– Eg demonstrerer ikkje mot grøn energi, seier den svenske klimaaktivisten til NRK.
Sidan torsdag morgon har Norske Samers Riksforbund Nuorat og Natur og Ungdom aksjonert ved Olje- og energidepartementet.
Departementet har endå ikkje tatt stilling til kva som skal skje med vindturbinparken på Fosen i Trøndelag, over 500 dagar etter Høgsterettsdommen fall.
I går kom også Greta Thunberg til Oslo for å delta.
– Klimakrisa og krenkinga av urfolk sine rettar og menneskerettar går hand i hand, seier Thunberg.
Greta Thunberg på veg ut av studio. Ho meiner Fosen-saka er eit døme på grøn kolonialisme
Foto: Håkon Benjaminsen' / NRK– Grøn kolonialisme
Thunberg meiner at urfolk sine rettar og klimakampen ikkje kan bli stilt mot kvarandre.
– Me kan ikkje ha ein rettvis klimaomstilling om me held fram med å utnytta og kolonisera urfolk sine område, seier Thunberg.
Ho seier Fosen-saka er eit av mange store overtramp mot samane.
– Dette er eit tydeleg døme på grøn kolonialisme: at me lèt som me skal redda planeten samtidig som me krenker menneskerettar, og fullt og heilt krenker urfolk sine rettar.
Thunberg seier at ho ikkje veit kor lenge ho blir i Oslo, men at ho har moglegheit til å vera i byen ei stund.
Støre: Er lovleg
Statsminister Jonas Gahr Støre ønsker på si side ikkje å bruka ordet menneskerettsbrot.
– Eg ønsker å finna ei løysing som må vera politisk behandla, og snakka om dette med dei som er direkte rørte, seier Støre til NRK.
Ifølge han står vindturbinane i Fosen der lovleg i dag.
– Det er i alle fall ingen vedtak om at møllene skal rivast, seier han.
– Men me må jo finna ei løysing på dette i forhold til reinnæringa.
Han har derfor brukt tid på å snakka med Sametingspresidenten i dag, fortel han. Seinare skal han til Finnmark for å snakka med Sametinget.
– Eg tar dette på stort alvor. Dette skal me løysa i tråd med dei internasjonale forpliktingane me har, seier Støre.
– Forstår frustrasjonen
Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) seier at han forstår frustrasjonen til reindriftssamane og demonstrantane.
Likevel seier han at dei må halda seg til det Høgsterett har kome fram til.
– Høgsterett har ikkje sagt kva som skal skje med vindkraftanlegga oppe på Fosen.
Olje og energiminister (Ap), Terje Aasland.
Foto: Martin Fønnebø / NRK / Martin Fønnebø / NRK– Men de opererer utan ein gyldig konsesjon?
– Men dei har ikkje gått inn og sagt kva som skal gjerast med vindkraftverka, seier Aasland.
Derfor må departementet behandla saka på ein ordentleg måte, seier ministeren.
– Me må ha på plass eit nytt kunnskapsgrunnlag for å kunna fatta eit nytt vedtak, slik at me ikkje bryt med samiske rettar.
Greta Thunberg var måndag med i Dagsnytt 18 for å snakka om Fosen-saka.
Ei menneskerettssak
Leiar i NSR-N, Elle Nystad, seier at dei er takksame for at Thunberg hadde moglegheita til å delta i aksjonen.
– Me er veldig takksame for at Greta er her for å synleggjera denne saka og har kome hit for å støtta, ho er her i solidaritet med Fosen-samane, seier Nystad.
Ho seier saka ikkje er ei klimasak, men ei sak om menneskerettsbrot.
NRK forklarer
Hva er konflikten rundt vindkraftanlegget på Fosen?

Brukes som beiteområde
Sørsamer har brukt fjellområdet Roan og Storheia på Fosen som vinterbeite for rein siden før 1500-tallet.
2010: Får tillatelse til å bygge i området
I 2006 melder Statkraft Development AS interesse for å bygge vindkraftanlegg i området. Søknaden blir godkjent i 2010 og det blir gitt konsesjon til utbyggingen. Denne konsesjonen klages på, men stadfestes likevel av Olje- og energidepartementet i 2013.

2014: Spilles inn i rettsystemet
Saken spilles inn i rettsystemet for behandling. Sør-Fosen sitje og Nord-Fosen siida mener utbyggingen vil ødelegge viktige beiteområder for reinsdyr og dermed krenke samers rett til kulturutøvelse.

2016: Starter utbygging
Likevel starter arbeidet med å bygge anlegget i juni 2016. Selv om saken ikke er ferdig behandlet i rettsystemet har staten gitt utbygger tillatelse til å starte arbeidet tidlig. Det blir investert 11 milliarder kroner i prosjektet.

2018: FN ber om byggestans
FN ber Norge om å stanse utbyggingen på Storheia til saken er avklart i rettssystemet. Staten tar dette ikke til følge og driften av vindturbinene starter i 2020.

2021: Knusende dom i Høyesterett
I 2021 slår en enstemmig Høyesterettsdom fast at utbyggingen av anleggene på Fosen krenker samenes rett til kulturutøvelse. Konsesjonene blir kjent ugyldige fordi utbyggingen bryter med FN-konvensjonen.

2022: Vil beholde anlegget
Til tross for dommen fortsetter driften av anlegget på Fosen. I 2022 sender regjeringen et brev til Sametinget hvor de sier de har et mål om å beholde både vindkraft og reindrifta på Fosen.
– Det er ikkje me som skal lida fordi nokon slit med å ta inn kunnskap om at me er vår eiga urbefolkning. Dette handlar om våre liv, seier Nystad.
Arbeidsplassar og fornybar kraft
Ordførar i Åfjord kommune på Fosenhalvøya i Trøndelag, Vibeke Stjern (Ap), seier at vindturbinane gjev kommunen arbeidsplassar og fornybar kraftproduksjon.
– Me har eit samfunn som har sagt ja til å avstå areal til utbygging av fornybar energi, som var ei stor sak for oss, seier Stjern.
Dei har totalt seks vindkraftanlegg i kommunen som produserer cirka 1,8 terrawattimer (tWh) med vindkraft, fortel ordføraren. Dei to største, er dei største i landet.
– Me har eit brennande ønske om at det faktisk skal vera mogleg å driva reindrift og samisk kulturutøving saman med dei turbinane som står og går i dag, seier Stjern.
Demonstrantane utanfor OED har vore tydelege på at turbinane må ned.