Ho er Sp sin einaste storby-representant

Ho er seksbarnsmor, lege, og kan eigentleg ikkje fordra ektemannen sin musikksmak. Kjersti Toppe brenn for distrikta, og er noko så sjeldan som ein Sp-representant frå ein storbykommune.

Kjersti Toppe

HAR MEIR Å GI: Kjersti Toppe er ikkje mett etter fire år på Stortinget, men veit at det kan stå om nokre få stemmer valnatta.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

– Eg har ikkje eit sikkert stortingsmandat, vedgår 45-åringen frå Åsane.

For i motsetnad til nabofylka, er det ingen automatikk i at ein senterpartist frå Hordaland hamnar på tinget. På nokre målingar har ho vore inne på det siste faste mandatet på Hordalandsbenken. I verste fall kan ho også håpe på eit såkalla utjamningsmandat.

Fersk – men ikkje i skuggen

– Eg har veldig lyst å representerer folket i Hordaland med god Sp-politikk, seier kvinna som i 2009 tok over etter bergensaren Rune Skjælaaen på Stortinget.

På Løvebakken er ho sjeldan vare. Ein Sp-ar frå ein storby. Faktisk den einaste i partiet si stortingsgruppe. Og som fersk på tinget har ho markert seg som ein av dei mest profilerte representantane frå Hordaland, om ein ser bort frå dei tre partileiarane Solberg, Lysbakken og Hareide.

Som nestleiar i Helse- og omsorgskomiteen har Toppe mellom anna stått opp for lokalsjukehusa på Vestlandet. Både i Odda og i Nordfjord. Gjerne med kritiske ordelag mot si eiga raudgrøne regjering sin sjukehuspolitikk.

Eg vil snakke opp landbruket, norsk matproduksjon. Jordbruket i Hordaland er ei kjempenæring.

Kjersti Toppe, 1. kandidat Hordaland Sp

Men no, i valkampinnspurten, er det dei blå på borgarleg side ho fryktar.

– Kampen ved dette valet står om vi skal ha ei samhalds-Norge, eller eit privatiserings-Norge. Vi ser at eit stort fleirtal vil privatisere innan helse og skule.

Bergensar og gardsjente

Kjersti Toppe er bergensar, men snakkar som ein stril. Ho er oppvaksen i Åsane, men hadde inga typisk forstadsbarndom. Ho er gardsjente frå Toppe, fødd på ei tid då Åsane framleis var som strileland å rekne, og eigen kommune.

Fjøsstell har ho aldri kvidd seg for. At Senterpartiet ofte blir assosiert med nettopp landbruk, har Toppe heller ingenting imot.

– Eg synest det er veldig bra om vi blir forbunde med matproduksjon. Det er jo noko av det viktigaste ein kan gjere på og ha som arbeid, og vi er alle saman avhengige av det. Eg vil snakke opp landbruket, norsk matproduksjon. Jordbruket i Hordaland er ei kjempenæring, og betyr mykje både for busetjing, kulturlandskap og reiseliv. Der er det altfor få som viser eit engasjement, meiner listetoppen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kjersti Toppe på Sp sitt landsmøte

BLANT DISTRIKTA SINE FOLK: Kjersti Toppe fotografert på Sp sitt landsmøte. Med heimeadresse i Bergen kommune skil ho seg ut i forsamlinga til partiet med sin sterke distriktsprofil.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Lege og gift med ein lege

Men gardskjerring vart ho ikkje. Mens broren tok over foreldregarden og driv med storfe og gartneri, valde Toppe ein annan veg.

– Eg har tre søsken som alle er gartnarar. Eg var ikkje brukande som gartnar, ler ho.

I staden vart det legestudium på jenta som gjekk ut porten på Åsane gymnas i 1986.

– Det var litt tilfeldig. Eg var veldig glad i naturfag, men var i tvil om eg skulle til Trondheim på det som den gong heitte NTH, eller om eg skulle velje medisin.

Trondheim tapte for Bergen. I helsevesenet fann ho også det som skulle bli ektemannen. Nordfjordingen Erlend. Saman enda dei begge opp i Bremanger i Sogn og Fjordane, som småbarnsforeldre på 1990-talet.

Eg trur eg er ein av dei som pendlar mest heim frå Stortinget. Det er slik det må vere.

Kjersti Toppe

– Vi flytta til Bremanger fordi mann min skulle i sivilteneste som kommunelege der.

Same stilling fekk Toppe.

