Hopp til innhold

«Det er tunge jobbar. Eg vil råde alle til å prøve å jobbe litt i helsevesenet»

USA sin innvasjon av Irak brakte ho inn i politikken, men det er likestilling ho brenn for. Litt i skuggen av førstekandidat og partileiar Audun Lysbakken, stiller Gina Barstad for andre gong som andrekandidat på Hordaland SV si stortingsliste.

Gina Barstad

FEMINIST OG BRANN-SUPPORTER: Gina Barstad ser mykje urett som ho gjerne skulle retta opp. Og det skadar jo ikkje om Brann vinn serien heller...

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Du kallar deg feminist?

– Ja, på min hals! Og det har eg gjort sidan eg var lita.

– Kvifor skal vi mannfolk stemme på deg?

– He-he… Også mannfolk kan trivast med litt feminisme.

Samme stamkafe sidan ho var lita

Gina Barstad er kledd i grønn sommarkjole, men søkjer ly under ein stor, raud paraply i det vi passerer Den Nasjonale Scene i Bergen.

– Eg bomma litt på vêret. Eg kom frå Spania i går kveld. Det er jo eigentleg altfor kaldt til å vere sommarkledd.

«Eg er her ein gong i veka. Kanskje litt oftare.»

Gina Barstad om stamkaféen

Vi er på veg til SV-aren sin stamkafe.

– No skal vi på Cafe Opera. Det er ein stad eg har gått sidan eg var lita. Mor og far min brukte å gå der, og eg pleier å stikke innom der sjølv.

(Artikkelen held fram under radio-saka.)

Barstad tek oss med opp trappa til andre etasje. Denne regntunge julidagen er lokalet halvfullt . Det er stort sett berre kvinner i 20-30-årsalderen å sjå. SV-aren tingar seg ein kopp vanleg svart kaffi og eit glas vatn. Så finn ho favorittplassen: Ein djup skinnsofa langs vindauget med utsikt rett mot DNS.

– Er du her ofte?

– Ein gong i veka kanskje, eller litt oftare. Det kjem an på.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gina Barstad

PÅ KAFE: Gina Barstad i sofaen på favorittkaféen. Her diskuterer ho gjerne politikk, men det kjem an på selskapet.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ein telefon, ein morgon i oktober 2009...

Til dagleg studerer ho administrasjons- og organisasjonsvitskap på Universitetet i Bergen. Ho er leiar i Bergen SV, er aktiv på Twitter, har eigen blogg, og er ein gjengangar i avisene sine lesarbrevspalter.

Men ho har også vore i maktas sentrum. Og sjølv om det ikkje var akkurat her, på Cafe Opera, ho sat då det ringte, så gløymer ho ikkje telefonen ho fekk ein oktoberdag i 2009.

– Då ringjer Audun (Lysbakken, jour.anm.) meg. Klokka er ni på morgonen, og han spør om eg er klar for å bli stortingsrepresentant. Eg sier: «Ja, berre viss du er klar for å bli statsråd.», og så ler vi.

Deretter var det berre for den då 23 år gamle bergensaren å pakke i all hast.

«Eg spurte forsiktig om eg kunne få lov til å komme inn. »

Gina Barstad om første dag på Stortinget

Eg berre heiv meg rundt og sette meg på toget. Klokka 11 gjekk Audun ut på Slottsplassen. Eg hugsar det veldig godt, når eg seinare på dagen kom opp Løvebakken på store mektige Stortinget, og skulle prøve å banke på døra med ein bag i handa. Eg spurte forsiktig om eg kunne få lov til å komme inn. Det var eit rart øyeblikk…

Gina Barstad ler litt småflau.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gina Barstad

PÅ TINGET: Denne stolen var Gina Barstad sin i nesten tre år. Ho skulle gjerne vore tilbake på fast basis.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Lysbakken: – Ein person eg har blitt veldig glad i

I tre år vikarierte ho på tinget, mens Lysbakken var statsråd. Ein inderleg og ærleg politikar, skriv partileiaren og førstekandidaten for Hordaland SV, i ein e-post til NRK. Han let seg imponere over kor fort ho som 23-åring sette seg inn i arbeidet på Stortinget.

Gina er en person jeg har blitt veldig glad i. Hun er en inderlig og ærlig politiker, et arbeidsjern og et menneske som sprer glede og positivitet rundt seg.

«Gina er en av dem som gjør meg optimistisk på vegne av SVs framtid.»

Audun Lysbakken, partileiar

Helt uten rikspolitisk erfaring kastet hun seg inn i komitéarbeid, debatter i salen og arbeidet med å få gjennomslag for våre lokale valgløfter fra Hordaland. Hun satte seg i respekt, og fikk resultater.

Nå er hun en erfaren folkevalgt, i ung alder. Gina er en av dem som gjør meg optimistisk på vegne av SVs framtid, og jeg håper hun får en ny sjanse på Stortinget. Da får folk i Hordaland en oppofrende og hardtarbeidende tillitsvalgt med hjertet på rett sted, skriv partileiaren frå Bergen.

Audun Lysbakken

EXITEN: Då Audun Lysbakken etter ei turbulent tid gjekk ut av regjeringa i mars 2012, måtte Gina Barstad trå ut av Stortinget. Her kjem Lysbakken ut frå sitt siste statsråd på Slottet.

Foto: NRK

Då Lysbakken i mars 2012 trakk seg som statsråd og vende tilbake til Stortinget, måtte Barstad vike plass, og flytte heim til andre sida av fjellet.

– Kva føler du sjølv at du oppnådde på dei tre åra som medlem i Familie- og kulturkomitéen?

– Vi har oppnådd mykje som eg er fornøgd med, og synest er viktig. Eg er særleg stolt over å ha vore med på ei auka satsing på barnevernet. Her lokalt, viss ein skal ta mindre tunge saker, synest eg det var viktig at vi fekk gjennomslag for ny scene på USF Verftet.

Ihuga Brann-supportar

Forutan politikk og kjærasten, er Sportsklubben Brann blant 27-åringens største lidenskapar. Ifølgje Audun Lysbakken er ho er minst like hekta som han sjølv.

Engasjementet for Brann fekk ho i 2012 til å rykke ut på NRK. Barstad gav Norges Fotballforbund det glatte lag, då dei la starttidspunktet for semifinalen mellom Hødd og Brann i cupen til tidleg ettermiddag.

Håplaust med ettermiddagskamp, raste den Brann-gale bergensaren.

– Eg vil vel kanskje seie at eg er verre enn Audun! Det er spelet, stemninga, ja.. Det er veldig stas altså…

«Eg har kanskje ein litt merkeleg Bergens-dialekt.»

Gina Barstad

Det glødar fram ein iver i blikket. Men ho får ikkje heilt til dei karakteristiske bergenske skarre-r-ane, trass i at ho har budd i byen heile livet.

– Eg har ein litt merkeleg bergensdialet, vedgår ho.

Kanskje skuldast den vage skarringa opphaldet i Fantoft studentbarnehage som bitte liten, der dialektane og nasjonalitetane var mange, eller det at faren kjem frå Volda.

Såg helsevesenet frå innsida

Uansett, 27 år gammal har Barstad plassert seg til venstre i partiet. Saman med Lysbakken, slik Bergen SV har hatt rykte på seg for å gjere. Det var også han ho støtta då leiarkampen rasa mellom Lysbakken, Heikki Holmås og Bård Vegar Solhjell. Ho er ein feminist. Ei typisk SV-dame, seier mange.

Gina Barstad

– PRØV HELSEVESENET: Likelønn burde vere noko sjølvsagt, meiner Gina Barstad. I fleire år vaska ho på Haukaland ved sidan av studiar. Det trigga feministen i ho.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Ein av dei største urettane i Norge er at kvinnene som driv velferdsstaten og gjer dei tyngste jobbane, får så dårleg betalt og har så dårlege arbeidsvilkår. Mi hjartesak er nok definitivt at dei som er tilsette i helse- og omsorgsyrkene skal få betre lønns- og arbeidsvilkår.

«Eg vil råde alle til å prøve å jobbe litt i helsevesenet.»

Gina Barstad

Barstad hadde sjølv fast jobb, ved sidan av studiane, som reinhaldar på Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Frå ho var 19, til ho kom på tinget som 23-åring.

