– Mentalt er eg nok ein 80-åring

Peter Christian Frølich har ein lengre CV enn 25-åringar flest. Det politiske førebiletet til Høgre-politikaren kan òg skuldast for å vera ein smule veslevakse.

Peter Christian Frølich
Foto: Sølve Rydland / NRK

Sola skin ifrå ein knallblå bergenshimmel. Men Peter Christian Frøhlich har ikkje hatt mykje tid til å nyta solstrålane i heimbyen dei siste månadane.

Den unge Høgre-politikaren har nemleg hatt eit år litt utanom det vanlege. Han har fullført jusstudiet, fått ny jobb som advokatfullmektig, debutert i retten som advokat, vorte nominert på den bombesikre tredjeplassen på Høgre si stortingsliste, og til og med fått tid til å gifta seg.

NRK.no møter 25 åringen på kontoret på advokatkontoret Kluge midt i Bergen sentrum.

– Å vere advokat i rettssalen var ei spesiell oppleving. Då dommaren folda hendene og sa: «advokatfullmektig Frølich, ordet er ditt», gjekk det litt i kryss i hovudet, seier han i det han slenger dresskorne opp på det rotete skrivebordet og set seg godt til rette i kontorstolen.

Winston og meg

Peter Christian Frølich med Winston Chuchill

FRØLICH MED FØREBILETET: Peter Christian Frølich med ei byste av det politiske førebiletet sitt, Winston Churchill.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Det vesle kontoret er heller spartansk innreidd. Ein stabel med kaffikoppar, permar med sakspapir og nakne kvitmåla veggar. Men ein gjenstand bryt det heller nøkterne preget. Ei bronsebyste av sjølvaste Winston Churchill.

Kva får ein ung 25-åring frå Bergen til å ha ein britisk statsminister frå midt på det førre hundreåret som førebilete?

– Det spørsmålet måtte komma. Eg har vel ein mental alder som ein 80-åring, ler Frøhlich, før han held fram:

– Det har nok vorte ein slags gimmick, han har vore med meg ei stund. Men er ser faktisk veldig opp til Winston Churchill. Han hadde den replikken som eg trur alle politikarar ønskjer å ha, seier 25-åringen som gladeleg serverer eit sitat frå den store statsleiaren han delar skrivepult med.

– Ein gong skal han ha vorte konfrontert av Lady Nancy Astor i det britiske parlamentet. «Winston, om du var mannen min, ville eg hatt gift i teen din.» Churchill svara tørt «om eg var mannen din, ville eg ha drukke teen.» Snakk om å ha ordet i si makt, humrar Frølich som kanskje hadde førebiletet i tankane då han omtalte kaffien i Bergen kommune som gift frå talarstolen i bystyret..

– Kan forandre Noreg

I tillegg til politikk og ny advokatjobb, har Frølich altså òg brukt det siste året til å smi seg i hymens lenkjer. Men bryllaupsreisa vart det så som så med. Noko ordførar Trude Drevland følte for å kommentera då 25-åringen utsette heile bryllaupsreisa si for å stilla i bystyret.

– Tru det eller ei: Han har utsett bryllaupsreisa for å vere her med oss i kveld. Forstå det den som vil, sa Drevland til latter frå dei tilhøyrande.

Peter Christian Frølich vert omtala som eit politisk talent, vedunderbarn og ein som har gjort dei rette vala i livet. Men kvifor har han det så travelt? Etter berre to år i bystyret i Bergen, vil han no ta steget over til rikspolitikken.

– Då eg fekk moglegheita til å stå på stortingslista, måtte eg ta ein god tenkjepause. Eg fann ut at no startar eit borgarleg prosjekt. Det vert første gong i historia at vi går til val på eit så breitt borgarleg samarbeid. Vi kan forandre Noreg for alvor. Etter å ha tenkt på det, fann eg ut at dette vil eg vere med på, seier den unge politikaren medan han fiklar med gifteringen han enno ikkje har vorte heilt komfortabel med.

«Knoll og Tott»

Saman med partikamerat Erik Skutle, skal Frølich turnere Hordaland for å sanke stemmer i valkampen.