– Men eg var ein god del heime med små born. Så for det meste var eg nok det ein kallar heimeverande. Eg trur eg aldri har jobba så mykje som då.

Heime så ofte ho kan

Seks born har det blitt. Dei siste fire åra har Kjersti Toppe sjonglert mellom å vere mor og ektefelle i Bergen, og lange dagar på Stortinget.

– Det går, men det er travelt. Eg trur eg er ein av dei som pendlar mest heim frå Stortinget. Det er slik det må vere, og eg er glad for det. Det er klart at viss ein ville det, så kunne ein fylt opp alle kveldar og helger i Oslo, men det er jo i Hordaland eg bur og er folkevald frå. Den som er helten min, er mannen min som er heime. Det hadde ikkje gått om ikkje han hadde vore innstilt på det, og gjer jobben heime.

– Kva er tipset for andre som slit med å få kvardagskabalen til å gå opp?

– Det er vel ulikt frå familie til familie. Men for vår del så ligg løysinga i vaskerommet. Ein må ha orden der slik at ein finn kleda, og har to like sokkar om morgonen, avslører Senterparti-politikaren som meiner og trur at på vaskerommet har ekteparet felles dugnad.

Ein telefon starta politikar-karrieren

At ho i det heile enda opp i politikken, var litt tilfeldig.

– Eg kjem frå ein familie som har drive med politikk. Det var litt av årsaka.
Men det som fekk meg inn i politikken, var ein telefon frå Senterpartiet i Bergen om eg kunne tenke meg å sitje i ein komité. Det viser at ein av og til treng ein liten dytt.

Sidan balla det på seg. 35 år gammal gjekk Kjersti Toppe inn i Bergen bystyre. Frå 2007 vart det også fylkestingsplass, og i 2009 gjekk turen til Oslo og Stortinget.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Magne Rommetveit, Audun Lysbakken og Kjersti Toppe på jernbanestasjonen i Bergen

RAUDGRØNE STUNDER: Kjersti Toppe på jernbanestasjonen i Bergen våren 2013. Saman med Audun Lysbakken (SV) og Magne Rommetveit (Ap) presenterer dei Nasjonal transportplan-lekkasjen om milliardsatsing på Bergensbanen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kunne berre bli eitt parti

– Det var aldri aktuelt å stille for noko anna parti. Eg er veldig oppteken av verdiane som Senterpartiet representerer. Alt frå miljøpolitikken, til dette med desentralisering. Folkestyre og lokaldemokrati, lokalsamfunnet. Eg er oppteken av skule og helse. Eg er oppteken av ting som skjer rundt meg, og eg tykkjer Senterpartiet har ein veldig god og heilskapleg politikk for dette.

Å selje bodskapen til veljarane har kravd det meste av tida i vekene fram mot valet. Det går i eitt for førstekandidaten for Hordaland Senterparti.

Når Toppe gjesta NRK-huset på Minde i Bergen venta eit anna mediehus på tur like etterpå, før turen etter planen gjekk vidare til valkamp i ein bydel. Dagen før stod Sunnhordland og Midthordland på programmet. Dagen etter venta Hardanger på besøk.

Han har ein heilt forferdeleg musikksmak.

Kjersti Toppe om ektemannen

– No går det i eitt. Men det blir ein del fysisk aktivitet inni mellom. Det er ein del av valkampen det også. Vi går jo til val på betre folkehelse, forsikrar listetoppen.

Heavy metal i heimen

Kanskje blir det også tid til å kople av med litt musikk i heimen også. Det er elles eit felt der legeekteparet skil lag. Kjersti Toppe høyre gjerne på musikk, men ektemannen Erlend sin musikksmak, der heavy metal står høgt i kurs, har ho lite til overs for.

– Han har ein heilt forferdeleg musikksmak. Den store helten er Ronnie James Dio (også kjend som tidlegare vokalist i Black Debbath). Eg høyrer på det også. Men eg er litt mindre fascinert, for å seie det diplomatisk.

Seint om kvelden måndag 9. september kjem svaret på om Sp-aren får halde fram med å pendle til Oslo, eller om ho må tole større dosar av ektemannens si hardrock-samling.

– Eg håpar folk røystar ved valet, og at dei røystar på Senterpartiet. Det er viktig å ha ein god samferdslepolitikk, ein god kommuneøkonom og ein god miljøpolitikk. Miljøet var ei av drivkreftene mine for å gå inn i politikken, seier Senterpartiet sin førstekandidat i Hordaland.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget