Hopp til innhold

Kjerringa mot straumen

Ho vil vinna veljarar ved å henta kristendomen tilbake til klasseromma, og seier tydeleg nei til tidleg ultralyd for alle gravide. Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes vil kjempa mot "sorteringsamfunnet" dersom ho får stortingsplass til hausten.

Astrid Aarhus Byrknes

VIL PÅ TINGET: Ho kjenner seg enno ny som politikar, men no siktar ho mot stortingsplass til hausten.

Foto: Ingvild Nave / NRK

−God morgon! Så kjekt å sjå dykk!

På den lokale sjukeheimen i Knarvik er det mange som kjenner Astrid Aarhus Byrknes godt.

Ho tar seg tid til eit smil og ein prat, trass i ein hektisk timeplan som ikkje akkurat har blitt rolegare, no som det nærmar seg haustens stortingsval. Denne dagen er det songstund, med forsang og pianoakkompagnement av ordføraren sjølv.

−Eg har nær sagt alltid spelt og sunge, og vil gjerne ha plass til det, også i ein hektisk politikar-kvardag.

Lidenskapen for musikk har ho hatt med seg heile livet. Og nettopp ei tydeleg stemme er det ho ønskjer å vera, også politisk.

Eg ser inga motsetjing mellom kristendomen og eit mangfaldssamfunn.

Astrid Aarhus Byrknes

Til kamp for kristen kulturarv

Kultur, ikkje minst kristen kultur, er og blir ei viktig sak for den musikkfrelste ordføraren. Å rydda plass til meir kristendom i skulen, så den oppveksande slekt og ikkje minst våre nye landsmenn skal få bli kjent med den kristne kulturarven, er noko ho brenn sterkt for.

– Men det er vel neppe i takt med tida og utviklinga i landet vårt, som går i retning av eit meir sekularisert samfunn?

– Eg trur vi ønskjer røter i Noreg, at vi ønskjer oss identitet. Vi har eit fleirkulturelt samfunn, og det synest eg er flott. Men eg trur at dei innvandrarane som kjem her, faktisk ønskjer å vite kva slags land dei har kome til, kva som er identiteten vår. Så nei, eg ser inga motsetjing mellom kristendomen og eit mangfaldssamfunn.

– Trur du at kristendomen kan skape avstand i eit samfunn som blir meir og meir sekularisert?

– Nei, det trur eg ikkje. Tvert i mot trur eg at det også i eit sekularisert samfunn er det behov for grunnleggjande verdiar.

Dobla oppslutning over natta

Ho har fylt femti år, og kjem opphavleg frå Karmøy i Rogaland. Men som Krf-politikar er Aarhus Byrknes relativt fersk. I 2007 sa ho for fyrste gong ja til å stille til val som lokalpolitikar for Kristeleg Folkeparti, ei avgjerd som sendte henne rett inn i ordførarstolen.

Knut Arild Hareide gratulerer Astrid Aarhus Byrknes

DOBLA OPPSLUTNINGA: Ein stolt ordførar tek imot gratulasjonar frå partileiaren etter valsigeren i 2011.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

På spørsmål om ho kan peike på ei særskild hjartesak, kjem svaret kontant.

−Då tenkjer eg med ein gong på det eg fryktar mest: Sorteringssamfunnet. Dessverre ser det ut til at det går den vegen.

Fire år etter at ho inntok ordførarstolen, etter kommunevalet i 2011, skreiv lokalavisa at det blæs ein «Astrid-vind» over Nordhordland. Oppslutninga omkring henne sjølv og partiet var då nær dobla til 26 prosent på fire år.

Denne gongen siktar ho høgare: Om folket vil, kan det bli stortingspolitikar av Astrid Aarhus Byrknes til hausten.

Nei til tidleg ultralyd og surrogati

Det er nettopp verdispørsmåla som bringer oss tilbake til hjartesaka. For det er det ho kallar eit "sorteringssamfunn" Astrid Aarhus Byrknes fryktar, når ho peikar det ut som si aller viktigaste politiske einskildsak.

– Det heilt grunnleggjande menneskeverdet. Kven er det som skal bestemme kva som er riktig menneskeverd eller ikkje? Bioteknologi, tidleg ultralyd, surrogati. Dette er kjempeviktige saker.

– Men kan det bli oppfatta som umoderne, trur du?

– Det kan godt hende. Men det er faktisk ein av dei mest grunnleggjande verdiane for meg. Som kristen så er eg oppteken av akkurat dette, fordi det har med sjølve livsgrunnlaget vårt å gjera.

Var i tvil – vil på Stortinget

− No må komma deg på Stortinget!

Knut Arild Hareide og Astrid Aarhus Byrknes

SIKTAR TIL TOPPS: Ho måtte gå fleire rundar med seg sjølv før ho bestemte seg for å stilla som stortingskandidat. Aarhus Byrknes har alltid vore glad i song og musikk, her er det med partileiar knut Arild Hareide ho svingar seg.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Besøket på sjukeheimen er over, då ein eldre bebuar ropar ut si støtte til Astrid.

Det kan koma godt med, i det som blir ein hektisk periode framover. For no er ho ferdig med å gå rundar med seg sjølv: No vil ho på tinget, dersom folket vil ha henne.

− Om dei kjenner meg særleg godt i den andre kommunane her i Hordaland, veit eg ikkje, men me må jo berre halda fram med å vera synlege med den politikken me meiner er best. Eg gler meg veldig!

I starten, då spørsmålet om å stilla som stortingskandidat kom på snakk, var ho slett ikkje sikker.

−Eg hadde ikkje tenkt at eg var aktuell der i det heile, og kjende at eg blei både varm og kald. Det var veldig vanskeleg: Kva gjer eg no? Var tanken som fôr gjennom hovudet.

Det blei til at ho tok sats og hoppa i det. For, som ho sjølv seier, det viktigaste er jo politikken.

−Det er jo ei svær oppgåve, og ein enorm tillit, å koma på Stortinget. Men så er det kjempeviktig å vera der òg. Det er jo der rammevilkåra blir lagt – for kommunen som eg er så glad i, for regionen min, for Nordhordland. Då tenkjer eg at ja, eg har noko å bidra med, der òg.

−Eg føler meg jo enno ny i KrF-samanheng, men om eg får lov til å vera meg sjølv, slik eg har fått liv til her i Lindås, så veit eg at eg har noko å bidra med!

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.