seg likevel snart at "heilt fri" kan ha gradsforskjellar. For sjølv om ho begynnar på ferie den kommande veka, blir det fort eit par møter og eit intervju her og der.

– Det stemmer, det blir litt sånn oppvarming til valkamp. Men høgdepunkta i år blir Preikestolen, i tillegg til Vestlandssommar og Rihanna-konsert i Oslo på tampen av sommaren. Då samlast heile familien på konsert, for utanom rap er visst Rihanna noko både unge og vaksne kan einast om heime hos Solberg.

– Det gler vi oss til. Og elles så vi satsar hardt på fint vêr på Vestlandet, for å seie det slik!

Lurer du på om Høgre-leiaren har trua på sine eigen politikk i praksis? NRK tok testen. Korleis det gjekk då Erna Solberg prøvde NRK sin Valgomat, ser du i klippet under.

Se hvordan det gikk fa Erna Solberg prøver seg på NRKs valgomat.

DEN STORE TESTEN: Ho er ein av dei mest aktuelle kandidatane til å overta statsministerstolen etter haustens stortingsval ifølgje meiningsmålingane. Men har ho trua på sin eigen politikk? Her kan du sjå sjølv korleis det gjekk då Erna Solberg tar NRKs valgomat.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget