«Astma, astma ger oss nya gull, astma, astma proppa lungan full. Heja, heja, heja. #ol2018 #os», skriv ein svensk Twitter-brukar etter at dei norske langrennsherrane tapetserte pallen på 30 kilometer med skibyte.
Då Simen Hegstad Krüger tok gullet, følgt av Martin Johnsrud Sundby og Hans Christer Holund, enda Marcus Hellner på 12.-plass som beste svenske, heile 44,8 sekund bak.
Calle Halfvarsson måtte bryte.
Etter at Charlotte Kalla triumferte på kvinnesida laurdag, meinte Holund at meir svensk jubel hadde blitt for mykje.
– Viktig, Noreg skal vere betre enn Sverige i vintersport, sa bronsemedaljøren til svenske Expressen etter løpet.
Etterlyst: Calle
Aftonbladets kommentator Petra Thorén beint fram etterlyser Halfvarsson. Ho meiner dei norske løparane baud på manndom og mot, medan det heile blei ein stor nedtur for det kanskje største svenske håpet.
– Spørsmålet er når Calle Halfvarsson skal klare å ta steget, skriv Thorén i ein kommentar.
Thomas Pettersson i Expressen hadde håpa på ein Halfvarsson i OL-form, men fryktar no ein svært mørk meisterskap for dei svenske herrane.
– Halfvarsson er nøkkelpersonen i stafettlaget. Halfvarsson er nøkkelperson i sprintstafettlaget. Halfvarsson er det soleklart største medaljehåpet til og med i individuell sprint, skriv Pettersson.
Det svenske håpet braut etter ei dryg mil på 30-kilometeren søndag.
Harselas med astmamedisinering
Det svenske publikummet såg like mykje mot det norske medisinlageret som til Halfvarsson.
I forkant av OL kunne NRK fortelje at Olympiatoppen har sendt over 6000 dosar astmamedisin til Pyeongchang.
Det har både svenske medium og det svenske publikummet fått med seg. Etter løpet søndag var det mykje harselas og mange spørsmål rundt norsk medisinering:
Éin svenske valde å lage ein ny pall der dei norske utøvarane er bytta ut med tre utgåver astmamedisin – som vi ser på bildet øvst i denne saka.
Kommentator: – Avsporing
Sjølv om fleire har ein god porsjon humor i spørsmåla om astmamedisinering, er det fleire i Sverige som har reagert på den norske medisineringa.
VG-kommentator Leif Welhaven meiner det ligg i naturen til svenske aviser å ikkje unne Noreg suksess.
– Diskusjonen rundt medisinering i Noreg er interessant, og har halde på lenge, men akkurat i dag er det ei retorisk avsporing. Ein ønskjer ikkje at Noreg skal vinne, og då prøver ein kanskje å avspore nyheitsbildet akkurat no, trur Welhaven.
– Det er ikkje slik at temaet er irrelevant på nokon som helst måte, men det er ingen grunn til at den diskusjonen skal legge ein dempar på medaljegleda, held kommentatoren fram.
Til opplysing: etter det NRK kjenner til er det berre Martin Johnsrud Sundby som tidvis treng astmamedisin av medaljevinnarane. Astmadiagnosen har Sundby hatt sidan han var barn. Før jul sa han til NRK at han sjeldan har kontroll på helsa.
Sundby blei suspendert i to månader i 2016 fordi han brukte lovleg astmamedisin feil. Han sa i fjor vår at suspensjonen blei ein vekkar.
- Les også:
- Les også: