Hopp til innhold

Helseplattformen: Held budsjettforslag hemmeleg

Fleire politikarar er kritisk til manglande openheit, og jusekspert meiner det truleg er ulovleg.

Bård Hoksrud

KRITISK: Stortingspolitikar Bård Hoksrud er redd for at budsjettet til Helseplattformen blir halde hemmeleg fordi det inneheld store kostnadsoverskridingar.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / NRK

Trondheim, St. Olavs hospital og ei rekkje kommunar i Midt-Noreg har teke i bruk det felles journalsystemet Helseplattformen. Målet er saumlaus dialog om pasienten mellom alle aktørar i helsevesenet i Midt-Noreg.

Innføringa har blitt utsett fleire gongar og det er førebels usikkert kva desse utsetjingane vil koste.

Kostnadane i år er også uklare for offentlegheita fordi selskapet har valt å halde budsjettforslaget hemmeleg. Det får politikarar til å reagere.

– Det at ein gjer unntak for ting gjer det meir mistenkjeleg enn dersom ein hadde vore open, seier stortingspolitikar Bård Hoksrud (Frp).

Jussekspert Jon Christian Fløysvik Nordrum ved Universitetet i Oslo, seier det ikkje er vanleg at offentlege verksemder gjer unntak for budsjetta sine frå offentlegheita.

– Vi veit av erfaring at det ofte er slik at det nettopp er når offentlege organ eller selskap motset seg innsyn, at det er veldig god grunn til at offentlegheita får innsyn.

Viser til interne omsyn

Som hovudprinsipp er alle offentlege dokument opne for offentlegheita. Men offentleglova gir også verksemder nokre høve til å halde dokument og informasjon unna offentleg innsyn.

Helseplattformen viser på sine sider til at budsjettforslaget må haldast hemmeleg fordi det er påkravd av omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av økonomi-, lønns- eller personalforvaltning.

NRK har også søkt om innsyn i budsjettforslaget, men kommunikasjonssjef Sigrun Berge Engen svarar at budsjettforslaget for 2023 i utgangspunktet er «organinternt».

Per Magne Reitbakken, økonomidirektør i Helseplattformen, seier det ikkje er vedteke noko budsjett for 2023. Budsjettforslaget er organinternt, fram til endeleg budsjett er vedteke.

Dette fordi budsjettprosessen involverer eigarar, kundar og framtidige kundar av Helseplattformen. Det endelege budsjettet skal vedtakast på styremøte i mars.

Styremøte Helseplattformen

Bildet er henta frå Helseplattformens styreportal.

Foto: Helseplattformen AS

Fryktar økonomisk bombe

Hoksrud viser til at Helseplattformen, eigd av Helse Midt-Noreg, Trondheim og ei rekkje andre kommunar, er eit offentleg selskap og dermed bør vere ope – særleg om kostnader.

Kostnadsramma for prosjektet er 3,8 milliardar kroner. Men Helse Midt trur ekstrakostnadene kan bli over ein halv milliard kroner, som følgje av utsetjingane.

Stortingspolitikaren fryktar at budsjettet inneheld ei stor ekstrarekning, og at dette er grunnen til at budsjettet for i år ikkje er ope.

– Det kan bety at det ligg ei økonomisk bombe i det som ein ikkje ønsker å fortelje om og som ein ønskjer å skyve framfor seg, seier Hoksrud.

Les også Åpner tilsyn mot St. Olav: – Helseplattformen kan ha gått ut over liv og helse

Fylkeslege Jan Vaage i Trøndelag

Kritisk til konsulentkostnader

Hoksrud har nyleg bede helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) om å gjere greie for konsulentkostnader i Helseplattformen.

I samband med innføringa på St. Olav vart 300 amerikanarar floge inn for å hjelpe, og Hoksrud bad Kjerkol dele kostnaden av dette.

Kjerkol svarer Hoksrud at Helse-Midt, altså ein av hovudeigarane av Helseplattformen, har fått ein faktura på 2,1 millionar kroner for dette, men at det framleis står att noko fakturering.

Kjerkol svarte også at 45 prosent av bemanninga i Helseplattformen er innleigd. Halvparten av desse frå helsevesenet i Midt-Noreg.

– Det er interessant når vi har ei regjering som seier vi ikkje skal bruke konsulentar, så ser ein at Helseplattformen bruker mykje pengar på dette, seier Hoksrud.

– Fekk du svar på det du lurte på?

– Eg fekk definitivt ikkje svar. Ein pratar om prosent, og det skjønner eg er meir komfortabelt enn å prate om kva dette betyr i kroner og øre, seier Hoksrud.

Fører til spekulasjonar

Stortingspolitikar André Skjelstad (V) er også kritisk til Helseplattformens manglande openheit rundt budsjettet.

I januar stilte han spørsmål til Kjerkol om kva ho synest om at budsjettet for i år er hemmeleg.

Kjerkol svarer kort at det er verksemda sjølv som må vurdere om dei kan halde dokument vekke frå innsyn.

– Det er nødvendig å ha alt på bordet slik at det ikkje er noko som skaper ekstra uvisse, seier Skjelstad.

Han meiner dette påverkar tilliten til Helseplattformen og fører til spekulasjonar.

– Men kan det ikkje vere gode grunnar til at Helseplattformen vil halde budsjettet for seg sjølv inntil vidare?

