Hopp til innhold

På torsdag kjem sommaren til Sør-Noreg

Sommaren kjem på besøk til Sør-Noreg mot slutten av veka. Det er venta over 20 grader fleire stader.

På festplassen i Bergen slapper folk av foran LilleLungeren sol fra nesten skyfri himmel.

SOMMAR: Mot slutten av veka er det venta sommartemperaturar i Sør-Noreg.

Foto: Ann-Kristin Loodtz / AnnKristin Loodtz

Etter låge temperaturar førre veke, kjem endeleg sommaren på besøk til Sør-Noreg.

I løpet a veka bygger eit høgtrykk seg opp over Sør-Noreg, som vil gi meir stabilt og tørrare vêr.

Inn mot helga blir det også litt varmare.

Spesielt torsdag og fredag blir bra. Då får vi nok fort temperaturar over 20 grader enkelte stader, seier meteorolog Ingvild Villa.

Det er venta over 20 grader på både på Vestlandet og Austlandet.

Vår

Våren er i anmarsj mange stader i landet.

Foto: Christian Nygaard-Monsen

I Trøndelag og Møre og Romsdal skal det bli litt meir varierande skydekke, men temperaturane kan bli opp mot 18 grader.

Det er jo absolutt noko som minner om sommar der òg, seier Villa.

Les også Over 600 lyn i natt: – Mye mer lyn enn det jeg har opplevd tidligere

Lynnedslag over Sørlandet natt til mandag 29. april

Kjøligare neste veke

April har bydd på mykje ulik vêr, med både varme og kalde temperaturane.

Ifølge meteorologen er det vanleg med store kontrastar i vårmånadane.

– At vi får ein forsmak på sommaren i april og starten av mai, er ikkje uvanlege. Og så kan det fort gå tilbake til litt kjøligare og meir vårleg stemning igjen, seier Villa.

Og kjøligare vêr kan det bli allereie neste veke

Sol i Trøndelag

Vêret er meir usikkert neste veke.

Det begynner å bli litt usikkert når vi bevegar oss mot slutten av veka. Slik det ser ut no, er det ut denne veka det hovudsakleg bli fint vêr.

Starten av neste veke kan bli litt kjøligare, men neste veke er framleis litt usikkert

Og så blir det litt kjøligare i starten av neste veke. Men usikkerheita er litt stor etter kvart som vi bevegar oss inn i neste veke.

Gråvêr i nord

I Nord-Noreg er det venta litt meir vekslande vêret.

Det har vore veldig fint i store delar av Nord-Noreg nå i dei siste dagane, men i løpet av måndag og tysdag er det venta litt nedbør frå sør.

Utover veka blir det meir skyer og gråvêr.

– Vêret skal vere litt på det jamne. Ikkje noko spesielt mykje vind eller nedbør, men ikkje noko fint vêr heller, seier meteorologen.

Unntaket er heilt sør i Nordland, der det kan bli opp mot 15 grader.

– Tysdag og onsdag ser best ut for dei.

Les også Her vet ikke turistene at de er i livsfare: – De står i løse lufta

Skiturister står ytterst på det de tror er kanten av fjellet, men som faktisk bare er en snøskavl.