Fredag morgon møtte statsminister Jonas Gahr Støre, olje- og energiminister Terje Aasland og landbruks- og matminister Sandra Borch reindriftsutøvarane på Fosen til eit frukostmøte.
I etterkant av møte møtte Statsministeren pressa. Her får han blant anna spørsmål om han meiner det har skjedd menneskerettsbrot under vindkraftutbygginga på Fosen.
– Dei samiske ungdommane er veldig opptatte av at regjeringa skal seie at dette er eit pågåande menneskerettsbrot. Vil de seie det no?
– Ja, denne dommen slår fast at konsesjonen, slik han har blitt gitt, krenker rettane som Samane har etter dei konvensjonane vi skal følge, svarar Støre.
– Og om det er eit menneskerettsbrot, så er svaret ja, held statsministeren fram.
Vil vurdere avbøtande tiltak
Den 11. oktober slo Høgsterett fast at konsesjon- og ekspropriasjonsvedtaket om vindkraftutbygging på Fosen ugyldig. Høgsterett meinte vedtaket krenka reindriftsutøvarane si rett til kulturutøving.
Aksjonistane protesterer mot at det no har gått over 500 dagar sidan Høgsterettsdommen, men at det framleis ikkje har blitt gjort nokon tiltak for å handheve dommen.
Demonstrasjonar mot vindturbinane på Fosen.
Foto: Terje Bendiksby / NTBStøre seier vidare at dommen seier at ein må vurdere avbøtande tiltak for å ikkje vere i ein slik situasjon.
– Det er det vi nå må følge oppmerksam med på, om vi kan finne dei. Eg har sagt at eg utelukkar ikkje nokon tiltak i den samanhengen, fortel Støre.
Avbøtande tiltak er til for å minske, kompensere eller fjerne uønskte verknader av inngrep i naturen.
NRK forklarer
Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde
Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.
2010: Får tillatelse til å bygge i området
I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

2014: Spilles inn i rettsystemet
Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

2016: Starter utbygging
Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

2018: FN ber om byggestans
FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020.

2021: Knusende dom i Høyesterett
I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

2022: Vil beholde anlegget
Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen.
Leiar i Fosen reinbeitedistrikt: – Har kome eitt steg vidare
Leiar i Fosen reinbeitedistrikt Terje Haugen møtte også pressa i etterkant av frukostmøte.
Terje Haugen blir intervjua i regjeringskvartalet i går.
Foto: Bethel Britto / NRKHan fortel at høgsterettsdommen ligg til grunn for dei krava dei vil framsette.
– Vi legger jo høgsterettsdommen til grunn. Det er ikkje noko tvil om den meiner vi. Høgsterett har tatt stilling til det som skal bli tatt stilling til. Nokon andre krav enn det har vi ikkje, utover at dei må høyre må det vi har å seie, fortel Haugen.
På spørsmål om kva eit slikt møte har å seie for reindriftsutøvaren på Fosen svarar Haugen at dei har kome eitt steg vidare.
– Du føler jo at du har kome eitt steg vidare når du snakkar med ministrar og ikkje minst statsministeren, fortel Haugen.
– Kva synst du om at det har gått så lang tid før du har fått ei unnskylding frå statsministeren og regjeringa?
– Eg synst det kunne ha kome tidlegare. Samstundes så er det er godt å få ei unnskylding, men ei unnskylding gjer jo ikkje at det blir meir beiteområde for reinsdyra våre, svarar Haugen.
– Det var godt å få ei unnskylding, og det var på tide, legg han til.
Fosen reindriftssamar på veg ut av frukostmøte.
Foto: Inga Máret Solberg Åhrén / NRKHaugen vil ikkje fortelje for mykje om korleis vegen blir vidare.
– Men vi reknar med det blir mykje møte, avsluttar han.