Hopp til innhold

Lovande funn om HPV-vaksine: Oppmodar vaksne til å ta han

Ein ny studie frå Skottland konkluderer med at HPV-vaksinen er svært effektiv i å hindra utvikling av livmorhalskreft.

En kvinne får en sprøyte med HPV-vaksine på St. Hanshaugen helsestasjon

FUNGERER: HPV-vaksinen vernar både gutar og jenter mot kreft.

Foto: NTB

Me har høyrt skrekkhistoriene, og mange av dei har enda i svært tragiske utfall. Unge kvinner i Noreg som døyr av livmorhalskreft.

Men i fjor kom ei god nyheit. Då vart det kjent at HPV-vaksinen har hatt god effekt. For i 2022 var det ingen tilfelle av livmorhalskreft blant norske 25-åringar.

Og no stadfestar ein ny studie dei gode resultata.

For i Skottland har ein følgt eit større kull vaksinerte kvinner, der oppfølgingstida varer lengre enn i Noreg. Og heller ikkje her har ein funne nokon krefttilfelle.

Les også Livmorhalskreft: Norge er verst i Norden

Celleprøve fra livmorhalsen som viser forstadier til livmorhalskreft.

– Funna i studien frå Skottland styrker dei dataa me har sett i Noreg.

Det seier Sveinung Sørbye til NRK. Han er overlege i klinisk patologi ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg.

No oppmodar han også vaksne til å ta den viktige vaksinen.

Starta i 2008

Dei unge kvinnene som er med i studien frå Skottland, vart første gong vaksinerte i 2008. Då var dei 12–13 år gamle. No er dei fullvaksinerte, og forskarane meiner resultata lovar svært godt.

– Saman med regelmessig screening for tidleg oppdaging og behandling, er det mogeleg å gjera dette til ein sjeldan sjukdom, seier dr. Kirsty Roy til BBC News.

Ho er konsulent i helsevern ved Public health Scotland og ein av forfattarane av studien.

Les også Berit er en av mange som blir rammet: – Hver eneste feil som blir gjort, er én for mye

Berit Skralthaug på sykehuset

Ho får støtte av kollega, dr. Claire Cameron, som trur det er mogeleg å eliminera kreftsjukdommen heilt.

Cameron oppmodar alle det måtte gjelda til å ta imot tilbodet om gratis HPV-vaksine.

Vaksinen, som no gutar også får tilbod om, bidreg i tillegg til å verna mot andre HPV-relaterte kreftformer seinare i livet, forklarer forskarane.

Ei oppmoding

Akkurat no blir over 300 kvinner i Noreg diagnostisert med livmorhalskreft kvart år.

Men berekningar antydar at dette talet kan reduserast til under 100 tilfelle årleg innan 2039.

Ifølgje overlege Sveinung Sørbye er motstanden mot å vaksinera seg i Noreg låg. Dekninga ligg på omtrent 90 prosent blant jenter og gutar i 7. klasse.

– Likevel er det ei skuffande låg oppslutning om vaksinasjon blant vaksne. Dette kjem delvis av kostnadene, men først og fremst ein mangel på kunnskap om at vaksinen også kan vera til nytte for denne gruppa, seier Sørbye.

HPV-vaksin er mest relevant for personar under 45 år, da den primært hindrar seinare smitte. Det er likevel viktig å vurdere HPV-vaksinen også for vaksne i alderen 40–50 år. Dette kan minske antalet infeksjonar i befolkninga, ifølgje overlegen.

Han meiner denne mangelen på informasjon bør adresserast for å oppnå høgare dekning av vaksinasjon.

Overlege ved UNN, Sveinung Sørbye.

Overlege ved UNN, Sveinung Wergeland Sørbye.

Foto: Universitetssykehuset Nord-Norge

Sjekk deg uansett!

Sjølv om resultata viser at HPV-vaksinen vernar mot mange av dei ulike virusa som forårsakar kreft, vernar den oss ikkje mot alle kreftvariantar.

Derfor understrekar forskarane at det uansett er viktig at ein går til regelmessige undersøkingar.

For ved hjelp av screening kan ein finna endringar i cellene i livmorhalsen sjølv om ein kjenner seg frisk og ikkje har teikn til symptom.

Viss desse endringane blir oppdaga på eit tidleg stadium, er dei mykje lettare å behandla, åtvarar forskarane.

Les også Forskere mener vi kan utrydde livmorhalskreft i løpet av ti år

HPV-virus som kan føre til livmorhalskreft. Forskere ved kreftregisteret foreslår nå en rekke tiltak for å utrydde HPV-viruset og livmorhalskreft innen 2033.