Hopp til innhold

– Korttenkt å vere avhengig av matimport

Sigrid Handegard har vore både ordførar og politisk rådgjevar. No vil ho prøve seg som stortingsrepresentant.

Sigrid Brattabø Handegard

STORTINGSKANDIDAT: Sigrid Handegard er andrekandidat på vallista til Senterpartiet i Hordaland.

Foto: Egil Torheim / NRK

– Eg har eit brennande engasjement for at vi skal produsere mest mogleg av vår eigen mat.

Det seier Sigrid Handegard, andrekandidat på vallista til Senterpartiet i Hordaland.

– Vi blir stadig fleire både i Noreg og elles i verda. Det å vere sjølvforsynt, og vite kva ein stappar i seg, tykkjer eg blir viktigare og viktigare, seier ho, og legg til fleire argument for eigenproduksjon av mat.

– Vi veit at eitkvart land stengjer sine grenser når dei har behov for mat til eigne innbyggjarar. Det er korttenkt å gjere seg avhengig av import av mat.

Vil ikkje ha kraftfôr

Det er korttenkt å gjere seg avhengig av import av mat.

Sigrid Handegard

Handegard vil også setje krav til produksjonen av mat i Noreg. Etter åtte år med raudgrøn regjering, blir det framleis importert mykje kraftfôr til norske dyr. Dette vil senterpartipolitikaren gjere noko med.

– Eg meiner at det ikkje er berekraftig å importere meir og meir av det kraftfôret vi bruker, seier ho, og utdjupar.

– Vi bør bruke graset, og ha ei grasprodusert matproduksjon, slik at vi ikkje er avhengige av kraftfôr.

Ordførar og rådgjevar

Handegard har lenge vore sentral i Hordaland Senterparti, og vart i 2002 valt til leiar i fylkeslaget. Det vervet hadde ho i seks år.

Ho har hatt fleire politiske verv, gjennom ei lang politisk karriere. I 1995 vart ho varaordførar i Jondal, og i 2007 vart ho ordførar. Ho har også vore vararepresentant til Stortinget.

I 2009 vart ho politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet, først under statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, og seinare for Marit Arnstad. Det er difor ikkje overraskande at også samferdslepolitikk er viktig for henne.

Ønskjer indre trasé

Sigrid Brattabø Handegard

ORDFØRAR: Handegard vart i 2007 ordførar i Jondal.

Foto: Egil Torheim / NRK

Ferjefri kyststamveg gjennom Hordaland er eit av samferdsleprosjekta Handegard har engasjert seg for.

– Eg meiner at det er den indre traseen, gjennom Fusa, som raskast og enklast let seg realisere, seier ho.

Handegard og Senterpartiet er dei einaste som er heilt krystallklare på at den framtidige kyststamvegen må gå gjennom Fusa.

– Det er viktig for nord-sør-trafikken, for å utvikle Hordaland, og for å unngå endå meir trafikk inn til Bergen sentrum. I tillegg er der eit unikt kystlandskap i Os og i Bjørnafjorden, som eg trur etterkomarane våre vil døme oss for, dersom vi byggjer det ned, argumenterer ho.

Vil hindre tvangsekteskap

Dei fleste politiske partia i landet vil ha færre kommunar. Om naudsynt, må samanslåinga skje med tvang. I denne saka er det Senterpartiet mot resten.

– Svaret hos mange parti er at dei må bli større, men kvifor dei skal bli det, er ikkje gitt, seier Handegard, og nemner fleire døme.

– Der er ingen dokumentasjon på at rettstryggleiken til innbyggjarane i Bergen er betre enn til dømes i Austevoll. Det er heller ingen dokumentasjon på at planleggingstider og saksbehandlingstider er kortare i ein stor kommune enn i ein liten kommune.

Og ho har ingen tru på at tvangssamanslåing er vegen å gå.

– Å tru at tvangsekteskap vil føre til god utvikling, er eg veldig ueinig i. Eg meiner at dei partia som ønskjer at Stortinget skal vedta det, må vise veljarane i valkampen korleis det nye Hordaland skal sjå ut. Det tykkjer eg veljarane har krav på.

Les mer om stortingsvalget

Erna Solbergs regjering på slottsplass

Disse 18 skal styre Norge

Erna Solberg og Siv Jensen har valgt sitt mannskap. Her får du en oversikt over de 18 statsrådene som skal styre norsk politikk de neste fire årene.

Vararepresentanter som rykker opp

Fra arbeidsledig til stortingsrepresentant

Ni folkevalgte stortingsrepresentanter blir statsråder, og én blir statssekretær. Dermed rykker ti nye personer inn på Stortinget. Blant dem er 23 år gamle Erik Skutle fra Bergen.

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

Gratulasjon til lutefisklaget, som nå har fått plass i regjeringen

Nå sitter over halve lutefisklaget i regjering

Det er neppe mange andre lutefisklag som kan skilte med like mange statsråder rundt bordet i år. I det nye regjeringsapparatet er det flere som kjenner hverandre godt.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Erna og Siv

Solberg legger ned Fiskeridepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet forsvinner, men statsråden flyttes til et nytt, sammenslått nærings- og fiskeridepartementet.

Sylvi Listhaug (Frp)

Påtroppende landbruksminister mente landbruket er kommunisme

For tre år siden kalte Sylvi Listhaug (Frp) landbrukssektoren for «kommunisme på norsk». I dag blir hun landbruksminister.

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.