Hopp til innhold

Tillitsvalde ved St. Olav melder om enorm belastning: Fleire legar vurderer å slutte

Kvar dag fryktar overlegen for tryggleiken til pasientane. No krev ho at sjukehuset stoppar innføringa av Helseplattformen.

Nevrosenteret, St. Olavs hospital

UTSLITNE: Tillitsvalde er bekymra for dei tilsette som opplever høg arbeidsbelastning etter innføring av Helseplattformen.

Foto: Erland Knutsen / NRK

St. Olav er inne i si femte veke etter innføringa av Helseplattformen. Då sjukehuset vedtok å innføre det nye journalsystemet, la leiinga til grunn at sjukehuset skulle vere tilbake i normal drift etter fire veker.

Det er dei ikkje. Problema i systemet er store:

  • Tilvisingar og epikrisar kjem ikkje dit dei skal
  • Systemet gjer det vanskeleg å handtere legemiddel
  • Systemet skaper tungvint jobbing for legar, sekretærar og tilsette ved fleire avdelingar
  • Kritiske feil for dei som jobbar med radiologi-undersøkingar
  • Det blir meldt inn fleire nye feil enn Helseplattformen klarer å løyse

Dette er nokre av konsekvensane det får på sjukehuset:

– Kvar dag på jobb fryktar eg at eg skal gjere eller ikkje gjere noko slik at pasientar tek skade eller i verste fall døyr.

Det seier Monica Engstrøm. Ho er tillitsvald for overlegane ved kirurgisk avdeling på sjukehuset.

Les også Sjukehusdirektøren: – Vi kan ikkje halde fram med å drive som vi gjer no

St. Olav

Fryktar dødsfall

Engstrøm har nyleg sendt eit brev til styret i Helse Midt og St. Olav. Der gir ho uttrykk for ei djup bekymring med tanke på tryggleiken til pasientane, etter at Helseplattformen vart innført.

– Eg er redd kvar einaste dag, seier Engstrøm.

«Eg er over 50 år, og har vore lege i halvparten av livet mitt. Eg liker å tenkje på meg sjølv som ein erfaren, trygg og omsorgsfull lege. Det har eg vore fram til no. No er tryggleiken borte», skriv den tillitsvalde til leiinga.

Ho meiner pasientar kan døy dersom problem med Helseplattformen fører til at pasientar ikkje får behandling når dei skal. Utfordringar med legemiddelhandtering bekymrar også:

– Får pasienten feil legemiddeldose så er det farleg, seier ho.

Overlege Monica Engstrøm ved kirurgisk avdeling på St. Olavs hospital

Monica Engstrøm er tillitsvald for overlegane ved kirurgisk avdeling på St. Olav.

Foto: Morten Andersen / NRK

Mange bekymra

Og Engstrøm er langt frå åleine om å vere bekymra.

I ei undersøking legeforeiningane sjølv har utført, kjem det tydeleg fram at ein stor majoritet opplever at Helseplattformen gir utfordringar for effektivitet, pasienttryggleik, ventetider og kvalitet.

819 tilsette ved St. Olavs hospital, hovudsakleg legar, har svart på undersøkinga, og her er nokre av funna:

  • Av dei 540 overlegane som har svart, er 297 «i stor grad» bekymra for at overgangen til Helseplattformen medfører at dei gjer feil i pasientbehandlinga
  • Dei fleste av dei spurde meiner at pasienttryggleiken er trua
  • 264 av overlegane trur det vil ta lengre enn seks månader før eininga deira er tilbake i full aktivitet
  • 350 overlegar svarer at dei opplever å bli ein dårlegare lege med Helseplattformen
  • 353 av overlegane trur ikkje at journalsystemet blir eit godt arbeidsverktøy på sikt
  • Til saman er det 239 overlegar som etter innføringa leitar aktivt etter ny jobb, vurderer å byte jobb eller vurderer å pensjonere seg tidlegare enn planlagt

Krev reversering

Engstrøm meiner fokuset til sjukehuset på feilretting er ein mislykka strategi, som berre vil føre til pasientskadar, auka utgifter og utslitne tilsette.

Det einaste rette er å stoppe innføringa og gå tilbake til det gamle systemet Doculive, ifølgje den tillitsvalde.

– Det er fullt mogleg å gå tilbake. Det blir sagt at det er gammaldags, men det er verkeleg Epic sitt system òg, seier den tillitsvalde.

– Du er ein overlege av veldig mange. Veit du om du har brei støtte for eit slikt krav?

– Eg har brei støtte hos dei eg er tillitsvald for. Eg har diskutert mykje med legar på heile huset og eg har til gode å møte nokon som er fornøgde og kjenner seg tryggje etter innføringa, seier Engstrøm.

Monica Engstrøm Mie Cappelen Skovholt

Engstrøm er svært bekymra for pasienttryggleiken etter innføring.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Du vil tilbake til det gamle systemet, men det er jo sagt av leiinga at det ikkje er mogleg. Kva er det som gjer at du trur det er mogleg å gå tilbake til det gamle systemet?

– Systemet er der. Vi har seks sjukehus i regionen, dei fem andre bruker dei gamle systema og dei fungerer. Det er ingen grunn til å tru at vi ikkje kan tilbake til det, seier ho.

Helse Midt-Norge ønskjer ikkje å stille til intervju onsdag.

Tor Harald Haukås er kommunikasjonsdirektør i Helse-Midt. Han skriv til NRK at styret vil få statusrapport frå St. Olav torsdag. Dei ventar derfor med å kommentere saka.

NRK har også sendt spørsmål til Helseplattformen knytt til feilretting og dato for når kritiske feil vil vere retta opp i. Dei stiller ikkje til intervju.

Styreleiar Helge Garåsen seier Helseplattformen kan svare torsdag, etter felles møte med St. Olavs hospital.

Les også Får ikke sin faste behandling mot migrene på grunn av Helseplattformen

Hege Christin Samdahl

Redd for utslitne tilsette

Sjukehusleiinga kartlegg kvar månad dei største risikoane for drifta. I desember er høgt arbeidsfråvær på grunn av slitne tilsette vurdert som ein stor risiko.

«4 veker etter innføringa blir det no registrert ein trøyttleik i organisasjonen då ein opplever at det tek for lang tid å rette feil og forbetre arbeidsflytar» står det i styrepapira.

Vivi Bakkeheim, føretakstillitsvald i legeforeininga, seier belastninga på dei tilsette er veldig høg etter innføringa. Brot på arbeidstidsreglane er stor.

– Det er mykje bruk av overtid og brot på vernereglane, mykje meir enn det eg har sett før.

– Når ting ikkje blir løyst, er det veldig frustrerande for tilsette og urovekkjande for pasienttryggleiken, seier Bakkeheim.

Vivi Bakkeheim

Vivi Bakkeheim er føretakstillitsvald i legeforeininga. Ho er seier tilsette opplever ei stor belastning.

Foto: Privat

– Det er store arbeidstidsavvik, og ein uoversiktleg situasjon som bidreg til enorm belastning og helserisiko, seier Lindy Jarosch-von Schweder, konserntillitsvald for Akademikerne i Helse Midt-Norge.

Det har ikkje lykkast NRK i å få intervju med leiinga ved St. Olavs hospital.

Les også To uker etter innføring på St. Olav: – Kommer til å ta knekken på oss

Susan Deane