Hopp til innhold

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.

Slik blir trolig kabalen

Video: Slik blir trolig den borgerlige regjeringskabalen. Reporter: Cato Fossen.

Solveig Horne

STATSRÅD: Solveig Horne (Frp) blir ifølgje Aftenposten ny barne- og likestillingsminister.

Foto: Erik Waage/NRK
Ine Marie Eriksen Søreide

Ine Eriksen Søreide frå Høgre blir forsvarsminister, etter det NRK erfarer.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix
Tord Lien

Tord Lien i Frp blir Olje- og energiminister ifølgje Adressa.

Foto: Stortingsarkivet/Scanpix
Sylvi Listhaug

Sylvi Listhaug frå Frp skal ifølgje Trønder-Avisa bli ny landbruksminister.

Foto: NRK

Dersom lekkasjene stemmer, er den nye Solberg-regjeringa nå fulltallig. Her er avsløringane om kven som kan få statsrådspostar – med atterhald om at mykje kan endre seg i siste liten.

Søreide forsvarsminister

Kjelder fortel til NRK at Ine Eriksen Søreide frå Høgre blir forsvarsminister. NRK erfarer også at Ketil Solvik-Olsen (Frp) blir samferdselsminister, og at Vidar Helgesen (H) blir statsråd ved statsministeren sitt kontor.

Mæland blir næringsminister

Byrådsleiaren i Bergen, Monica Mæland frå Høgre, blir ifølgje TV2 næringsminister.

Ho har vore byråd i Bergen sida 2003 og har vore rekna som ein av favorittane til å bli statsråd.

Listhaug blir landbruksminister

Frps Sylvi Listhaug, tidlegare byråd for velferd og sosiale tenester i Oslo, blir ny landbruksminister, bekreftar kjelder til NRK. Dette har også blitt meldt av Trønder-Avisa.

Listhaug er opphavleg frå Møre og Romsdal. Ho har også vore rådgivar i Frps stortingsgruppe.

Listhaug jobbar i dag som rådgivar i kommunikasjonsbyrået First House.

– Sundtoft miljøvernminister

Tine Sundtoft fra (H) blir ny miljøvernminister, ifølge TV2. Kilder bekrefter også overfor NRK at Tine Sundtoft (H) blir klima- og miljøvernminister.

Sundtoft er utdannet siviløkonom. Hun kommer fra jobben som fylkesrådmann i Vest-Agder fylkeskommune, en jobb hun begynte i høsten 2005. Hun har også hatt en rekke posisjoner i Høyre i Aust-Agder.

Sandberg takket nei

Frp-nestleder Per Sandberg prioriterer familien og har takket nei til å bli statsråd i den nye Høyre/Frp-regjeringen, skriver Aftenposten.

Sandberg er også nevnt som mulig parlamentarisk leder for Frp, men ifølge Aftenposten ser det ut til at Harald Tom Nesvik – som er konstituert til vervet – får beholde den rollen.

Sandberg skal være aktuell som leder for kommunalkomiteen på Stortinget, eller som medlem i en annen fagkomité.

Kilder som Aftenposten har snakket med, sier Sandberg selv fikk valget mellom ulike roller. Det er ventet at han kommer med en redegjørelse om sin avgjørelse før den nye regjeringen tiltrer onsdag.

Horne blir Barne- og likestillingsminister

Solveig Horne frå Rogaland blir ny Barne- og likestillingsminister ifølgje Aftenposten.

Ho har vore første nestleiar i familie- og kulturkomiteen på Stortinget i førre periode, og held dermed fram innanfor same politiske fagfelt.

Robert Eriksson

Ifølgje Dagbladet blir Robert Erikson (Frp) ny arbeidsminister.

Foto: Frank Almås/NRK

Det som derimot ikkje er stadfesta, er om dette framleis skal vere namnet på departementet Horne skal leie.

– Eriksson blir arbeidsminister

I tillegg skriv Dagbladet i dag at Robert Eriksson frå Frp blir ny arbeidsminister.

Eriksson var medlem av arbeids- og sosialkomiteen frå 2005 til 2013 på Stortinget, og har dei siste fire åra vore leiar av arbeidet til komiteen. Eriksson har vore ein markant talsmann for Framstegspartiet i sosialpolitiske spørsmål.

– Tord Lien blir Olje- og energiminister

Fleire medium, inkludert NRK, har spekulert i at Ketil Solvik-Olsen truleg blir Olje- og energiminister, men posten ser no ut til å gå til Tord Lien (Frp), skriv Adressa.

Avisa skal ha fått stadfesta dette frå fleire hald.

Utanriksministeren i boks

Etter det NRK har fått opplyst blir Elisabeth Aspaker frå Høgre ny fiskeriminister. Ho er i dag skulepolitisk talsperson for Høgre. NRK får også stadfesta Thorhild Widvey (H) som ny kulturminister.

TV2 melde måndag kveld at Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre blir kunnskapsminister i ny regjering.

NRK har også tidlegare fått stadfestar av kjelder i Høgre at Børge Brende blir landets neste utanriksminister.

Mykje kan endre seg

Det er allereie kjent at Siv Jensen truleg blir finansminister, Bent Høie blir helseminister og at Anders Anundsen kan bli justisminister.

Sjølv om Høgre og Frp etter det NRK forstår skal ha blitt einige om kva slags parti som får kva slags departement, kan mykje endre seg. Mykje er avhengig av at personane dei ønskjer seg faktisk seier ja når dei får tilbodet.

Varslar færre departement

Begge partileiarane har varsla at dei ønskjer færre departement og færre statsrådar enn dagens raudgrøne regime. I dag blir Noreg styrt av 20 statsrådar.

Jan Tore Sanner

Jan Tore Sanner (H) ligg an til å leie eit nyoppretta departement som skal erstatte fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Etter det NRK får opplyst skal Høgre-nestleiar Jan Tore Sanner sete i sjefsstolen i det nye departementet som skal heite Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kjelder fortel til NRK at Erna Solberg legg ned fornyings- og administrasjonsdepartementet.

18 statsrådspostar er no stadfesta gjennom lekkasjar i media. Det er venta at Solberg si regjering i alt vil ha 18 statsrådar, 11 frå høgre og sju frå Framstegspartiet.

Heile regjeringa blir presentert førstkomande onsdag på Slottsplassen, etter at dei har vore hos Kongen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!