– Det skal ikkje vere éin einaste kommune som ikkje er besøkt av «Knoll og Tott», seier Frølich.

Dei to er samde om mykje, men går ikkje av vegen for ein god diskusjon.

– Peter Christian er veldig konservativ, medan eg vil skildre meg sjølv som meir liberal, seier Skutle før dei to hamnar i ein småkrangel om kven som er best skikka til å sitta bak rattet når dei to skal ut på valkampturné.

Dersom Høgre gjer eit verkeleg bra val, kan både Skutle og Frølich bli vald inn på Stortinget i haust. Dei to trur det vil bety mykje å få vere i lag i Oslo.

– Den siste tida har jo vist at det er eit ganske tøft miljø på Løvebakken, og ein er avhengig av å ha eit nettverk, seier dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Peter Christian Frølich og Erik Skutle

KNOLL OG TOTT: Erik Skutle og Peter Christian Frølich kan kome på Stortinget saman.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Diskusjonar med sjefen

Som tidlegare lokallagsleiar i Unge Høgre, og som bystyrerepresentant, har han vist at han vågar å fronte saker som går på tvers av meiningane til sjefen og partifellen Monica Mæland.

Støtte til køprising og utspel om at bybanen bør gå i tunnel under sentrum, har blitt sett på som kontroversielle. Frølich lovar at han skal halde fram med å seie meininga si, også om han kjem på Stortinget.

– Det er sånn det bør vere. Også når ein meiner at eigen regjering ikkje gjer alt rett, seier den unge politikaren.

Aktivitetsplikt

Ei av sakene tredjekandidaten verkeleg brenn for, er å få ned talet på personar som står utanfor arbeid og er uføretrygda eller tek imot sosial hjelp.

– Vi har mange hundre tusen menneske i landet som står utanfor arbeidslivet, men som er arbeidsføre. Og eg trur, sjølv om det kan vere litt naivt, at dei aller fleste menneske ønskjer å arbeide, seier han.

I vinter fekk han på pukkelen av sosialbyråd Lisbeth Iversen (KrF) då han saman med nettopp Erik Skutle reiste forslag om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar i Bergen.

– Forslaget ber tydeleg preg av å komma frå ein ungdomsrepresentant, sa byråden som gjekk av denne våren.

Frølich meiner at han og Høgre ofte vert tillagt uheiderlege motiv frå andre parti, og då særleg frå venstresida.

– Dei skal ha skryt for å delvis ha lukkast i å teikne eit skremmebilete. Men det er minst like mange varme og godhjarta personar på høgresida i politikken, seier han.

– Vil bu i Bergen

Peter Christian Frøhlich har ingenting imot å hamna på Stortinget. Det einaste minuset er at han må flytta frå heimbyen.

Alkoholfri øl og kaffi

FAST PLASS: Peter Christian Frølich er fast gjest på kafeen mellom Gulating lagmannsrett og Bergen rådhus.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Ja, det er eit naudsynt vonde når ein skal sitje på Stortinget. Denne byen betyr alt for meg. Eg vil ikkje busetje meg fast nokon andre stader i heile verda, seier ungdomskandidaten medan han spaserer over festplassen for å komma seg frå advokatkontoret til rådhuset i byen. Der har han trass ung alder allereie vore rådgjevar for byrådet, bystyrerepresentant og nestleiar i oppvekstkomiteen.

– Men eg har faktisk tenkt å halda fram som bystyrerepresentant sjølv om eg vert valt inn på tinget. Eg synst det er viktig å avslutta noko ein har starta på, seier han uoppfordra.

Så dei i Høgre som ønskjer bybanen over Bryggen vert ikkje kvitt deg?

– He-he, nei det vert dei ikkje, ler Frøhlich, som fleire gongar har fått korreks av eigne partifellar for å tydeleg ha flagga at han vil ha Bybanen til Åsane i tunnel. Sjefen, Monika Mæland, har tatt til orde for det andre alternativet – trasé i dagen over Bryggen.

Om Peter Christian Frølich greier å vinna kampen om kor bybanen skal gå vil framtida visa. Men først skal Sir Winston Churchill vera med på flyttelasset til Oslo.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget