Hopp til innhold

Ny forsking stadfestar at poteta har fått eit ufortent dårleg rykte

Finn ikkje samanheng med diabetes type 2.

En kvinne forsyner seg med julemat. Det er ribbe. Det blir servert akevitt og rødvin.

MED ELLER UTAN POTET? No står ei rekkje herleg julemat for tur. Men et du den med eller utan poteter?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Mange av dei tradisjonelle julemåltida blir gjerne serverte med poteter. Verken juleribba eller lutefisken hadde vel neppe vore det same utan?

Men grønsaka er ikkje vide kjend for å vere den aller sunnaste. Årsaka er at poteter består av ein god del stivelse. Denne stivelsen kan føre til auka blodsukker, og er kopla opp mot risiko for å utvikle diabetes type 2.

Det hjelper heller ikkje at lågkarbodiettar har auka i popularitet den siste tida.

Men no har forskarar sett Beate og Laila under lupa på nytt, og dei har komme fram til at det aller meste handlar om korleis ein lagar dei.

– I tidlegare studiar har poteta vore knytt til førekomst av diabetes, uavhengig av tilberedelse, men vi har funne at dette ikkje er rett. Det seier stipendiat Pratik Pokharel i ei pressemelding.

Les også Folk på bygda spiser minst frukt og grønt – i byen er man sunnere

Kosthald og sjukdom

Forskarane har teke utgangspunkt i dataa frå ein dansk studie som vart gjennomført mellom 1993–1997.

Den vart sett i gang for å undersøkje samanhengen mellom kosthald og førekomstar av ulike sjukdommar.

Meir enn 54.000 menneske rapporterte inn sitt eige matinntak i løpet av ein femårsperiode.

Og no har forskarar analysert desse dataa på nytt.

Resultata viser mellom anna at dei som åt mest grønsaker, hadde 21 prosent mindre risiko for å utvikle diabetes type 2.

Eter du kokt potet?

Les også Disse ungene bruker høstferien slik den opprinnelig var ment som

To barn sitter på knærne i potetåkeren, med to bøtter som de putter potet i.

Koke, mose eller steikje?

Både i Noreg og i Danmark er poteta ein gjengangar i kosthaldet. Og vi bruker han på mange ulike måtar.

Pratik Pokharel forklarer at dei i den nye studien hadde høvet til å skilje mellom dei ulike måtane å bruke poteta på.

– Når vi skilde kokte poteter frå potetmos og pommes frites, var ikkje grønsaka lenger knytt til høgare risiko for diabetes, seier stipendiaten.

Det handlar meir om dei underliggjande kosthaldsmønstera.

– I studien vår såg vi at menneske som konsumerte mykje potet, også åt meir smør, raudt kjøtt og drakk meir brus. Dette er mat som er kjend for å auke risikoen for diabetes type 2. Tek ein omsyn til dette, er ikkje lenger kokte poteter problemet.

Både pommes frites og potetmos er ofte blanda med andre usunne matvarer, som smør og fløyte, forklarer forskaren.

En uhet potet

Har denne fyren fått eit ufortent dårleg rykte?

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Derfor bør du ete grønsakene dine

Ifølgje forskarane viser den nye studien at grønsaker generelt kan spele ei nøkkelrolle i å redusere risikoen for diabetes.

Personar som åt mykje spinat, salat, brokkoli og blomkål hadde ein mykje lågare risiko.

Pokharel meiner denne samanhengen bør kommuniserast betre ut til folket. Og det same bør fordelane ved å ete poteter – så lenge ein ser bort frå smøret, olja og fløyten.

Likevel er det eit lite men.

– Når det gjeld poteter, kan vi ikkje seie at dei er fordelaktige når ein snakkar om diabetes type 2. Men dei gjer heller ingen skade, dersom dei blir laga på ein sunn måte. Poteter har fiber og andre næringsstoff som er bra for deg, seier forskaren.

Les også Tyr til brennevin viss han ikkje får selt meir potet

Potetbonde, Bernt Gran