– Der lærte eg ekstremt mykje om norsk arbeidsliv og norsk helsepolitikk. Det er tunge jobbar. Eg vil råde alle til å prøve å jobbe litt i helsevesenet.

Kampen står om Lysbakken

Det var ikkje kvinnesak, men krig som først fekk ho inn i politikken. Då USA invaderte Irak i kjølvatnet av 11. september-terroren, masjerte Gina Barstad i protesttog i gatene i Bergen. Det førte ho inn i Sosialistisk Ungdom, og seinare over i moderpartiet SV.

– Valet fall naturleg på SU. Sidan har eg halde på med det nesten kvar ledige augneblunk, seier ho lett og tek eit sup av kaffikoppen.

«Nett no står nok kampen om å sikre Audun sitt mandat. Rett og slett.»

Gina Barstad om sjansane for fast stortingsplass

Men krigen i Irak er eit tilbakelagt kapittel, og nett no er det valkamp for SV som gjeld. Hadde ho stilt som andrekandidat i til dømes Ap eller Høgre hadde ho vore sikra stortingsplass. Men i regjeringspartiet SV er stoda ei anna.

– Samstundes viser målingane at vi har stort potensiale. Dei sjansane må vi utnytte. Men det krev tøff jobbing.

– Korleis vurderer du sjansane for at både Audun Lysbakken og Gina Barstad kan få fast plass på Stortinget?

– Nett no står nok kampen om å sikre Audun sitt mandat. Rett og slett.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Raudgrøne på Kongshaug Musikkgymnas

VALKAMP: Kampen om merksemd og veljarane sin gunst har alt vart i fleire månader. Her er Barstad fotografert saman med raudgrøne kollegaer då dei møtte rektor og elevar på Kongshaug Musikkgymnas utanfor Os i juni. Bodskapen: Regjeringa kuttar likvel ikkje i statsstøtta, og skulen var berga.

Foto: John Arnt Nøstdal / NRK

Asfaltunge utan lappen

Kaffikoppen er tom. Vi finn fram paraplyane og forlet Cafe Opera på Engen. Gina Barstad tek oss med på vandring i gatene opp mot Nygårdshøyden. I dag bur ho på Minde. Men det var i desse gatene ho tilbragte store deler av barndommen.

– Eg var eit lykkeleg bybarn. Asfaltunge er vel rett term. Vi budde rett borti her, i Fosswinkelsgate. Der var det eit fint gatetun som eg fekk lov til å leike på, mot at eg ikkje gjekk ut i gata.

«Eg må snart få tatt lappen. Eg har utsett det.»

Gina Barstad

Bak oss, nede i Bergen sentrum høyrer vi at ettermiddagsrushet er i gang. Men det er ingen fare for at SV sin andrekandidat dukkar opp bak rattet på ein bil. I alle fall ikkje med det første.

– Huff. Eg må snart få tatt lappen. Eg har utsett det. Eg er litt engsteleg for å køyre bil, faktisk, seier 27-åringen forsiktig.

– Men eg har månadskort på Bybanen!

Bane og rassikre vegar før ferjefri E39

Lappen eller ikkje. Hordalendingane er opptekne av samferdsle, også i denne valkampen. Mange ønskjer seg ferjefri E39. Men det får dei ikkje om Gina Barstad får bestemme.

– Nei, eg meiner vi heller skal prioritere å lage gode bruksvegar i distriktet, og heller bruke pengane på rassikring. Og så prioritere kollektivtransport i Bergen.

Gina Barstad

HO ELSKAR BERGEN, MEN... – Oslo har faktisk betre vêr, vedgår stortingskandidaten under sin regnvåte paraply.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vi nærmar oss Johanneskirken. Regndropane trommar taktfast på SV-aren sin røde paraply.

– Det er betre vêr i Oslo. Faktisk. Det er ein myte eg må seie er sann.

Vil så gjerne tilbake..

Hjartet ligg i Bergen, men ho skulle så gjerne gjort meir i Oslo. På Stortinget.

– Det er eit enormt privilegium å få lov å vere med der lovene blir vedtatt, og der dei store debattane i Norge blir tatt. Det er eit ønskje om å få bidra til det, som gjorde at eg ønskte å ta attval. I tillegg ønskjer eg å vere med på prosjektet som den nye partileiaren vår, Audun, har for partiet.