– Det er eit heileigd offentleg selskap. Det er ikkje noko personleg sensitiv informasjon, dei har ikkje noko konkurranseutsett på noko konkurrerande, tilsvarande føretak, så eg klarer ikkje å sjå at det kan vere nokre gode grunnar til å halde tilbake dette frå offentlegheita, seier Skjelstad.

André N. Skjelstad
Foto: Stortinget / Stortinget

Jussekspert: Skal vere høg terskel

Jon Christian Fløysvik Nordrum er førsteamanuensis på Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo. Han seier innsyn i budsjett til offentlege verksemder er viktig for moglegheita til å forstå og føre kontroll med offentleg bruk av pengar.

– Kor gode grunnar må ein ha for å halde eit budsjett hemmeleg?

– Eit budsjett kan få fritak frå offentleg innsyn av omsyn til forhandlingsposisjonen til det offentlege. Men terskelen er veldig høg, det må vere «påkrevd» – det må vere ein konkret fare for at innsyn kan forverre forhandlingsposisjonen og skaden må vere av eit viss omfang, seier Fløysvik Nordrum.

Fløyvik Nordrum påpeikar at det gjeld anten det er snakk om eit budsjett eller førebels budsjett.

– Dette er ei sak med stor offentleg interesse. Gjer det at kravet om openheit blir skjerpa?

– Ja, ein kan enkelt seie det slik at jo viktigare, meir kontroversiell og jo større offentleg interesse det er om ei sak, desto større grunn er det til å gi innsyn, seier forskaren.

Les også Pasient døde av slag: Fylkeslege kobler dødsfallet til Helseplattformen

St. Olavs hospital

Kan neppe grunngi fullstendig innsynsnekt

– Ut frå forståinga di, ser det ut til at ei verksemd som Helseplattformen kan halde budsjettet sitt for 2023 unna offentlegheita?

– Slik eg forstår Helseplattformen si verksemd, og ut frå kva det sjølv påkallar, er det i tilfelle omsynet til forhandlingsposisjonen til det offentlege som måtte vere grunnlaget for å nekte innsyn. Men det er vanskeleg å forstå at det skulle kunne grunngi å nekte innsyn i eit budsjett for inneverande år, seier Fløysvik Nordrum.

Jon Christian Fløysvik Nordrum

Jon Christian Fløysvik Nordrum er førsteamanuensis på institutt for offentleg rett ved UiO. Han seier det skal svært gode grunnar til å halde eit budsjett i ei offentleg bedrift skjult.

Foto: UiO

Jusseksperten seier det truleg er ulovleg at Helseplattformen held heile budsjettforslaget unna offentlegheita.

– Ei moglegheit er at dei meiner at det er påkrevd fordi det gjeldande budsjettet kan gi opplysningar som kan svekkje ein framtidig forhandlingsposisjon. Eg vurderer det omgåande slik at det i tilfelle er ein for avleidd og hypotetisk konsekvens til at det kan gjere det påkrevd å nekte innsyn no. Det må i alle fall grunngivast godt og kan uansett neppe grunngi innsynsnekt i heile dokumentet.

Les også Helseplattformen: Pasientinfo fra sykehuset er uleselig for fastlegene

Epikrise fra St. Olav

Gjort juridiske vurderingar

Per Magne Reitbakken, økonomidirektør i Helseplattformen, seier Helseplattformen har rådført seg om det juridiske.

– Vi har fått ei vurdering knytt til at så lenge budsjettforslag er eit arbeidsdokument eller eit dokument over tid, så oppfattar vi at det er eit organinternt dokument og ein organintern prosess og at offentleggjering vil skje når det er gjort vedtak i budsjettet.

– Jusseksperten vi har prata med seier det truleg er ulovleg at Helseplattformen held heile det førebelse budsjettet unna offentlegheita. Kva tenkjer du om det?

– Vi har forhøyrt oss med dei juridiske rådgivarane våre, så eg vil ikkje gå inn og gjere spekulasjonar i forhold til dei juridiske vurderingane som ligg føre, dei må stå på eigne bein. Det kan ikkje eg gå inn og overprøve, seier Reitbakken.

Les også Tillitsvalde ved St. Olav melder om enorm belastning: Fleire legar vurderer å slutte

Nevrosenteret, St. Olavs hospital

Ingen økonomiske bomber

Reitbakken seier det ikkje ligg nokre økonomiske bomber i budsjettet, slik Hoksrud fryktar.

Han påpeikar at Helseplattformen har gode økonomiske prognosar godt fram i tid for dei viktigaste prosessane.

– Rammene for både bygginga, innføringa og drift av Helseplattformen er gitt og vi har heile tida operert innanfor gitte økonomiske rammer, seier Reitbakken.

Grunnen til at Helseplattformen ikkje eit vedteke budsjett for dette året, er at det har teke tid å få avklart kostnader knytt til utsetjingane i Helse Nord-Trøndelag og Helse Møre og Romsdal. Desse kostnadene har no vorte avklarte i det regionale helseføretaket, og dermed skal budsjettet behandlast i mars, seier Reitbakken.

– Etter det vil vi leggje ut budsjettet som eit offentleg dokument for alt vi meiner kan offentleggjerast, seier Reitbakken.

Les også Fagekspert trakk seg fra Helseplattformen: – Vil ikke ha det på samvittigheten

Martin Altreuther St. Olav