Hopp til innhold

Blei dømd til fengsel for ran av trøndersk artist – får ny vurdering av straffa

Hovudmennene i ranssaka mot ein trøndersk artist blei dømd til lågare fengselsstraffer enn aktor ville ha – to av dei får vurdert straffa på nytt i lagmannsretten.

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betale penger. Det ligger en revolver på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

TRUSSELBREVET: «Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde» står det til slutt. Ved sidan av på biletet ligg ein revolver. Biletet blei sendt på SMS til artisten.

Foto: politiet

Seks menn blei dømd for grovt ran av ein trøndersk artist. Med kvar sine roller pressa dei artisten til å betale 750.000 kroner i mai i fjor.

Dei fleste erkjente delvis straffskuld, men nekta for å vere ein del av ei kriminell gruppe.

Tre av mennene anka dommen, men får ikkje medhald i anka om skuldspørsmålet.

Men to av dei får medhald i anka om straffeutmålinga. Dermed skal straffa dei fekk vurderast på nytt i Frostating lagmannsrett.

Ankesaka skal etter planen gå i Frostating lagmannsrett i august.

Les også Rana trøndersk artist – pengane enda opp i Noreg, Sverige og Tyrkia

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.

Får vurdert straffa på nytt

Ein 25 år gamal mann frå Austlandet blei dømd til den strengaste straffa, fengsel i seks år og seks månader.

Men no får han ei ny vurdering av straffa i lagmannsretten.

25-åringen hadde ei aktiv rolle i gjennomføringa av ranet mot artisten, mellom anna ved å snakke med han på telefon.

Han sytte også for at 300.000 kroner av ransutbytet vart kvitvaska. 25-åringen blei også dømd for å ha tatt vare på nesten 30 kilo hasj.

Det som er gledeleg er at lagmannsretten skal vurdere straffeutmålinga på nytt. Klienten min meinte seks år og seks månader var altfor strengt, seier forsvarer Ole Strømmen til NRK.

Vurderer å anke til Høgsterett

Strømmen viser til at lagmannsretten har nekta samtlege av dei tiltalte å få vurdert skuldspørsmålet på nytt.

Avgjerda er èin del av ei større trend nemleg at alvorlege saker berre blir behandla skriftleg av lagmannsretten, seier Strømmen.

Det er ein grunn til at saker går fysisk i retten og at ein ikkje berre les vitneprov og vurderer andre bevis på èin skjerm. Måten å avgjere ei sak på er me kritiske til.

Forsvarer Ole Magnus Strømmen fra advokatfirmaet Bratlien i retten. Han står og snakker med en person utenfor bildet. I bakgrunnen kan vi skimte forsvarer Sugin Varatharajan.

Forsvarer Ole Magnus Strømmen i rettssaka.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Nekta straffskuld for å ha vore med på ranet

Ein ven av 25-åringen fekk nesten like høg straff, seks år og to månader.

Den 26 år gamle mannen frå Austlandet sa seg skuldig i å ha hatt nesten 30 kilo hasj.

Han nekta straffskuld for å ha vore med på ranet.

Ingen av dei to får medhald for anka om skuldspørsmålet, men får behandla straffeutmålinga i lagmannsretten. I perioden artisten blei rana sat dei to saman under open soning på Austlandet.

En svart sko av merket Nike. Vi ser bilde av den høyre skoen og kan skimte den venstre i bakgrunnen. Bildet er tatt innendørs på parkettgulv. Dagslys kommer inn i den øvre venstre del av bildet. Vi ser deler av et møbel til høyre

Tiltalt for å rane artist – meiner dei er brikker i andre sitt spel

Den tredje personen som anka dommen var også ein 26 år gammal mann frå Austlandet. Han blei dømt for grov kvitvasking av delar av ranssummen og fekk ei straff på 88 timar samfunnsstraff.

Vedkommande får ikkje medhald i anken.

– Me tar avgjersla frå lagmannsretten til orientering, seier forsvarar Morten Andreassen til NRK.

Avgjerda frå lagmannsretten er einstemmig.

Les også Fleire av dei ranstiltalte ankar domen – trass i lågare straffer enn påstått

Trusselbrev med trussler til trøndersk artist om å betale penger. Det ligger en revolver på brevet. Øverst står det "Se for dere hva som skjer når vi blir sure. Betal pengene og alle blir fornøyde."

Meinte pengane hamna hos Foxtrot

Delar av ranssummen frå den trønderske artisten blei overført som bitcoin til ein person som var sentral i Foxtrot-nettverket.

Politiet meiner også at ein svensk mann som er dømd i saka kan knytast til det svenske kriminelle nettverket Foxtrot.

– Det er ingen av dei seks som er tiltalt for å ha tilknyting til Foxtrot-nettverket. Men det ligg opplysingar i saka som trekker i retning av at ein av dei tiltalte kan ha knytingar til nettverket.

Det sa statsadvokat og aktor, Per Morten Schjetne, i forkant av rettssaka.

Samstundes meinte aktor at tilknytinga til Foxtrot-miljøet måtte få betydning for kor høg straffa skulle vere.

Men tingretten såg bort frå koplingar til Foxtrot når det gjeld kva straff tiltalte skal få.

Les også Rana trøndersk artist – pengane enda opp i Noreg, Sverige og Tyrkia

Logo med Team Fox og ein rev som held eit maskingevær.