Hopp til innhold

Tyr til brennevin viss han ikkje får selt meir potet

Poteten forsvinn frå fleire middagsbord rundt omkring i Norge. No er potetbønder redde for at det snart ikkje vil lønne seg å dyrke poteter.

Potetbonde, Bernt Gran

Bernt Gran er ein av to bønder som framleis dyrkar Ringerikspotet.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

– Det er ein dramatisk og betydeleg reduksjon i salet. Det er noko vi merkar kvar einaste sesong, seier Bernt Gran.

Han er éin av berre to bønder som framleis dyrkar Ringerikspotet, ein av Noregs eldste potetsortar.

– For nokre år sidan var vi mange, men no er vi faktisk berre to att, seier han.

Dei siste 25 åra har potetforbruket til nordmenn nesten halvert seg. Ned frå 29 kilo poteter per person i året i 1996, til 18 kilo i 2021. Det viser tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Ringerikspotet

Ringerikspoteta er ein av dei eldste potetsortane i Noreg.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Gran trur det er mange som tenker på poteta som litt gamaldags mat, og vel den bort til fordel for alternativ som pasta, ris eller quinoa.

– Kosthaldet i befolkninga har nok endra seg litt over tid. Det er ikkje noko vi får gjort med det.

Potet på brødskiva

Ein som ikkje har fjerna poteta frå dietten sin, er Runar Dannemark frå Sigdal. Han har ete potet kvar dag så lenge han kan hugse.

– Til middag er det alltid potet. Ein har jo pizza og ostesufflé som eg gjerne ikkje har potet til. Men det er ikkje middag i mine auge. Det er sånn mat ein heller kan kose seg med på laurdagskvelden.

Runar Dannemark

I hagen har han ein eigen liten potetåker, som han går og plukkar i for å gjere klart til middag.

Pannekaker og potet

I dag er det pannekaker på menyen.

Pannekaker og potet

Pannekakene har alltid det same tilbehøyret: Sukker, syltetøy og potet, sjølvsagt.

Pannekaker og potet

– Pannekakene blir ikkje dei same utan den poteta ved sidan av. Dei høyrer saman. Nett som kjøtkaker og saus høyrer saman, så høyrer pannekaker og potet saman.

– Eg synest det er synd at poteta har felt litt bort. Ris og pasta er sikkert bra det, men eg trur potetene tilfører noko godt i kosthaldet slik som grønsaker og andre ting som vi helst skal ha i maten, seier han.

Det er ikkje berre til middag Dannemark et potet. Den skal vere ein del av kveldsmaten òg.

Det blir gjerne kokt ekstra potet til middagen, slik at det er att noko til kvelds.

Når potetene har kjølt seg ned, skjer han dei opp i skiver og bruker dei som pålegg.

– Då er det heimelaga brød med potet, og så ein smørklatt oppå der igjen. Det er nydeleg, seier han.

Brødskive med potet og smør som pålegg.

Slik ser den faste kveldsmaten til Dannemark ut. Brødskive med potet og smør.

Foto: Anders Haualand / NRK

Ser på nye løysingar

Tilbake på Ringerike prøver potetbonden Gran å pønske ut nye måtar å få brukt potetene han dyrkar.

– Éi løysing er å lage sprit av ho, seier han.

I tillegg til potetene sine, har Gran nemleg også fått sett opp eit eige brenneri der han produserer brennevin.

Bernt Gran produserer brennevin.

Bernt Gran produserer mellom anna whisky med korn frå garden sin.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Spriten er ikkje laga av poteter, men av korn som han også dyrkar på garden. Men viss interessa for vanlege poteter held fram med å dale, kjem han til å bruke fleire av potetene til å produsere sprit.

– Det er berre eit spørsmål om tid. Å produsere brennevin på potet er litt meir utfordrande, men vi jobbar med saka.

Les også Derfor er kokt potet bedre for deg enn potetmos

Poteter (type Asterix) i en skål på et bord.

– Sunnare enn kvit ris og pasta

Sjølv om fleire nordmenn vel vekk poteta til fordel for andre alternativ, meiner Iselin Bogstrand Sagen, ernæringsrådgivar i Opplysningskontoret for frukt og grønt, at vi ikkje burde avskrive poteta heilt enno.

Iselin Bogstrand Sagen

Iselin Bogstrand Sagen, ernæringsrådgivar i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Foto: Marte Garmann / Frukt.no

– Poteta har fått eit urettferdig dårleg rykte. Den er sunnare enn både kvit ris og pasta, og er ei god kjelde til C-vitamin, kalium og fiber, seier Sagen, og legg til:

– Den har også nesten halvparten av kaloriane til ein porsjon med kvit ris eller pasta.

Ifølge Sagen vel fleire unge vekk poteta til fordel for pølser, pasta og pizza, men ho oppmodar heller til å finne nye måtar å bruke den tradisjonelle matplanten.

Les også La potetene få hovedrollen

Saltbakte poteter med rød og grønn dipp