– Kva går prosjektet ut på?

«Inntrykket har vore at du stemmer SV viss du er einig med Arbeidarpartiet, men kanskje er litt meir oppteken av miljø og skule.»

Gina Barstad

– Vi skal bli eit parti som har ein breiare politisk profil. Inntrykket har vore at du stemmer SV viss du er einig med Arbeidarpartiet, men kanskje er litt meir oppteken av miljø og skule. Eg er oppteken av at vi skal stå meir på eigne bein. Ha ein tydelegare helsepolitikk, ein tydelegare arbeidslivspolitikk. Vi skal vere eit alternativ for fleire folk.

«Ein litt korrekt SV-ar»

Gina Barstad framstår som visjonær på vegne av partiet. SV-arar NRK har snakka med brukar stikkord som rød, kvinnekamp, venstreside.

Men dei skildrar også ei varm og omsorgsfull ung kvinne. Ei med stor rettferdssans, leiareigenskapar, humor, god replikk, og med gode kokkekunnskapar på kjøkkenet.

– Gina har to i seg til det meste, også på nasjonalt nivå, seier ei kjelde i partiet.

Enkelte skildrar ho som ein flinkis, og litt korrekt SV-ar. Ei som tvilheld på dei gamle litt karikerte framstillingane av korleis ein SV-ar til dømes kler seg. Ei som strikkar på møtene, slik SV-damene gjorde på 1970-talet.

«Mellom 2003 og 2006 trur eg ikkje eg blei observert utan palestinaskjerf i Bergen sentrum.»

Gina Barstad

Sjølv vedgår Barstad at ho gjerne skulle ha opplevd den ungdomspolitiske bølgja på 70-tallet i kjølvatnet av hippiane frå Woodstock og 1968. Då ungdom både på venstre- og høgresida nytta eit kvart høve til å diskuterte politikk. Men ifølgje ho sjølv, strevar ho ikkje etter noko visst SV-image.

– Ein skal passe seg litt for å ha for mykje gamledagar-nostalgi. Men det er klart, eg har ein SV-identitet. Den var nok meir utprega for nokre år tilbake. Mellom 2003 og 2006 trur eg ikkje eg blei observert utan palestinaskjerf i Bergen sentrum. Så eg har kanskje blitt litt straitare i stilen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gina Barstad

STILEN: Somme meiner Gina Barstad ser ut som ei typisk SV-dame. Sjølv meiner ho å ha moderert stilen. Palestinaskjerfet er i alle fall sjeldnare i bruk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Jobb nr. 1

Vi har passert Johanneskirken, framleis med regn frå ovan. Stoppar framfor trappa som går frå Muséplass ned mot Olav Kyrresgate og Festplassen.

– Kva blir jobb nummer éin på Stortinget for Hordaland?

«Å sikre vidare utbygging av Bergensbanen og Bybanen. Det trur eg blir det viktigaste.»

Gina Barstad

– Det blir å sikre vidare utbygging av Bergensbanen og Bybanen. Det er kanskje to jobbar då, men eg trur det er det aller viktigaste. Vi må få på plass miljøvennlege alternativ som folk kan reise kollektivt med.

Før vi skil lag må vi vende tilbake til dette med feministen Barstad. Denne merkelappen som ho gjerne nyttar på seg sjølv. Kva legg ho i det?

– Eg er feminist fordi eg er opptatt av likelønn. Det er urettferdig at kvinner sitt arbeid blir lønna dårlegare enn menn sitt arbeid. Til dømes dei jobbane som stort sett kvinner utfører, mellom anna innan helse- og omsorg. Og fordi eg ser at makta er ulikt fordelt. Det er slik at det er eit fleirtal av menn i stort sett alle forsamlingar der det finst makt, både i Norge og elles i verda.

Står ho så sjølv i skyggen av ein mann, på listeplass plass bak den profilerte partileiaren frå samme fylke og samme by?

– Nei. Det er eit enormt privilegium å få lov til å jobbe med Audun. Så viss ein skal stå i skyggen av nokon, så er det ingen betre. Men eg opplever det vel ikkje slik. Eg er ein tett støttespelar, seier SV sin andrekandidat i Hordaland, før ein raud paraply forsvinn i mengda nedover Olav Kyrres gate.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.