Hopp til innhold

To ras tok bilen

– Berre flaks hindra at menneskeliv ikkje gjekk tapt, ifølgje Vegvesenet. Folk frå Suldal kjenner seg utrygge på vegane.

Skred tok bil

Ein bilførar kom seg uskadd frå det etter at to ras tok bilen hans.

Foto: Odd Iversen / Vegvesenet

Det var på riksveg 13 mellom Sand og Jelsa i Rogaland måndag føremiddag at ein bil med førar hamna i to ras.

– Heldigvis gjekk det ikkje liv, men når du ser på bilen trur eg du kan konstatera at føraren har vore utruleg heldig, seier byggjeleiar Einar Stange i Statens Vegvesen.

Han har hatt ei travel helg med svært mange ras og stengde vegar.

Sjåføren av bilen seier at han var oppskaka etter hendinga til NRK.no.

Arbeidskollegaen hans Egil Aarthun er glad at det gjekk som det gjekk. Han seier at suldølane er redde når dei køyrer på dei mange rasutsette strekningane:

– Me kjenner oss ikkje trygge når me ser det ligg steinar i vegbanen, og ofte sparkar folk steinane vekk framføre å melda det inn, seier Aarthun.

Bil tatt av ras

Sjåføren er oppskaka etter bilen blei tatt av ras.

Foto: Svein Morten Hagen / NRK

Han trur derfor at Vegvesenet ikkje har den fulle oversikta over situasjonen.