Hopp til innhold

– Vart usikker på meg sjølv

Toppkandidat for Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, gjekk lenge arbeidslaus. – Det var ganske tøft, seier han.

Per Rune Henriksen

LISTETOPP: Per Rune Henriksen toppar vallista til Hordaland Arbeidarparti.

Foto: Arbeiderpartiet

Per Rune Henriksen beskriv seg sjølv som ein engasjert fyr, som engasjerer seg mykje i det han held på med. Etter åtte år som stortingsrepresentant, toppar han vallista til Hordaland Arbeidarparti før stortingsvalet i haust.

– Eg kosar meg med det eg held på med, og har lyst til å halde fram med det i fire år til, seier han.

– Ein vanleg mann

53-åringen beskriv seg sjølv som ein arbeidargut. Han vaks opp på Landås i Bergen, då Landås framleis var veldig nytt.

– Det var heilt fantastisk. Vi hadde grøntområde, stader vi kunne spele fotball og stader vi kunne stå på ski, skryt Henriksen av heimstaden sin.

Eg valde å bli tømrar. Ikkje fordi eg måtte, men fordi det var gøy.

Per Rune Henriksen

Han trur ikkje oppveksten i Landås har prega han så mykje, for han hadde ein veldig vanleg oppvekst, som folk flest i Bergen har hatt.

– Eg er på mange måtar ein vanleg mann, slår han fast.

No bur politikaren i Sædalen i Bergen, ein stad som også er i stor vekst. Han fortel at han likar seg godt i slike område.

– Men eg tykkjer at det er litt forstemmande i Sædalen at det offentlege heng sånn etter. Sædalen er det største vekstområdet i Bergen, men dei må no rive skulen, fordi den har rotna. Det kjem rett nok ein ny skule, men det blir litt for treigt, meiner han.

Ville bli tømrar

Henriksen byrja på gymnas, men slutta, og utdanna seg heller til tømrar. Han fortel at han var skulelei, og hadde lyst til å gjere noko meir praktisk.

– Både faren og farfaren min var murarar. Eg fekk ikkje lov av dei å bli det, fordi dei tykte det var eit for tungt yrke. Dei ville at eg skulle byrje å studere, og få dei moglegheitene som dei sjølve aldri hadde hatt.

Trass i fleire moglegheiter, ville ikkje bergensaren studere.

– Eg kom jo frå ein av dei første generasjonane som kunne velje mellom å gå på universitet eller bli arbeidsfolk, som foreldra mine. Men eg valde å bli tømrar og gjere noko praktisk, ikkje fordi eg måtte, men fordi det var gøy, seier han.

Som 18-åring kom han ut i arbeid, som tømrar for byggmeister S.H. Pedersen i 1978.

– Det var heilt fantastisk. Det var eit kjempebra miljø på byggjeplassane då eg kom ut. Mange forskjellige fargeklattar, og vi kunne spøke med kvarandre og alt det der. Men vi fekk jobben gjort likevel, seier han.

Engasjert av solidaritet

Interessa for politikk kom i ungdommen for Per Rune Henriksen. Han beskriv seg sjølv som ganske radikal på den tida, og han var medlem av Sosialistisk Ungdom.

– Det som fekk meg inn der, var internasjonal solidaritet. Dette var medan dei heldt på å fjerne det kvite styret i Zimbabwe, ei sak som fanga merksemda til norsk ungdom. Eg vart engasjert av det, og lét meg fange av politikk den vegen, fortel han.

Per Rune Henriksen

RADIOMANN: Henriksen var aktiv i Puddefjord radio

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Han fortel vidare at det ikkje var veldig vanleg å engasjere seg for politikk og internasjonal solidaritet i tømrarmiljøet.

– Men det var veldig rom for å snakke om sånne ting, også på byggeplassen.

– Pioner på radio

I tillegg til tømring og politikk, har Henriksen også hatt ei karriere i radio.

– Du var ei ekte radiostjerne?

– Stjerne var vel å ta litt hardt i, men pioner kanskje? humrar Henriksen.

Han var aktiv i fagforeininga, og dei var mykje i Puddefjord radio. Ein gong var politikaren i lokala til radiostasjonen, for å sjå korleis det var. Redaktøren, Frank Johannesen, spurde om den unge fagforeiningsmannen ville sjå studio. Henriksen følgde etter.

– Så drog han fram eit ark, og sa at eg kunne lese det som stod der. Plutseleg gjekk eit raudt lys på, og eg las opp teksta. Det var mi første framføring i Puddefjord radio; som ein lett sjokkert stuntopplesing av ei pressemelding, fortel han, og legg til at han seinare fekk nesten fast jobb på frivillig basis.

– Programmet heitte «Nytt fra fagbevegelsen», og eg er overtydd om at då sat bergensarane klistra til sine radioar, ler 53-åringen.

Han fortel at han er glad for erfaringa han fekk gjennom radiokarrieren.

– Den erfaringa har gitt meg veldig mykje. Berre det å ha eit avslappa forhold til mikrofonen, er ein fordel for ein politikar. Men kreativiteten og gleda av å gjere noko saman, gav meg også mykje.

– Den Kvite Morrero

På slutten av 1980-talet budde Per Rune Henriksen to år i Kenya. Han seier at historia om korleis han hamna der, er veldig lang.

Du blir redd for å opne postkassa, for du veit at det ligg rekningar der. Det er ganske tøft.

Per Rune Henriksen om å vere arbeidsledig

– Men kortversjonen er at eg hadde eventyrlyst, og lyst til å drive med internasjonal solidaritet. Eg søkte meg til Fredskorpset for å komme meg til Nicaragua, men så enda eg i Kenya. Og det vart to av dei beste åra av mitt liv, fortel han.

Han budde på landsbygda, i eit distrikt som heiter Narok. Henriksen fortel at det er om lag like stort som Hordaland, og at han var den einaste kvite bistandsarbeidaren i distriktet.

– Det var kjempegøy, og noko heilt anna enn det eg var van med. Alle visste kven eg var, og dei kalla meg Mosongo Morrero. Det betyr Den Kvite Morrero, og det var fordi eg vart god kamerat med nokre brør som heitte Morrero, seier politikaren, og legg til at det var stor politisk interesse i den afrikanske venegjengen.

– Det var først etter ei lita stund at det demra for meg at dette var den politisk opposisjonelle familien i distriktet, så det passa ganske godt at eg, som nordmann, var saman med dei. Men vi diskuterte ikkje mykje politikk.

– Redd for å opne postkassa

I 1991, etter at han kom heim frå Kenya, gjekk han arbeidslaus i eitt år. Det forma det som no er hjartesaka til Henriksen.

– Eg såg kva arbeidsløyse gjer med folk. Eg vart usikker på meg sjølv, og byrja å lure på om det var meg det var noko i vegen med, sidan eg ikkje fekk jobb. Økonomien blir også dårleg, og ein kan utvikle det eg kallar «postkasseskrekk». Du blir redd for å opne postkassa, for du veit at det ligg rekningar der. Det er ganske tøft, fortel han.

Han seier at han blir prega av å sjå kor lite fri du kan vere som menneske når du ufrivillig står utanfor arbeidslivet. I tillegg meiner Henriksen at arbeidsløyse er dårleg for samfunnet.

– Skilnadane mellom folk aukar, og vi får mindre verdiskaping. Folk står ofte utanfor, og det kjennest som ein er overlaten til seg sjølv, seier han.

Per Rune Henriksen er i år, for første gong, listetopp for Hordaland Arbeidarparti. Han meiner at det er ganske forskjellig å vere på toppen, samanlikna med lengre nede på lista.

– Eg får ei litt anna rolle, og litt meir ansvar for korleis valkampen blir drive. Partiet må bli einig om korleis lista skal sjå ut, og eg tykkjer at vi har ei fin blanding av ulike aldrar og interesser.

Han, og dei andre listekandidatane har ei intensiv tid framfor seg, med mange møter og andre valkampoppdrag.

– Det er gøy, men det er hektisk. Vi skal vere slitne når vallokala stengjer den 9. september, avsluttar Per Rune Henriksen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.